Rayman Legends har fått ny dato

Ny utfordringsmodus er tilgjengeleg på Wii U eShop no.

Å seie at Rayman Legends har fått dato er litt som å rope «ulv, ulv» etter alt rotet rundt lanseringa til det lekre plattformspelet. Først blei det tidlegare Wii U-eksklusive spelet utsett frå 2012 til til februar 2013, før Ubisoft bråtte steila fullstendig og kunngjorde at spelet ville kome til PlayStation 3 og Xbox 360. Dette førte med seg ei utsetjing til september.

I dag har Ubisoft igjen kunngjort eit nytt lanseringstidspunkt, men no har vi fått ein konkret dato. I ei pressemelding i dag fortel dei at spelet kjem i sal 30. august.

Mange Wii U-eigarar er framleis bitre over Rayman Legends-utsetjinga, sidan spelet var heilt ferdig då meldinga kom om at det var utsett til hausten. Som plaster på såret lova Ubisoft ein eksklusiv utfordringsmodus til Wii U-eigarane for å korte ned ventetida. Den har dei lansert i dag.

I denne demoen får du tilgang på utfordringsmodusen i Rayman Legends. Her kan du bryne deg på nye utfordringar kvar veke, med mål om å kome høgst på rangstigen. Demoen kjem med fire ulike utfordringar der du skal kome deg frå start til mål så raskt som mogleg i alt frå dei dødes land til ein endelaus avgrunn.

Fargerikt blir det.

Den utfordringa som skil seg mest frå resten er Murfy's Dungeon. Her må to spelarar spele saman, der den eine styrer Murfy på Wiipaden, medan den andre styrer til dømes Rayman på TV-skjermen.

Om du spelar utfordringsmodusen kan du tene opp poeng for å låse opp nye karakterar i det fulle spelet når det omsider kjem i sal. Kva seier du? Er dette eit godt nok plaster på såret? Ein trailer frå dei nye utfordringane kan du sjå nedanfor.

Rayman Legends kjem i sal for Wii U, PlayStation3 og Xbox 360 30. august.

Les også: Raymen Legends-utsettelsen åpnet for mye nytt innhold Les også: Anmeldelse: Rayman Origins

Siste fra forsiden