Persona-slåssespel har fått dato

Etter mykje om og men kjem endeleg kamphanane til Europa.

Det er nesten eit år sidan Persona 4 Arena blei lansert i statane. I tida som har gått sidan då har det vore svært stille rundt ei eventuell lansering i Europa. Seine lanseringar i Europa er ikkje alltid problematisk i og med at PlayStation 3-spel av natur er sonefrie, men i Persona 4 Arenas tilfelle blei spelet låst til USA. Å importere spelet har difor vore uaktuelt, noko som har frustrert fansen endelaust.

I januar kom dei første konkrete håpa om at ei lansering ikkje var langt unna. Då fortalde den europeiske utgjevaren at dei hadde motteke kopiar av spelet, og berre venta på sertifisering.

Ingenting slår ein solid finger.

Den prosessen er no over, og via Eurogamer får vi vite at Persona 4 Arena har fått lanseringsdatoen 10. mai.

Persona 4 Arena er eit slåssespel i det populære Persona-universet. Det er utvikla av Arc System Works som er beste kjende for BlazBlue-serien. Vi får velje mellom mange ulike figurar frå Persona-universet, og sende dei i kamp mot kvarandre. Det heile er presentert med lekker 2D-grafikk.

Arena er ikkje det einaste Persona-spelet som har fått europeisk lansering i år. I februar kom Persona 4 Golden til PS Vita. Dette er ein oppussa versjon av PlayStation 2-spelet Persona 4, og du kan lese våre positive førsteinntrykk her.

Persona 4 Arena kjem i sal for Xbox 360 og PlayStation 3 10. mai.

Les også: Anmeldelse: BlazBlue: Calamity Trigger Les også: Nedgangstid for slåssespela

Siste fra forsiden