Anmeldelse

Prisoner of War

Ein tidsepoke får vi aldri lov til å gløyme, den varte frå ca 1940 til rundt omkring ein vakker dag i 1945. Det var den tida då menn hadde hår på brystet og brylkrem i håret. Sneipen hang laust i munnvika, tørre kommentarar hagla som regn på ein dårleg dag. Ein slik mann var Lewis Stone, og ein vakker dag på byrjinga av 40-talet havna han i ein situasjon han ikkje er i stand til å akseptere.

Side 1
Side 2

God stemning
Til eit spel godt plassert i andre verdskrig høyrer det sjølvsagt med eit godt soundtrack og autentiske lydar. Det beste eg kan seie om musikken er at eg eigentleg ikkje legg merke til den. Musikken har inga pompøs og stor rolle, den fungerar meir som eit teppe som heng over deg for å skape god atmosfære. Litt som støy-filteret i Silent Hill 2. Du legg ikkje merke til den, men du veit den er der. På denne måten fungerar musikken veldig bra, og set deg i god stemning. Rollebesetninga i PoW har alle variantar av engelsk aksent du kan tenke deg. Frå erkebritisk til "Jolly good" i beste John Cleese-stil. Til tider er det ein fornøyelse berre å snakke med visse karakterar.

Du kan høyre kva type person du snakkar med utan eigentleg å sjå på dei, nokre har tydeleg høg rang, medan andre er spionar og kjeltringar. Dei tyske generalane derimot, har eg litt større problem med å godta. Å høyre ein høgtståande tyskar gneldre om at alle er på plass og at det er bra, får ikkje full effekt når det høyrest ut som om ein hvesande katt. Det blir og litt slitsomt i lenga å høyre "move prisoner, schnell!" kvar gang du går forbi ein tysk soldat. I tillegg har alle dei tyske soldatane same stemme, noko som forsterkar det eg sa om kloner tidlegare. Dei kunne kanskje gitt persongalleriet eit litt større vokalt spelebrett, men det fungerar stort sett bra.

Gjennomført AI
PoW har ein godt utvikla AI. Folk vandrar rundt, snakkar med kvarandre og gjer sitt beste for å få tida til å gå. Under eit oppdrag skulle eg spring over ein veg og gjennom eit hol i muren. Eg blei opplyst av ein medfange om at vaktene som patruljerar denne strekninga gjerne stoppar og slår av ein prat. Dette gav meg då moglegheita for å snike meg forbi utan å bli sett. Om du gjer noko uvanleg eller mistenksamt, som å stå lenge inntil eit gjerde, så snur vaktene på hovudet for å følgje ekstra godt med på kva du gjer. Det er under slike augeblikk at du føler at karakterane er verkelege. Du kan og distrahere vaktene slik at du kan lure deg forbi dei. Du kan kaste steinar for å lage lydar, banke på veggar, eller få ein medfange til å spele sjuk, slik at du kan utnytte forvirringa. Men det er ikkje alltid at AI-en verkar fullt så gjennomført.

Fleire gangar har eg prøvd å gøyme meg i nokre busker etter at vaktene har lagt merke til noko. Deretter går vakta bort til buska, for å bli ståande der. Han viser ingen merkbare teikn til å sjå meg, men om eg flyttar litt på meg, fortsatt godt skjult av buskene, så snur han seg i den retninga. Ein kommentar som "ach, I give up" kan ta opptil fleire minutt å få, og du har mista masse tid, oppdraget kan dermed vere mislykka. Eg trur ikkje at nokon i verkelegheita ville bry seg med å stå foran ei og same busk i mange minutt for å sjå om det var der lyden kom ifrå. Spelet er ikkje spesielt vanskeleg. Det som tar opp tida di er å få orden på opplysningane du har fått, og nagle fast ruta di. Dette kan til tider vere ein lang og kjedeleg prosess. Tilfredsheita ved å klare eit oppdrag blir desto større, men av ein eller anna grunn har eg hatt ein tendens til å bli oppdaga langt inni eit oppdrag. På eit punkt i spelet måtte eg inn i eit hus, etter å ha forkledd meg som tysk soldat. Her skulle eg gøyme meg bak ei bokhylle for ikkje å bli sett av ein offiser som garantert ville kjenne meg igjen. Den gang ei, akkurat i det eg kjem meg bak bokhylla plukkar Lewis opp eit lite stykke currency som ligg godt plassert på golvet. Dette høyrer sjølvsagt tyskarane, og eg er oppdaga.

Konklusjon
Prisoner of War er eit bra spel, som kanskje kunne hatt bruk for litt meir finpussing. Det er eit bra forsøk, og ein frisk pust i lufta for alle som saknar den gode gamle adventuresjangeren. Det er svært god stemning i det, men det blir litt for lite variasjon til å underhalde deg i lengda. Prøv det om du er glad i adventurespel, og for å finne ut av kva som eigentleg skjedde i tyskland på Lewis Stones tid.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden