Racingspelet Project CARS kjem i november

Utviklarane feirar kunngjeringa med ein lekker ny trailer.

Dei fleste spel som imponerer visuelt kjem frå store og etablerte utgjevarar, men Project CARS er ei ganske anna historie. Dette spelet har delvis blitt finansiert via ein modell som minnar mykje om den Minecraft blei utvikla med. Ved å kjøpe seg tilgang, kan spelarane få prøve dei tidlege versjonane av spelet, samtidig som dei støttar utviklinga.

Project CARS har fått stor merksemd grunna sin imponerande grafikk og høge realisme. Spelet vil støtte oppløysing heilt opp til 4K, samt VR-brillene Oculus Rift. Ved sidan av å kome til PC vil spelet kome til Wii U, Xbox One og PlayStation 4. På PlayStation 4 vil spelet støtte Sonys eige VR-brillesett Project Morpheus.

Via Eurogamer får vi i dag vite at utviklarane hos Slightly Mad Studios har peila seg inn på å lansere spelet i november. Dei har og lansert ein flunkande ny trailer som viser spelets imponerande ytre. Den kan du sjå nedanfor.

Utviklarar med lang erfaring

Project CARS satsar på å ta racingrealisme eit solid steg vidare.

Slightly Mad Studios er ikkje nykomrarar innan racingsjangeren. Dei har tidlegare laga Need for Speed: Shift og Shift 2: Unleashed for EA. I tillegg sat dei bak rattet under utviklinga av Test Drive: Ferrari Racing Legends.

Det ser ut til at Slightly Mad Studios har brukt alt dei har lært frå utviklinga av desse spela i Project CARS. Spelet byr på eit stort utval ulike bilar, og vil la deg velje kva type bilar du vil spesialisere deg i gjennom ein avansert karriæremodus. På toppen av dette byr spelet på dynamisk tid og vêr.

Slightly Mad Studios satsar på stor realisme når dei lagar spel, men det er det ikkje alle som gjer. Stainless Games gjorde nyleg ein tidleg versjon av sitt bloddryppande racingspel Carmageddon: Reincarnation tilgjengeleg på Steam Early Access.

Siste fra forsiden