Reklame i Eidos-titlar

Eidos har inngått eit samarbeid med Double Fusion om å tilby reklame i spel.

Reklame i spel er i ferd med å bil ganske vanleg. I ei rekke Xbox 360-titlar som til dømes Crackdown og Rainbow Six: Vegas, kan ein blant anna sjå store lysande Djuice-plakatar. Dette er noko Eidos òg vil bli med på, og i det samband har dei inngått ei treårig avtale med Double Fusion, ein ekspert på reklame i spel.

Avtala vil introdusere forskjellege former for reklame i ti Eidos-titlar. Reklamen vil variere mellom dynamisk reklame som kan skiftast ut og forandrast etter lansering av spela, til reklame som blir djupare integrert i miljøa i eit spel.

– Dette er ein spanande og innovativ sjanse for Eidos, vi er begeistra over å få jobbe med Double Fusion, og vi er overbevist om at våre titlar vil tilby den perfekte plattforma for dei rette mediapartnerane, kommenterer Jane Cavanagh, toppleiar hos Eidos Interactive.

Kva dette vil bety for komande Eidos-titlar er usikkert, men forhåpentlegvis blir det elegant reklame som glir lett inn i dei forskjellege spela sine miljø.

Siste fra forsiden