Anmeldelse

Peter Jackson's King Kong

Peter Jackson og Ubisoft prøvar å skrive om historia om spelmatiseringar av filmar, og får det nesten til.

Side 1
Side 2

Drep eller bli drept
I King Kong er det ein funksjonabel næringskjede oppe og går. For deg vil dette sei at du kan lokke vekk skapningane på øya. Har du eit spyd kan du spidde små dyr som amfibier eller enorme insekt, og kaste desse mot meir fiendtlege beist. Dette får dei til å springe mot byttet, og gir deg rom for å snike deg forbi. Det er likevel litt rart at dei umiddelbart følgjer slikt bytte, til og med om dei allereie har angripe deg. Ein anna metode du kan bruke er å tenne på gras. Det er ein del gras og busker i spelet, og mange av desse kan du brenne ned. Enten for å rydde veg, eller for å fange farlege beist i flammane. Du kan kombinere fleire strategiar her. Kast eit bytte inn i eit kratt, dinosaurane spring etter, og du kastar eit brennande spyd mot dei. Det er ganske kort prosess, og det fungerar veldig tilfredstillande.

Det er slike oppgåver du gjerne blir stilt ovanfor i King Kong. Kom deg frå A til B i levande live. Det er veldig moro første gong du gjer det, du innbiller deg at du er midt inne i ein svær og farleg jungel, og at du verkeleg må tenke for å kome deg vidare. Dette synspunktet forandrar seg dessverre over tid. Etter kvart innser du at det ofte er akkurat det same om igjen, og om igjen, og dessverre, om igjen ein gong til. Akkurat dette er ikkje så moro. Områda ser kanskje forskjellige ut, men det er umiddelbart klart kva som må til for å kome seg vidare. Det hjelp heller ikkje at spelet er brutalt lineært. Det er ikkje så rart i og med at det er basert på ein film, men det er banalt lite rom for å gjere ting forskjellig gong til gong. Det blir direkte kjedeleg å spele det om igjen til tider.

Gi meg eit nøkkelkort for svarte
Ein anna ting som kan gi tresmak i bakenden er dørene du møter på her og der. Alt for ofte må du åpne dører. Og kvar gong er det to pålar med handtak som skal roterast. Kvar gong manglar det også eit handtak, og kvar gong må du finne dette. Høyrest det kjedeleg ut? Jo takk, det er kjedeleg. Eg kunne kjenne hjarte synke i meg kvar gong eg såg ei dør, og tenkte "ikkje no igjen". Det er veldig synd, for det er så mykje bra i spelet, at det er synd det skal bli øydelagt av slike kjedelege repetisjonar. Det ser nesten ut som om utviklarane har gått fullstendig tom for inspirasjon, og har bestemt seg for å berre fylle opp spelet med meir av det dei allereie har. Einaste forskjell er at der du først møter ein enorm dinosaur, møter du neste gong to, og siste gong tre.

Dette viser seg også når du spelar som Kong i eigen person. Den enorme goriallen må også gjere det same veldig mange gongar. Du kjem til ein stad, set frå deg Ann som du så kjærleg passar på, og knuser kjevane på nokre dinosaurar. Deretter må du løfte ein enorm stein, for så å springe og hoppe langs fjellveggar. Igjen, det er moro, det er underhaldande, og du får eit enormt kick første gong du kjenner kreftene i kvart slag på gorillaen, men det blir alt for uoppfinnsomt i lengda. Kong sitt kanskje litt for enkle kontrollsystem byr ikkje på mykje variasjon heller. Du trykker på ein eller to knappar i høgt tempo, og det er eigentleg alt. Ein har det temmeleg moro uansett, men einn lengtar likevel etter å kunne gjere noko meir, noko større, og noko betre.

Når det er sagt, King Kong har sine område der du faktisk må vere ganske kreativ. Og det har nokre brutale utfordringar som verkeleg får adrenalinet til å pumpe. Ein blir også veldig engasjert. Dette er i stor grad takka vere veldig godt handlingsforløp. Du kjem eigentleg ikkje så frykteleg godt inn i historia (du kjem nok til å kunne kose deg med filmen sjølv om rundar spelet), men du blir likevel engasjert nok til at du bryr deg om karakterane, og lurer på korleis det står til med dei andre på øya. At du faktisk trur på karakterane er i stor grad på grunn av fantastisk bra skodespel levert av samtlige skodespelarar frå filmen. Lyden og grafikken er på topp, og det er fint lite å utsette på det estetiske.

Konklusjon
Peter Jackson’s King Kong er eit dristig og vågalt spel der det søker etter å bryte ned grenser, og gjere noko heilt nytt. Det er eit fantastisk konsept, og det er godt gjennomført, men dessverre ikkje godt nok. Sjølv om King Kong er eit solid og underhaldande spel heile vegen gjennom, blir det dessverre litt for einsformig i lengda. Det er lett å gå litt lei av å gjere mykje av det same om igjen heile tida, og variasjonen er ikkje god nok. Med litt meir gjennomtenkt brettdesign kunne King Kong ha vore eit av dei viktigaste spela i år. Dessverre har du i essensen opplevd alt spelet har å by på i løpet av dei første timane, og resten blir repetisjon. Underhaldande og utfordrande repetisjon, men kom an, la oss få sjå litt meir av kva kreative folk som Michel Ansel og Peter Jackson kan få til. Vi veit dei kan.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden