Anmeldelse

Post Mortem

Busatt i Paris prøvar eks-kunstner Gus Macpherson så godt han kan å ordne seg i sin nye tilverelse. Livet hans tar i midlertid ein brå u-sving når den vakre og utfordrande Sophia Blake oppsøkjer han, og ber han finne ut kva som skjedde då søstra og svigerbroren hennar blei brutalt myrda på hotellrommet dei budde på.

Side 1
Side 2

Logisk og kreativt
Noko av det beste med Post Mortem er korleis alle dine val påverkar gangen i historia. Når du for første gong møter ein person vil du ha fleire måtar å introdusere deg på. Folk reagerar ulikt på kva du er, nokon hatar journalistar, andre blir fascinerte av tanken på å vere privatdetektiv. Ein person vil kanskje avvise deg om du seier du er detektiv, ein anna vil kanskje fortelje deg alt, og gi deg nyttig informasjon. Om du skulle bli avvist kan du alltids prøve å ro deg inn ved å seie du eigentleg er noko anna, men slikt kan ofte føre til at personen blir meir skeptisk til deg, og arbeidet ditt blir vanskelegare. Nokre personar vil og ha deg til å gjere ting for dei om dei skal hjelpe deg. Som kunstar får Gus i oppdrag å sjå over to måleri for å eit sett med dirkar. Her må du studere to omtrent heilt like bilete i klassisk "finn fem feil"-stil. Så snart du har fått alt rett, er du eit sett med dirkar rikare. Å få tak i dirkane er berre første akt, det er fleire dører du kan dirke opp, og du må bestemme deg for kva dør du vil inn først.

Når du først har brukt dirkane, må du finne andre måtar å kome deg inn neste dør. Felles for dei fleste oppdraga dine i Post Mortem er at den klassiske "pek og klikk"-stilen er dumpa. Der du i andre spel må tøye hjernebarken til det unaturlege for å finne dei latterlege løysningane på ting, er oppdraga her av ein meir realistisk natur. Om du brukar sunn fornuft bør du kunne finne svaret på det meste. Macpherson finn snart ein mistenkt, og ved å bruke sine kunstneriske ferdigheiter må du teikne eit portrett av vedkomande, som du då viser til vitna. Når du skal teikne skissa av den mistenkte får du opp skisseblokka til Macpherson, og må velje mellom forkjsellige ansiktstrekk, før du skisserar komposisjonen din slik at du kan vise den til folk. Etter kort tid får du endeleg tak i den mistenkte, og enda ei interessant side av spelet viser ser. Den mistenkte forklarar seg ikkje i tradisjonelt vis ved å fortelje deg alt som har skjedd, du må sjøl spele ut handlinga, og få nye og viktige spor undervegs.

Musikken gjer ein god jobb i å leie deg inn i den mørke og grumsete kvardagen i 1920-talets Paris. Det er ikkje så mange forskjellige melodiar, men det er eit sterkt Film-Noir-aktig jazzpreg over dei. Ved å høyre på musikken aleine, skulle det ikkje vere stor tvil igjen om at dette er ei hardbarka detektivhistorie. Med slik god setmning blir det naturlegvis surt at det einaste verkele negative med lydbiletet er stemma til hovudpersonen. Gus Macpherson er ein slik person som har gjort uttrykket "pokerfjes" om til ein livsstil. Han snakkar i same toneleie heile tida, og det er ikkje lett å høyre på han kva han eigentleg vil fram til. Hadde ein av dei mindre viktige karakterane hadde vore verbalt tilbakeståande hadde det ikkje vore like ille, men når det er hovudpersonen, den viktigaste personen i heile spelet, blir det irriterande. Greit nok, Macpherson er ein litt avdanka kunstnar som kanskje er litt skeptisk til ting han ikkje likar, men det blir kjedeleg å høyre på i lengda. Persongalleriet ellers er mykje betre. Spesielt overklassedama på hotell Orphee framstår som den perfekte snobb.

Konklusjon
Post Mortem er eit bra spel, som kunne ha vore enda betre. Den opne spelestilen går dessverre ut over lengda og samanhenga. Spelet er kort, og du vil sitje igjen med ein del ubesvarte spørsmål. Avslutninga er like open som resten av spelet, og du får ikkje noko godt svar på kva som har skjedd med ein del viktige karakterar. Den lite informative avslutninga og ein del grafiske feil trekker Post Mortem ned eit par hakk. Trass i dette er det eit spanande og engasjerande spel som aldri vil følest forutsigbart. Den herlege film-noir stemninga vil halde deg gåande heilt til slutte, og for tilhengjarar av adventure-spel eller om du berre er glad i ei god krimhistorie, bør du absolutt prøve Post Mortem. Lave systemkrav gjer også dette til eit spel dei fleste burde kunne ha glede av.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden