Samletest

Gamingmus 2020

Kva er den beste gamingmusa du kan kjøpe?

Me tar for oss nesten 50 gamingmus i ein svær samletest.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Introduksjon og 1-10
2: 11-20
3: 21-29
4: 30-39
5: 40-48

21 – SteelSeries på veg tilbake

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 78 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: TrueMove Core (feilfri)

Særpreg: Rimeleg og lett mus med klassisk passform

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

SteelSeries melde seg endeleg på trenden med lette gamingmus i vår. I første omgang kjem dei med billigmusa Rival 3, som brukar ein noko nedgradert sensor samanlikna med TrueMove Pro. Sensoren er likevel feilfri, og ytar nok til at ein neppe merkar noko forskjell.

Forma er basert på gamle Rival 110, som er ei komfortabel form spesielt eigna for handflategrep og klogrep. Prislappen er likevel det fremste trekkplasteret, for dette er ei av få produkt i testen som prisar seg sør for 500 kroner. Rival 3 er samstundes god nok til å konkurrere blant dei beste, og kan fort vere toppvalet for deg.

Høg løftedistanse, gummikabel og nokre programvarekutt gjer at ho ikkje når heilt opp, men det er mykje som gjer Rival 3 verd prisen.

8
/10
SteelSeries Rival 3
SteelSeries betrar ein gammal klassikar, og resultatet er ei god mus med få kompromiss.
Behageleg form
God programvare
Flott RGB
Feilfri sensor
Velplasserte sideknappar
Solid byggekvalitet
Skyhøg løftedistanse
Gummikabel

Les hele testen »

SteelSeries Rival 3
Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

#22 / 23 – Utklassert av Glorious

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor / Stor

Vekt: 91 / 99 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Proffspelaranes val

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Divina-versjonen av EC-serien til Zowie er i dag ein tung versjon av Glorious Model D. Trass for at passforma er tilnærma perfekt, er det eigentleg liten grunn til å kjøpe denne. Glorious Model D er nesten heilt lik, berre at ho har ein mykje betre kabel, overlegne sideknappar og ein betydeleg lettare konstruksjon.

Igjen er Zowie på veg med nokre nyversjonar, men dei er framleis ikkje like lette som Model D, og har den same gummikabelen som før. Det er ikkje spesielt imponerande. For så vidt er Divina-varianten ei særs god mus per 2020-standard, men det er først og fremst på grunn av passforma. Zowie har ikkje klart å halde seg relevant på noko anna.

EC-serien kjem i ei mellomstor og ei stor utgåve. Her har me slått saman produkta til ein, men begge er testa i testen som er lenkja til produktet.

8
/10
Zowie by BenQ EC2-B Divina
Ei tilnærma perfekt passform, men Zowie har kanskje blitt litt late.
Kanskje den beste forma for klogrep
Ingen programvare
Gode museknappar
PPT- og polling rate-knappar på undersida
Betre museføtter sidan førre generasjon
Treng tredjepartsprogramvare for å bytte eigenskapar på knappar
Sideknappar med for lang vandring

Les hele testen »

Zowie by BenQ EC2-B Divina

#24 – For han som vil gjere alt

Storleik: Stor

Vekt: 110 gram (120 med lodd)

Tilkopling: Trådlaus

Knappar: Ti + klikkbart rullehjul med to hastigheiter

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Allrounder med låg profil

Beste bruksområde: Det meste

Det verkar litt som om Logitech ønskjer å forvirre folk med G900-serien sin. Det er nemleg fire ulike produkt i serien, og alle er identiske i form og vekt. Den einaste forskjellen er sensoren, og om dei har støtte for Powerplay-ladematta eller ikkje. Fleire av produkta er framleis ute i butikkane, så her gjeld det å halde tunga rett i munnen.

Den nyaste i familien, G903 Hero Lightspeed, er altså oppgradert med Hero-sensoren. Dette kjem med ei seriøs oppgradering for batterilevetida. Førre generasjon klarar rundt eit døgn, mens denne skal kunne halde koken i rundt 140 timar med RGB. Utan lys klarar den visstnok 190 timar, mens den førre generasjonen gjekk tom etter rundt 40 timar. Eg har ikkje testa heile batterilevetida eksakt, men nye G903 heldt koken i rundt to veker med jamleg bruk utan behov for lading for meg. Det er altså ikkje noko stort behov for å ha Powerplay med denne. Då er plutseleg musa eit langt betre kjøp òg, med tanke på den stive prisen for både G903 og Powerplay.

