Rayman Legends blir massivt

Du får heile 40 nivå frå Rayman Origins med på kjøpet.

Etter planen skulle eigentleg Rayman Legends lanserast i februar eksklusivt for Wii U. Denne planen skrota derimot Ubisoft, annonserte det for fleire plattformer, og flytta lanseringsdatoen til slutten av august.

No byrjar det å danne se eit bilete av kva Michel Ancel og teamet hans har brukt tida si på sidan utsetjinga blei eit faktum, kan vi lese hos Joystiq. Når du har runda Rayman Legends vil du automatisk låse opp 40 nivå henta rett ut av det herlege plattformspelet Rayman Origins. Nivåa vil bli pussa opp slik at dei passar saman med den nye stilen til Rayman Legends.

Rayman-serien er noko for seg sjølv.

Tre for ein

Med det får du nesten to spel for prisen av eitt. Det stoppar derimot ikkje der, for Rayman-teamet har enda ei overrasking på lager; eit fotballspel.

I Kung Foot kan fire spelarar – eller fem på Wii U – ta på seg rolla som ein karakter frå Rayman-universet, før dei set i gong balljakta. Målet er å få ballen inn i motstandarane sitt mål, og for å oppnå dette han du hoppe, slå, sparke og blokkere ballen.

Spelet blir skildra som eit morosamt og meinigslaust spel for folk som er for trøtte til å gjere noko fornuftig.

Les også: ZombieUs elendige salgstal svekket Ubisofts tro på Wii U Les også: Glovarme jern i ilden hos Ubisoft

Siste fra forsiden