Resident Evil-skaparens nye grøssar har fått dato

Shinji Mikamis The Evil Within satsar på å skremme livet av deg til sommaren.

Om du stadig er på jakt etter angst og uhygge i spela dine har Bethesda noko stort på lager. Dei kjøpte for nokre år tilbake like godt opp Resident Evil-skaparen Shinji Mikamis Tango Studios, og gjer seg no klare til å gje ut det japanske studioets første spel; The Evil Within.

Dette spelet er ein grøssar av det gamle slaget. Etterforskaren Sebastian Castellanos endar etter å ha sett åstaden for eit massemord opp i ei skrudd verd der ingenting er som det burde vere. Her møter han umenneskeleg terror og ein angstfull kamp for å overleve.

Datoen er spikra

Det er på ingen måte meininga at du skal kose deg i dette spelet.

The Evil Within blir utvikla for PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One og PC. I ei fersk pressemelding fortel Bethesda at lanseringsdatoen no er spikra, og vi kan alle ta del i uhygga frå og med 29. august.

Vi tok ein kikk på spelet i fjor vår. Audun meinte det ser ut til å bli eit bra spel han ikkje er heilt sikker på om han vil spele:

«The Evil Within er tydeleg inspirert av dei eldre spela i sjangeren. Trekka frå Resident Evil er tydelege, med få ressursar å spore, eit ynskje om å unngå kampar, og vandring aleine i forlatne koridorar. Akkurat kva slags mysterie historia har å by på veit vi enno ikkje, og for å vere helt ærleg vil eg ikkje vite det heller.»

Om grøss er midt i blinken for deg bør du følgje med på det polske spele Kholat. Det er inspirert av ei sann historie frå 1959 om ni erfarne turgåarar som døydde på skitur i Uralfjella.

Siste fra forsiden