Persona 5 er kunngjort for PlayStation 3

Atlus avslørte fire Persona-spel under live-sending.

For omlag ein månad sidan fortalde den japanske utviklaren Atlus at dei ville kome med ei stor kunngjering i dag 24. november. Etter ei 72 timar lang nedtelling som gradvis avslørte små hint om kva som var i gjere var det omsider tid for å avsløre kva dei har jobba med den siste tide.

Dei som følgde med på nedtellinga fekk løn for tolmodet sidan Atlus omsider kunngjorde Persona 5 for PlayStation 3. Den einaste informasjonen dei har gjeve om spelet er at det blir regissert av Katsura Hashino som tidlegare har stått bak Persona 3, Persona 4 og Shin Megami Tensei: Lucifer's Call. Spelet vil bli lansert i Japan neste vinter. Ingen skjermbilete blei vist fram.

Fire ny Persona-spel

Persona Q: Shadow of the Labyrinth byr på Chibi-figurar.

Persona 5 var ikkje det einaste Persona-spelet som blei kunngjort i dag. I tillegg til det femte nummererte spelet i rollespelserien starta Atlus med å vise fram tre andre spel som svært få kunne forutsjå.

Det første spelet som blei vist fram er Persona Q: Shadow of the Labyrinth for 3DS. I dette spelet møter vi personar frå både Persona 3 og Persona 4, og i staden for den visuelle stilen vi kjenner frå andre Persona-spel, blir dette spelet presentert med figurar i Chibi-stil. Det vil seie lettare deformerte figurar som ser meir ut som born enn som vaksne folk. Spelet blir regissert av Etrian Odyssey-regissør Daisuke Kaneda.

Etter denne kunngjeringa viste Atlus fram Persona 4: Ultimate Duplex Hold. Dette spelet er ein oppfølgjar til slåssespelet Persona 4: Arena som blei lansert i Europa tidlegare i år.

Den mest uventa kunngjeringa var utvilsamt PS Vita-spelet Persona 4: Dancing All Night. Som du kanskje ser av namnet er ikkje dette eit vanleg Persona-spel. Dette blir eit dansespel servert av Hatsune Miku-utviklarane hos Dingo.

Om nokon av desse spela kjem til Europa veit vi ingenting om heilt enno.

Siste fra forsiden