Anmeldelse

Resident Evil: The Umbrella Chronicles

Dei levande døde nekta å gi seg, og no kan du drepe dei med ditt farlegaste våpen; Wiimoten.

Du har nok stått der sjølv. Ein fot framfor den andre, og begge henda godt plasserte rundt ein overdimensjonert plastpistol. Ein pistol som gjerne er lyseblå eller rosa. Blikket er stramt retta mot skjermen, og du fyrer laus. Salve etter salve plantar seg i avskummet som nesten rytmisk hoppar fram, før skjermbiletet sakte glir vidare til ditt neste fiendtlege møte.

Hm, røde øyne. Albino?

Lyspistolen har vore eit kjent og kjært tilbehør til mang ein konsoll heilt sidan glansdagane med Duck Hunt til NES, og det sa nesten seg sjølv at noko måtte kome til Wii. Med ein konsoll der enkle ting som navigering gjennom menyar, ber på det same prinsippet som masseslakt i huset til dei levande døde, var det berre eit spørsmål om tid. No har tida altså teke seg ein spasertur, og med seg tilbake har den Resident Evil: The Umbrella Chronicles. Uttrykket «sett det før» har vel sjeldan vore meir passande, men så får vi jo akkurat det vi ber om òg.

I staden for å gi deg ei håplaus historie som får din kritiske sans til å slå trippel salto med dobbel skru, kjem Capcom drassande med ein heil drøss. I tillegg til dei tre makkverka vi får serverte på strak arm, kan du låse opp fleire undervegs. Her får vi via årets dårlegaste dubbing levert historier om nokre prominente Resident Evil-figurar sine første møte med dei vandrande kjøthaugane. Som om det ikkje er nok med vandrande lik, får vi samtidig lytte til litt god gammaldags klynking frå ei jente i japansk stil (noko som er ubehageleg nok i seg sjølv). Ein skulle tru topptrena soldatar var topptrena uavhengig av kjønn, men tydelegvis ikkje i Capcom sine auge.

Heldigvis for meg, deg og omverda er historia berre dytta inn som lett innpakning, og kjem sjeldan i vegen for den skytefesten spelet strengt tatt er. Etter kvart som du spelar deg gjennom dei forskjellege «historiene» vil du låse opp nye minikampanjar. Desse kampanjane er enten heilt nye eventyr eller sidehistorier relaterte til dei du allereie har spelt.

Vår helt er en tøffing. Et lite klaps på kinnet er alt som skal til.

Ei påkjenning for magasinet

Før du hiv deg i kast med eit oppdrag får du velje våpen. Du kan berre ha med deg to våpen i starten, og det gjeld å tenkje litt smart her. Å ta med seg ein rakettkastar i tillegg til den obligatoriske pistolen er ikkje alltid like lurt. Den går fort tom for ammunisjon, og då sit du der med ein puslete pistol, som heldigvis for din del aldri går tom for kuler. Generelt sett går dei fleste våpen kjapt tomme for ammunisjon om du ikkje er forsiktig, så pistolen er ein reddande engel i mange situasjonar.

Våpenutvalet i spelet er ganske bra. Du får som sagt ein pistol og ein rakettkastar, men i tillegg til denne har vi forskjellege variantar av pumphagler og automatiske rifler. I starten kan du velje mellom to våpen i tillegg til pistolen, men ved å plukke opp forskjellege våpen du finn rundt omkring i områda, kan dette arsenalet utvide seg ganske kjapt. Å finne nye våpen kan vere ei lita utfordring i seg sjølv. Det er ikkje alltid dei er like synlege, sidan dei godt kan ligge gøymt under ei kasse, eller bak eit skilt. I andre døme flyttar skjermbiletet seg så kjapt at du skal vere rask på avtrekkaren for å få med deg alt.

Dette bringer oss over til kva Resident Evil: The Umbrella Chronicles krev av deg som spelar. Dette er eit spel i god gammal tradisjon. Det einaste du gjer er å halde auga på skjermen, peike Wiimoten mot skjermen, og fyre laus alt du er god for. Synsfeltet flyttar seg av seg sjølv, så dette er noko du ikkje treng tenkje over. Du kan riktig nok rotere litt på synsfeltet, noko som kan bli ei hjelpande hand om du vil plukke opp nokre våpen, eller skyte fiendar som prøvar å gøyme seg.

Disse gutta er litt sløve i blikket.

I motsetning til mange lyspistolspel har du i The Umbrella Chronicles eit sikte å forhalde deg til. Dette fører til at du i staden for å tenkje på Wiimoten som ein pistol, heller fylgjer siktet. Dette har sine klare fordelar. Spesielt sidan Wiimoten i seg sjølv ikkje alltid er presis nok til at du treff det du vil ved å peike i retning av monstra. Ved å følgje siktet i staden, tenkjer du ikkje så mykje over kvar kontrollen peikar så lengje du ser kvar du skyt. Capcom kunne godt ha slengt inn nokre kalibreringsverkty for å få ei optimal oppleving, men eit sikte er absolutt ei brukbar erstatning.

