Piratar i Assassin's Creed IV?

Ryktemølla er i full sving om framtida til Ubisofts storserie.

Tidlegare i månaden blei det klart at det neste spelet i Assassin's Creed-serien vil få ein heilt ny helt, samt at spelet vil gå føre seg i ein ny tidsperiode. Med det bryt Ubisoft sin eigen vesle tradisjon med å lage fleire spel basert på same person.

I dag har dei første potensielle detaljane rundt det komande spelet dukka opp. Først hadde Kotaku ein artikkel om promomateriale i form av plakatar som viser ein leigemordar i kjend stil på eit piratskip, med tittelen Assassin's Creed IV: Black Flag under. Desse plakatane skal angiveleg hengast opp i butikkar førstkomande måndag.

Første skjermbilete frå Assassin's Creed IV? (Bilete: Nicholas Gigante/Examiner.com)

Kort tid etter dukka det som kan vere det aller første skjermbiletet frå Assassin's Creed IV opp via Examiner. Biletet viser ikkje stort meir enn det som godt mogleg er den vande lasteskjermen frå serien, men vi ser tydeleg at det er ein ny hovudperson.

Examiner kjem samtidig med nokre detaljar om det påståtte spelet. Hovudpersonen blir Edward Kenway som er faren til Haytham Kenway frå Assassin's Creed III. Han er kaperfart – sjørøveri i regi av myndigheitene – leigemordar og tidvis pirat. Spelet vil etter sigande ta oss med til Det karibiske hav der vi blant anna får vitje øyene Jamaica, Cuba og Bahamas.

Spelet er i følgje Examine oppe og går på Xbox 360, men er i tillegg planlagt for neste generasjon.

Kva trur du om Assassin's Creed IV: Black Flag? Fleip eller fakta?

Les også: Hva er det Assassin's Creed-studioet sysler med? Les også: Anmeldelse: Assassin's Creed III: Liberation

Siste fra forsiden