Dette er framleis langt frå det beste produktet til Logitech, men først og fremst eit alternativ til G502 og G Pro Trådlaus for dei som vil ha ei litt større mus. Dei er alle gode allround-produkt.

8.5
/10
Logitech G903 Hero Lightspeed
Gamingmusas altmoglegmann får utvida batterilevetid, men Logitech kunne gjort meir her.
Vekelang batteritid
Støtte for Powerplay
Ambidekstridesign
11 knappar
Justerbart rullehjul med to hastigheiter. Det klart beste du kan få tak i
Modulære sideknappar
God programvare
Høg vekt
Så-som-så komfort
Litt vel mjuke sideknappar

Les hele testen »

Logitech G903 Hero Lightspeed

#25 – Gaming og produktivitet i skjønn foreining

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 114 gram

Tilkopling: Trådlaus

Knappar: Ti + klikkbart rullehjul med to ulike hastigheiter

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Drøssevis av knappar og ergonomisk design

Beste bruksområde: Det meste

Logitech G502 er eit av dei desidert mest populære gamingprodukta på marknaden, og i fjor tok produsenten sjansen til å tene litt meir pengar ved å kome med ei ny utgåve. 2019-versjonen av G502 har blitt oppdatert med HERO-sensoren og Lightspeed-støtte.

Den nye versjonen er nokre gram lettare, men elles er alt som før. Du får ei tung, men ergonomisk mus som passar alt frå skytespel til produktivitetsoppgåver takka vere heile ti knappar og eit fantastisk rullehjul. Me ville framleis gått for G903 eller G Pro Trådlaus i staden viss du skal ha Logitech, men er du ute etter å erstatte den slitne utgåva di av G502 med ei ny, så er dette vegen å gå.

G502 stiller litt i same klasse som G903. Ho er meir behageleg å halde i handa, men til gjengjeld veg ho ein del meir enn G903 og har betydeleg kortare batterilevetid. Her gjeld det å balansere desse omsyna opp mot kvarandre. Kva er viktigast for deg?

8
/10
Logitech G502 Lightspeed
Den klart beste versjonen av G502, men den kostar skjorta.
Marknadens beste programvare
Trådlaus, med støtte for PowerPlay
Redusert vekt
Eit av dei beste datamus-rullehjula er blitt endå betre
Styrka byggekvalitet
Feilfri sensor med null forseinking
Svindyr
Framleis for tung til å kunne konkurrere med dei beste skytespelmusa

Les hele testen »

Logitech G502 Lightspeed

#26 – Gå heller for G703

Storleik: Mellomstor

Vekt: 86

Tilkopling: Kabel

Knappar: Fem + klikkbart rullehjul

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Ei ergonomisk mus med fantastisk komfort

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

G403 er ein litt lettare versjon av G703. Skilnaden er først og fremst at denne har kabel, og at G703 er trådlaus. Alt anna er identisk.

For min del er ikkje kuttet i ti gram verd overgangen til kabel. Musa har ein lett og fleksibel kabel, men så lenge han ikkje når opp til Paracord-nivå, ser eg ikkje poenget i å velje G403 over G703. Prisen er ofte ganske lik når G703 kjem på sal.

Dette er framleis ei glimrande skytespelmus, men i og med at Logitech ikkje har endra noko på denne, er det like greitt å gå for G703. Eventuelt kan ein vente til neste generasjon, for eg har ein mistanke om at Logitech kjem til å hive seg på kappløpet om å lage så lette datamus som mogleg ganske snart.

7.5
/10
Logitech G403 Hero
Ergonomisk mus med imponerande komfort, men som er lite vits i å kjøpe når G703 finst.
Eksepsjonelt komfortabel
Feilfri sensor
Brukarvenleg programvare
Gode knappar
Kabel
Kostar nesten det same som G703

Les hele testen »

Logitech G403 Hero

#27 – Nok ein kinakopi av Model O

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 72 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Lett, billig og komfortabel

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Fourze GM800 er samletestens andre kinakopi, som ikkje klarar oppgåva med å matche inspirasjonskjelda fullt like godt. Bikakekonstruksjonen er nett den same som me finn på Glorious Model O, men GM800 er litt tyngre.

Kabelen er ikkje av same kvalitet, sideknappane er svakare og rullehjulet lagar ein uheldig ulyd i ny og ne på begge eksemplara eg har fått tilsendt av GM800. Det gjer meg skeptisk til at andre ting gjerne kan ryke etter kvart òg. Glorious har fått nok av kritikk for byggekvaliteten på Model O òg, men eg trur me kan stole litt meir på dei enn danske Fourze.