Ein ting som kan få litt innverknad på korleis du spelar spelet, er den nylanserte Wii Zapperen. Denne innretninga er forma som eit slags våpen, og du plasserar på Wiimoten og nunchucken i den. Ein naturleg konsekvens av dette er at du rettar opp ryggen litt, og held «våpenet» framfor deg. Ein naturleg konsekvens av dette igjen er at du blir fordømt sliten i armane etter ei stund. Akkurat dette er likevel ganske uvesentleg i den store samanhenga. Med litt ekstra kvit plast mellom henda blir spelet løfta nokre ekstra hakk, og kjensla av å «vere» der blir dramatisk framheva.

Saman er vi TNT

Resident Evil: The Umbrella Chronicles er svært todelt i sin underhaldningsfaktor. Kor moro du vil ha det kjem sterkt an på om du spelar aleine, eller saman med ein ven. Den einaste fellesnemnaren er at du i begge døme blir temmeleg sliten i både arm og sinn etter eit par timar.

Jasså, er vi på besøk hos Snøhvit-anlegget i Hammerfest?

Om du spelar aleine er Resident Evil: The Umbrella Chronicles heilt kurant. Ingenting meir, ingenting mindre. Det gjer deg anspent nok til at du held det gåande ei stund, men det engasjerar ikkje nok til at du gidd halde fram lenge om du skulle kome i veldig vanskelege situasjonar.

Dette snur seg fullstendig på hovudet med to spelarar. Då sluttar spelet å vere ei tidvis litt småkjedeleg affære, til å bli stor moro. Resident Evil: The Umbrella Chronicles er som skapt for to spelarar. Du blir kanskje litt meir stressa av å spele aleine, men det er det einaste som er positivt med å spele aleine. Når ein er to samarbeidar ein. Ein utviklar taktikkar og metodar å bruke for å hamle opp med ein kvar situasjon. Det er enkelt og greitt ufyseleg moro, og ein held det gåande til ein blir for ør i hovudet til å halde fram.

Dei fleste nivåa i spelet har god driv. Du møter nok fiendar til at du ikkje får slappe av, og forskjellege våpen ligg fornuftig plassert. Noko smart Capcom har gjort her, er å variere kva våpen du får tilgong på. Du har aldri mykje ammunisjon til kvart våpen, og går ofte tom. Dette tvingar deg til å prøve alle våpna, noko som samtidig får deg til å innsjå at eit våpen du kanskje ikkje trudde var så kult, eigentleg var mykje tøffare enn det du har brukt så langt. Det finnest likevel småting å pirke på. Først og fremst gjeld dette dei små pausane som kjem no og då. Dette kan kanskje vere for å gi deg litt pusterom, men ofte er enkle ting som å klatre ein stige noko som berre tvingar deg til å plystre nokre strofer og trommer litt med fingrane.

Døden er nær. Svært nær.

God stemning

For å vere eit spel basert på noko av det styggaste som finnest (levande døde), er Resident Evil: The Umbrella Chronicles imponerande pent. Det er utan tvil eit av dei lekraste spela på Wii, og du kjem verkeleg inn i den rette Resident Evil-stemninga. Bruken av lys og mørke er viktig for å få fram akkurat dette, og desse faktorane er brukt på ein måte som får spelet til å sjå direkte skitent ut. Noko som ironisk nok er veldig pent. Alt er ikkje like vellukka, som til dømes ei lommelykt. Lyset denne kastar ser ut som det høyrer til i ein for lengst gløymt generasjon, men effekten av å bruke den er likevel umogleg å ignorere. Frå å vere i totalt bekmørke det eine sekundet, stirar du brått inn i den skakkøyrde tanngarden til ein vandrande markkoloni.

Generelt sett er produksjonsverdiane til spelet høge. Grafikken er flott, oppdraga er engasjerande (med to spelarar vel og merke), og historia er akkurat så elendig som ein forventar at den skal vere i eit lyspistol-spel. Musikken er òg verdt å trekkje fram, der nokre ambiente stemningar i god Resident Evil-stil pregar menyane. Ute i spelet varierar det frå det nedtona og dystre, til direkte hårreisande syre-arrangement av ukjend stilart. Det må seiast at dei ikkje er hårreisande fordi dei er bra, men ja, dei er likefullt hårreisande og stressande, noko som sørgjer for at dei gjer jobben sin ganske godt.

Plukke opp eller skyte? Det er spørsmålet.

Konklusjon

Dette er spelet du kunne ha runda på ein kveld – om du har nervar av stål, og metallspjælar i armane. For å vere ærleg er ikkje spelet veldig skremmande, men etter nokre timar med ein konstant pågang av zombier og anna skit, blir du litt sliten. Både auga og hovudet treng ei lita pause. Armane dine kan nok ha godt av ein liten kvil òg, sidan det kan bli litt slitsamt å veive rundt på Wiimoten over lengre tid. Akkurat dette gjeld i enda større grad om du brukar Wii Zapper, noko som kan gjere armane tåleleg støle etter ei stund.

Heile spelet står og fell på eit enkelt punkt: Har du nokon å spele med, eller har du det ikkje? Om det er sistnemnde som gjeld i ditt tilfelle kan du eigentleg berre leggje kjøpet på hylla, med mindre du er blodhard Resident Evil-fan. Om du på den andre sida har nokon å spele med, kjem du garantert til å ha det sinnsjukt moro med å slakte zombier.

Siste fra forsiden