Piñataene er tilbake

Dei supersøte skapningane av konfetti og papp er tilbake.

Microsoft og Krome Studios har kunngjort Viva Piñata: Party Animals. I dette spelet vil du kunne reise tilbake til den fargerike Piñata-øya for å ta del i øyas mest populære TV-show. Vi vil få møte gamle bekjentskap som Hudson Horstachio, Paulie Preztail, Franklin Fizzlybear og Fergy Fudgehog.

Skjermbilde frå Viva Piñata: Party Animals

I motsetning til Viva Piñata som kom til jul i fjor, vil du ikkje byggje hagar denne gongen, men i staden delta i ei rekke forskjellige konkurransar. Krome Studios som står for utviklinga, lover eit partyspel med over 40 forskjellige utfordringar. Du kan spele Viva Piñata: Party Animals saman med opp til tre vener, enten i sofakroken eller over Xbox Live.

Samtidig har Microsoft kunngjort at Climax Group vil utvikle det originale Viva Piñata til PC. Spelet blir utvikla for både Windows Vista og XP.

I Viva Piñata kan du byggje dine eigne hagar på ei fargerik øy. Ved å dyrke fram dei riktige plantene, og skape eit fristande økosystem, vil mange forskjellige Piñataer slå seg ned i hagen din. Du må i tillegg tenke på at forskjellige rasar kan kome i konflikt med kvarandre. Samtidig må du beskytte husdyra mot inntrengjarar. Spelet fekk respektable 8 av 10 i vår omtale.

Viva Piñata: Party Animals kjem til jul. Det er ikkje kunngjort nokon lanseringsdato for PC-versjonen av Viva Piñata.

Siste fra forsiden