I og med at dette er ein kopi kan du vente deg den same, komfortable passforma, så det er framleis ei grei investering viss ein ønskjer å spare nokre kroner.

7.5
/10
Fourze GM800
Kinakopiar kan vere gode kjøp, men akkurat denne modellen er slått av Model O.
Skolissekabel
Låg vekt
Flott RGB
Betre rullehjul enn Model O
Feilfri sensor
Behageleg i bruk
Svakare sideknappar enn Model O
Svakare kabel enn Model O
Ulyd i rullehjul
Tyngre enn konkurrenten

Les hele testen »

Fourze GM800

#28 – Er framtida modulær?

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 90 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg:

Modulært design, med musekabel av metall som dei ein finn på gamle telefonar. Opto-mekaniske brytarar under museknappane. Kan dette i det heile bli meir spesielt?

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Når ein ser på HP Omen Reactor er det vanskeleg å ikkje bli litt skeptisk. Ho skrik gimmick lang veg. Men her har HP verkeleg klart å lage ei modulær mus som faktisk fungerer. Vekta er overraskande låg på berre 90 gram, og ho kjenst lett å bruke med bungie (men det trengst verkeleg, for kabelen er blytung).

Kroppen kan stillast opp og ned for å finne den optimale passforma, og ei støtte på sida gir deg god kvile til tommelen. Eg veit ikkje heilt kvifor dette fungerer, men eg vil gjerne sjå meir som dette, HP. Først og fremst er det spanande å sjå at produsentane tør å ta nokre sjansar.

Det er vanskeleg å ikkje like dette produktet. Ho har framleis ein del element som må pussast på, men dette er utan tvil eit godt kjøp no som prisen smyg ned mot 500. Den tunge kabelen gjer likevel at produktet ikkje er fullt like attraktivt som det var då det kom i 2018. Me har òg sett på HP si trådlause utgåve av Reactor, men der er sjølve musa såpass tung at dette er eit betre val.

8
/10
HP Omen Reactor
Modulært design av mus er særs brukarvenleg, men HP har litt smårusk dei må pusse på.
Ergonomisk og stilig design
Justerbar passform
Kabel som toler det meste
Låg vekt
God sensor
Velplasserte knappar
Opto-mekaniske brytarar sørger for minimal forseinking
Kabelen er tung og bråkar - treng bungie
Ubehageleg hakk i konstruksjonen på høgresida
Rasling i høgre- og venstre museklikk

Les hele testen »

HP Omen Reactor

#29 – Fantastisk komfort, men vanskeleg å anbefale

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 96 gram

Knappar: Sju + rullehjul

Sensor: SteelSeries TrueMove 3+ (feilfri)

Særpreg: Flott RGB og design, dobbel sensor. Særs komfortabel.

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Då denne musa først kom var eg sikker på at den kom til å halde plasseringa på toppen ut heile 2018. Rival-serien til SteelSeries fekk ein unik dobbelsensor; delt mellom ein feilfri «normal» sensor, og ein ekstra minisensor som styrer løftedistanse.

Rival 600 hadde òg årets beste design, samt ein ekstra sideknapp som er grei å ha i MOBA og MMORPG-spel. Kombiner dette med ei av dei beste passformene eg har vore borti for store datamus, så skulle ein tru at denne framleis burde vore langt oppe på lista. Dessverre er det nokre store problem med byggekvaliteten som ein ikkje kan ignorere. Etter ein knapp månad med bruk lausna limet til gummigrepet på sidene av musa. No har eg skrudd denne ned til 8/10 (ho fekk først 9/10), men eg gleder meg veldig til neste generasjon – sett at SteelSeries finn ei betre løysing for sidegrepa. Klarar dei å gjere det, samt få ned vekta til rundt 80 gram, er det potensial for toppkarakter her.

8
/10
SteelSeries Rival 600
SteelSeries Rival 600 byr på fantastisk komfort, flott design og ekstrem presisjon.
Fantastisk komfort
Fiffig vektjustering
Gripande utsjånad
Dobbel sensor, med ekstrem presisjon
Like god til kontorbruk som til spel
Enkel programvare
Mistar sporing på nokre underlag
Svak saum på silikonbelegg

Les hele testen »

SteelSeries Rival 600
1: Introduksjon og 1-10
2: 11-20
3: 21-29
4: 30-39
5: 40-48

Siste fra forsiden