Ryse blir Xbox One-eksklusivt

Crytek sitt Kinect-spel kan spelast med kontrollar likevel.

I april fortalde vi om at mykje tyda på at actionspelet Ryse frå Crysis-utviklarane hos Crytek kom til å bli ein lanseringstittel for Xbox One. Spelet blei i første omgang kunngjort som eit actionspel i førsteperson der du ved å veive med henda framfor Kinect-sensoren skulle ta på deg rolla som ein romersk krigar.

No viser det seg at desse rykta stemde på ein prikk. På spelets offisielle nettstad kan vi sjå at spelet no blir utvikla eksklusivt for Xbox One, og at Xbox 360-versjonen med det har blitt droppa.

Enda meir spanande enn eit generasjonsskifte er at det som tidlegare vart promotert som eit Kinect-spel no viser seg å vere eit kontrollarbasert spel som blir «forbetra» med Kinect. Neste generasjon Kinect blir langt kraftigare enn Kinect for Xbox 360. Der du no gjerne må finne deg i å slite med lysforholda, vil Kinect 2 fungere sjølv om det er heilt mørkt, samtidig har kameraet ei oppløysning på 1080p, i forhold til Kinects 480p.

Kva dette betyr i praksis for actionspelet Crytek har jobba med dei siste åra kan ein naturlegvis berre spekulere i. Ei nedteljing som strategisk nok viser romartal fortel oss at vi vil få vite meir medan E3-messa i Los Angeles pågår om nokre få veker. Der vil vi sjølvsagt vere på plass.

Les også: Xbox One blir ikkje meir indievenleg Les også: Slik fungerer spilleierskap på Xbox One

Siste fra forsiden