Sniktitt

Rise of the Argonauts

Alt for kjærleiken

Jason skal vekkje dama si frå dei døde, om det så er det siste han gjer.

Tenk deg. Det er dagen før bryllaupet ditt, og di siste samtale med flammen din før den store dagen, blir brått stogga av ei pil. Dama sig livlaust om på det blankpolerte marmorgolvet, og di meining med livet har brått floge ut vindauget som ein liten blå fugl.

Trailer for Rise of the Argonauts

Vis større

Trailer: Rise of the Argonauts #6

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • rollespill
  • rise of the argonauts


Man er da mann, og menn godtar ikkje slikt, ei heller Jason, kroneksempelet på mann. Han er breiskuldra som få, har eit modelltryne som ville fått Zoolander til å rødme, og så er han bestekompis med Hercules. Då er du ikkje berre mann, du er steike kul òg. Ekte menn, dei gjer alt for kjærleiken, sjølv om den kjærleiken du har i tankane no er på veg til teselskap saman med Hades. Slikt kan vi ikkje ha noko av, så ekte menn, dei vel å trasse alle lover om liv og død, og reiser ut på eit tokt der han må kjempe mot alt som kan krype og gå av mytologisk avskum, for å vekke dama frå dei døde. Snakkar om dedikasjon!

Ingen siger i første omgang

Interessant motivasjon for hovudpersonen fjernar ikkje den misnøya som vellar over meg over korleis Liquid Entertainment vel å starte dette spelet. Etter nokre korte kampar som eigentleg ikkje gir deg nok tid til å setje deg inn i kampsystemet, endar du opp med å trakke fram og tilbake gjennom eit digert palass som fungerer meir som ein fargeblind labyrint, enn som noko anna.

Det er slikt som gir deg ei kraftig kjensle av a vere frykteleg dum. Du kan lukte at utgangen er rett rundt hjørnet, men du går deg vill likevel. I løpet av di jakt etter den rette døra, hamnar du i nokre heller uinteressante dialogar om kongelege plikter. Noko som eigentleg ikkje betyr noko som helst så tidleg i spelet. Du vil ut på tokt. Du vil herje. Svinge sverdet, stikke med spyd, kva som helst, berre ikkje politikk.

Det har kanskje sitt formål, i og med at dine val gjennom dialogane vil føre deg nærare dei fire forskjellige gudane, men så tidleg i spelet blir dette presentert på heilt feil måte. Ein byrjar å lure på om dette spelet handlar om uinteressante politiske avgjersler, eller om å drepe beist. I tillegg får du ingen peikepinn på kor nøyaktig dette samtalesystemet er, og om du er nøydt til å alltid lene deg i retning av ein bestemt gud for å få utbytte av det.

Ein for alle, alle for ein

Det tek heldigvis ikkje lang tid før spelet viser kva det eigentleg byr på. Når du legg ut på jakt med Jason, spring han saman med opp til to andre krigarar, men desse har du null kontroll over, i alle fall av det vi har sett så langt. I kampane handlar det først og fremst om Jason, og berre Jason. Rise of the Argonauts er på sett og vis eit typisk actionspel, sidan du først og fremst angrip ved hjelp av eit svakt og eit sterkt angrep, men tempoet er ganske forskjellig.

Grunnen til dette kjem først og fremst gjennom Jason sin beste ven; skjoldet. Skjoldet til Jason vil alltid beskytte han. Om ein fiende angrip Jason, men treff skjoldet, vil ikkje Jason ta skade. Du treng altså ikkje halde skjoldet framfor deg for at det skal ha ein nytteverdi. Dette betyr sjølvsagt ikkje at du er trygg, sida Jason framleis er sårbar frå alle andre kantar. For å vere heilt trygg, kan Jason halde skjoldet framfor seg, og når han gjer det, vil Jason alltid halde skjoldet mot ein fiende. Dette gjer han sjølv, og du kan eigentleg berre halde knappen inne, og Jason snur seg sjølv for å avverje eit angrep.

Dette er svært nyttig av to grunnar. Den eine er at det kan vere til stor hjelp i farlege situasjonar der du er omringa, ein anna grunn er at det gir deg tid til å sjå an situasjonen. I staden for å berre hakke laus på fiendane som ein galning, spring Jason med skjoldet framfor seg, og slår til når sjansen viser seg. Dei fleste fiendar er døde på eitt eller to slag, og det å få inn ein fulltreffar blir mykje viktigare enn å få inn mange slag på kort tid.

Kampane får ein heilt spesiell flyt av dette, og i staden for å framstå som ein barbarisk villmann, har utviklarane hos Liquid Entertainment prestert å få Jason til å framstå som ein verkeleg dyktig krigar, sjølv om du ikkje skulle vere det. Dette kjem fram gjennom korleis han drep ein fiende med eitt slag, gjennom korleis han alltid er vendt mot fienden, og gjennom den overbevisande animasjonen når han brukar dei tre våpna sine; klubbe, sverd og spyd.

Les også
Anmeldelse: Rise of the Argonauts

For mykje på ein gang?

Rise of the Argonauts er eit veldig pent spel, noko som kjem spesielt godt fram i ansikta til dei forskjellige folka du møter. Nokre av dei er rett og slett sinnssjukt detaljerte, og det er tidvis vanskeleg å skilje mellom dette, og ein ferdigstilt filmsekvens. Difor er det kanskje ikkje så rart at spelet slit med nokre tekniske problem her og der. Desse er av ein så pass alvorleg natur, at dei bør ordnast opp i før lansering. Om ikkje, snakkar vi om ting som drastisk kan redusere opplevinga di.

Det mest tydelege er korleis skjermen brått blir svart, for nokre sekundar om gangen, og det skjer når som helst. Det kan skje medan du snakkar med nokon, medan du spring fredeleg langs ein skogsti, eller medan du er i kamp. Forhåpentlegvis er det berre snakk om litt optimalisering før det er rydda opp i, men det legg absolutt ein dempar på den elles gode stemninga.

I tillegg er det nokre lydproblem som luktar ganske svidd. Eg har vore ute frå lyd som forsvinn fullstendig, til lyd som skurrar og hakkar som om den har blitt køyrt gjennom ein vrengpedal. Det er ikkje pent, men vi får tru utviklarane er veldig klare over desse feila, og lukar dei ut før lansering.

Konklusjon

Trass nokre tydelege tekniske problem, og ein litt tam start, ser Rise of the Argonauts ut til å kunne bli eitt veldig artig spel. Det gir oss action i eit litt tregare tempo, der du heller må tenkje på å få inn eit bra slag med våpnet, i staden for veldig mange slag. Jason framstår som ein skikkeleg helt, og måten han navigerer seg gjennom kamp er svært velgjort.

Det kan kanskje blir vanskeleg for Jason å konkurrere mot dei andre storspela i haust, men du skal absolutt ikkje sjå bort frå at dette kan bli eitt av årets artigaste spel. Eg på mi side har ingen tvil om at du skal leite ganske grundig dei komande månadane for å finne eitt spel med betre stemning og visuell appell.

Merk: Rise of the Argonauts kjem i butikk 17. oktober, til Xbox 360, Playstation 3 og PC.

Siste fra forsiden