Anmeldelse

Quake 4

Vask Mona Lisa med litt white spirit og du endar opp med da Vinci sin versjon av skytespelsjangeren.

Side 1
Side 2

Endeleg er vi tilbake på planeten med tidas tåpelegaste namn; Stroggos (gi mannen bak det namnet ein bolle). Der kjempar du mot Strogg (bolle til han og) i eit kontinuerleg løp som byr på større våpen, større fiendar, og forhåptentlegvis større utfordringar. Vel, nesten. Alt blir større og flottare etter kvart, med eit veldig vesentleg unntak. Har du spelt sånn ca. eit einaste skytespel før i ditt liv, har du sannsynlegvis opplevd meir enn kva Quake 4 har å by på. Det er velkjend plankekøyring til dei grader. No har det seg då slik at plankekøyring kan vere spanande om plankane er i ferd med å råtne. Har du i tillegg forsikra deg med ein solid gummitråd, kan det uunngåelege fallet i tillegg bli ei ganske interessant oppleving. Det er vel berre å kaste seg utfor, gjerne med rattkjelke.

Mange dårlege metaforar og ei pinleg stillheit seinare, ligg vi ved kjerna. I denne berlinerbollen finn du bringebærsylte som har gått ut på dato for to-tre dagar sidan. Den smakar ikkje grusomt, men du merkar at noko er feil. Problemet til Quake 4 er ikkje kva det er, men kva det kunne ha vore. I desse dagar er det vel tvilsomt kor mykje lenger Quake 4 kunne tatt denne sjangeren, men det kunne ha vore eit smellvakkert spel med barsk design. Ja, barsk, for det er barsk design eit slikt spel fortener. Det vi i staden får er kort og godt: "meh". Eller på norsk: "Skal vi ta restane av den grandiosaen, og spele litt kort?". Quake 4 er eit ubegripeleg strømlinjeforma spel. Det er fyllt til randen av heftig og dødeleg forutsigbar action. Og sterile område designa av folk som ikkje er i besittelse av ein einaste kreativ tanke.

Men det fungerar. Dessverre får ein sei, for dette er eit spel eg innerst inne har frykteleg lyst til å vere skikkeleg stygg mot. Grunnane til dette er delte, og eg har allereie delt nokre av dei med deg, kjære lesar. For sjølv om eg innerst inne ikkje vil innrømme det, har eg hatt det moro med Quake 4. Av og til moro, til tider veldig moro, men heldigvis for mi skrivelyst, veldig kjedeleg og. Det er som alle andre skytespel. Du startar med eit skikkeleg gromt pinglevåpen, møter din første fiende innan eit eller to minutt, finn eit nytt våpen, og spelet er i gong. Du spring gjennom endalause korridorar på jakt etter grøne lys, og skyt alt som bevegar på seg. Det er god action, men det er action som manglar ei god utfordring. Det kan vere vanskeleg ja, men det er forskjell på intelligent utfordring, og ein stor rakett som drep deg uansett kvar du spring.

Det heile bryjar betre enn det utviklar seg. Ein får nesten inntrykket av at det er litt samarbeid på gang, der du spring rundt saman med nokre barske stereotypiske marinesoldatar. Dessverre blir det ferre og ferre av desse, og kjapt finn du deg heilt aleine igjen. Samtidig må du høyre på den komplette idioten av ein general som kjeftar på deg i eit kjør. Ikkje at nokon bryr seg om kva han seier, men når du kjempar mot ein gladiator med falmane livslinje, er det ikkje så inspirerande å høyre nokon kjefte på deg fordi du ikkje er tilbake i basen. Historia er sjølvsagt fullstendig meiningslaus, og du skal også få ein bolle om du etter ca. fire timar hugsar kva du eigentleg held på med.

Desse folka du til tider spring rundt med har sine nytteverdiar. I tillegg til stoppe visse kuler frå å treffe deg, kan dei enten fylle opp helsa di, eller ordne skjolda dine når som helst. Dette er ganske greit, og du innser at det er lurt å halde dei i live. Ein negativ del med dette er at du raskt blir vand med å ha dei der. Når dei brått forsvinn, er det lett å hamne i stygge situasjonar sidan du instinktivt brølar på med alt du har. For du "veit" at du snart har helsa på topp igjen uansett. Realiteten er jo sjølvsagt at dette ikkje stemmer. Og resultatet blir at du ligg i ein søt liten blodpøl ganske kjapt. Utover i spelet får vi ei erstatning for dette, sidan historia sjølvsagt tar ein vri som resulterar i at du kan bruke visse "konstruksjonar" til å fylle opp helsa di.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden