Risteprodusent saksøkt av Microsoft

Konflikta rundt Immersion sin risteteknologi held fram.

I 2002 blei Microsoft og Sony saksøkt av Immersion. Grunnen var at dei hadde brukt risting i sine kontrollar for Xbox og PlayStation 2, ein teknologi Immersion har patenten på. Først inngikk Microsoft ei avtale med Immersion om å få bruke den, før Sony gjorde det same etter nokre runder i retten.

Microsoft betalte riste-produsenten 26 millionar dollar for lisenseringsrettar og eigarandelar. Om Immersion kom fram til ei ordning med Sony, skulle Microsoft få avkastning på inntektene Immersion fekk frå Sony. No har Immersion ombestemt seg, og vil ikkje betale likevel.

Microsoft likar dette svært dårleg, og har gått til søksmål mot Immersion for brot på avtalevilkåra. Immersion på si side var forberedt på dette, og har følgjande å seie i sin årsrapport:

– Selskapet (Immersion, red. anm.) meiner det ikkje er forplikta av avtala med Microsoft om å betale dei for utfallet av rettstvisten med Sony Computer Entertainment. Det er likevel usikkert om Microsoft vil godta selskapet si stilling, eller om selskapet vil nå fram med standpunktet sitt.

Sjølv om Immersion ikkje vil følgje avtala med Microsoft, er det tydeleg at dei likevel ikkje er sikre på om dei vil sleppe unna med det. Ordninga mellom Immersion og Microsoft forpliktar Immersion til å betale ein minimumssum på 15 millionar dollar til Microsoft for alt Immersion mottar frå Sony, inntil Immersion har motteke 100 millionar dollar. Microsoft vil deretter få 25% av alle inntektene Immersion får frå Sony inntil Immersion har motteke 150 millionar dollar. Etter dette vil Microsoft få 17.5% av alle Sony-inntektene til Immersion.

Avtala Immersion har gjort med Sony når uansett ikkje opp mot dei beløpa Microsoft krev å få betalt. I løpet av tolv månader vil Immersion motta 22 millionar dollar frå Sony. Denne avtala gir Sony lov til å bruke Immersion sin teknologi i sine noverande produkt, og i framtida. Potensielt sett betyr dette at vi kanskje får risting i komande SIXAXIS-kontrollarar til PlayStation 3.

Siste fra forsiden