Anmeldelse

Quake 4

Vask Mona Lisa med litt white spirit og du endar opp med da Vinci sin versjon av skytespelsjangeren.

Side 1
Side 2

Dessverre er ikkje spelet akkurat raust med lagringspunkt, og du blir raskt sendt eit solid stykke tilbake i tid om du dør. Du kan sjølvsagt lagre når du vil, men då må du trykke deg inn på menyar, og mangelen på ein kjapp lagringsknapp viser seg å bli eit element for frustrasjon. I skytespel til konsoll har det praktisk talt blitt standard med relativt godt plasserte sjekkpunkt, men nei, ikkje her. Litt fornuftige lagringspunkt kunne ha auka engasjementet, for Quake 4 er så pass lineært at det sjeldan er god underhaldning i å gjenta seg sjølv.

Quake 4 si sterkaste side er definitivt våpen-arsenalet. Frå starten har du våpen som absolutt tilfredstiller den enorme tranga til å blåse alt til fillebitar, alle er gode alternativ i forskjellige situasjonar. Etter kvart får du eit temmeleg stort utval å velje mellom, og dei er veldig godt balansert. Alle våpen har sine sterke og svake sider, og det kjem eigentleg an på smak og behag kva du vel å bruke. Noko av det beste med våpena er eigentleg lyden. Quake 4 er eit spel som verkeleg kan slå frå seg om du skrur opp lyden nokre hakk. Det er på mange måtar endeleg eit spel der lyden av våpen og eksplosjonar endeleg overdøyver alt anna, og det er noko som verkeleg oppmuntrar deg til å ta del i gladvalden.

Kjensla av å vere ein barsk soldat på oppdrag i det ytre rom blir også forsterka av den temmeleg pompøse musikken. Det er patriotisk militærmusikk og velkjende klisjera, men det fungerar absolutt. Den får deg også til dels til å godta den uoppfinnsomme designen. Eg påstår ikkje at alle Stroggane er dårleg designa og at ting ser stygt ut. Men om det finnest ei bok med tittelen "sci-fi design for dummies" der ute, kan du vere sikker på at Raven har studert denne veldig nøye. Det ser kanskje greit ut, men igjen, ingenting meir enn det. Alt er gjort før, og betre. Greit nok er det fine modellar og skarpe teksturar, men samtidig er ikkje bildeoppdateringa verdas beste. Det er på ingen måte uvanleg at bildet hakkar, og dette er enkelt og greit skuffande.

Det er veldig lett å merke at Quake 4 i utgangspunktet er laga for PC, og tempoet er deretter. I einspelar-delen blir dette sjeldan noko problem, men når ein loggar seg på Xbox Live for å gruse nokre vener, merkar ein det velidg kjapt. Alt går i eit høgt tempo, og sjølv om det er noko du blir vand med, er det vanskeleg å få henge med om ein tar reaksjonstida på analogstikker i betraktning. Dette fjernar også litt av underhaldninga i og med at folk spring forbi deg som olja lyn. Problemet ligg først og fremst i at ein handkontroll ikkje er skreddarsydd for eit slikt tempo, slik til dømes Halo-serien er skreddarsydd for ein handkontroll. Det går greit med med litt tilvenning, men det er vanskeleg å bevege analogstikkene like kjapt som folk bevegar seg, og då er det klart dette kan bli eit problem.

Bortsett frå akkurat dette byr Quake 4 på heilt grei underhaldning over Xbox Live. Det er lett å setje opp eit spel, og det tar som regel ikkje så lang tid for å finne eit heller. Du har forskjellige standariserte modusar å velje mellom, og alle desse fungerar knirkefritt. Banene er solide, og det er mange hoppepunkt som sender deg flygande gjennom lufta til nye område, og sørger for ar kampane alltid forlyttar seg. Quake 4 handlar ikkje om taktisk krigføring, men full guffe i eit kjør. Det er til tider befriande å kun fokusere på å drepe alt du ser, men til dette finnest det betre alternativ.

Konklusjon
Quake 4 er heilt greit skytespel, stort meir er det eigentleg ikkje å sei om den saka. Det køyrer på velkjende og velbrukte formlar, og det fungerar som det skal. Du finn fart, du finn moro, men du finn også eit ganske storslagent deja vu. Det er eit solid action-spel i eit fullstendig uinteressant univers, og du bryr deg aldri nok om spelet til at det blir noko anna enn tidsfordriv når du ikkje har betre ting å ta deg til. Plukkar du først opp handkontrollen blir du kjapt sittande nokre timar, så pass moro er det, men å ta det steget er ikkje alltid like lett. Eg skal innrømme eg har meir lyst til å fyre opp ei ny runde med Geometry Wars, enn enda fleire bekmørke gangar på den sukkersøte planeten Stroggos. Det spelet har i det minste sjarm.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden