Anmeldelse

Prisoner of War

Det går skikkeleg dårleg for Lewis Stone denne dagen. Ikkje berre blir rekognoseringsflyet hans skote ned, men på bakken ventar svoltne bikkjer med tyske uniformer og ein aksent henta rett ut frå `allo allo (dei fleste hugsar vel denne fascinerande serien som har gått på NRK1 i kanskje litt for mange år). Neste stopp fangebrakka. Lewis bestemmer seg sjølvsagt for at han ikkje kan tenke seg eit lengre opphald her. Og begynner som smått å snakke med fangane rundt seg. Det tar ikkje lang tid før du får ditt første oppdrag.

Livet bak piggtråd
Du har visse rammer å holde deg innanfor i Prisoner of War (POW). For å vere sikre på at du er innanfor murane, må du om morgonen og kvelden, møte opp til inspeksjon. Er du ikkje her då, blir det sendt ut soldatar for å finne deg. Mellom desse inspeksjonane er du så og seie fri til å gå kvar du vil, så lenge du ikkje klatrar over murar eller går rundt og f.eks. ber på et mistenksamt brekkjern. Kontrollen er enkel men svært god i POW. Du spring rundt med venstre analogstikka, og utfører kommandoar med X og A. Til tider brukar du og skulderknappane når du skal kaste stein, eller bruke teleskop. Høgre analogstikka brukar du til å snu kameraet.

Det første oppdraget kjem frå ein medfange som vil du skal stele 50 currency. Pengar er det lite bruk for mellom piggtråd og høge murar, så det går for det meste i tobbakk og alkohol. Dette første oppdraget fungerar meir som ein introduksjon for korleis spelet skal utførast. Du må klatre over murar, snike deg forbi vakter, og for all del, ikkje bli oppdaga. Om du først blir oppdaga er det eigentleg ikkje eit stort problem. Om du blir skoten må du overnatte i ei sjukeseng, elles er det ei natt i kasjotten. Eigentleg har det ingenting å seie om du blir tatt. Det einaste som skjer er at du mistar eit par dagar, og har du vore i leiren for lenge går det ut av utføringskarakteren du får etter du har kome deg ut av ein leir. Om du ikkje er ein karakterfrik som må ha A i alt du gjer burde du ikkje bekymre deg.

For å ha litt oversikt over situasjonen har du medfangar, og kanskje ein og anna korrupt tyskar. Sidan det er dårlege tider i dei tyske fangeleirane må du som regel betale for opplysningar. Og her kjem currency inn i bildet. Currency er eigentleg ikkje noko problem å få tak. Det ligg som regel ein del spredt rundt omkring, og du kan også tene meir ved eit av spelets minispel. Minispela varierar frå å kaste stein på blikkboksar, til å kaste terningar. Steinkastinga er ganske simpel, så om du har nok av tid kan du tene flesk her. Du kan plukke opp mange forskjellige saker og ting i løpet av spelet, og ein del av desse kan ikkje eingang Lewis Stone få plass til i sine skreddarsydd lommer. Det er slikt ei hendig kiste i brakka er til for.

3D i to dimensjonar
Stemning er nøkkelordet i POW. Alt er brunt og grått, og gir deg eit bra bilde av kor kjedeleg livet her må vere. Wide Games har putta ein del arbeid i det for å få fangeleirane til å sjå autentiske ut. Sjølv om grafikken er fin til tider, så framstår den veldig flat. Det er vanskeleg å sjå forskjell på folk frå avstand, og alt smeltar nærmast inn i kvarandre på avstand. Trass i at fangeleirane famstår veldig autentiske, blir grafikken svært kjedeleg når den same teksturen er brukt om igjen og om igjen. Alt ser forferdeleg likt ut, og når du skal ut på eit natteraid og ikkje ser ei tysk vakt før du har lommelykta i ansiktet, blir du litt frustrert.

Dette gjer bruken av eit hendig kart som befinn seg i nedre venstre hjørne veldig nødvendig. På dette kartet kan du sjå kvar folk er, og du kan sjå synsfeltet til tyskarane. Hadde ikkje dette kartet vore her, ville orientering om natta bli praktisk talt umogleg. I tillegg er animasjonane veldig stiv. Når du snakkar med nokon er det berre munnen på dei som bevegar seg opp og ned. Litt som på ei gammal buktalardukke. Det tar ein del vekk frå realismen. Litt nikking med hovudet, og generelle kroppsbevegelsar hadde løfta ting opp eit par hakk. Dei tyske soldatane ser dessutan ut som kloner av kvarandre. Ei fin effekt som eg la spesielt merke til er regnet. Det er ikkje noko som er brukt ofte i spel, men det ser ganske bra ut når regnet plaskar på skjermen.

Prisoner of War Xbox Xbox

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. juli 2002
  • Plattform: Xbox
  • Utvikler: Wide Games

Forsiden akkurat nå

Til toppen