Samletest

Gamingmus 2020

Kva er den beste gamingmusa du kan kjøpe?

Me tar for oss nesten 50 gamingmus i ein svær samletest.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Introduksjon og 1-10
2: 11-20
3: 21-29
4: 30-39
5: 40-48

#30 – Roccat med murstein for handflategrep

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 92 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: Roccat Owl-Eye (feilfri)

Særpreg: Ergonomisk og stilrein mus for handflategrep

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Kain 120 Aimo er ei stor mus retta mot handflategrep. Utsjånaden er kanskje det fremste trekkplasteret, og byggekvaliteten verkar særs solid. Finishen er blant dei desidert beste eg har sett.

Forma er nok det som kjem til å dele brukarane her. Sjølv om musa er ergonomisk designa er ho høg og firkanta, som gjer at fingertuppgrep blir ganske ubehageleg. Klogrep går greitt, men det er altså først og fremst handflategrep eller hybrid mellom klo- og handflategrep ein bør bruke. Har du noko anna, ville eg ikkje kjøpt denne. Til gjengjeld er ho veldig komfortabel å bruke i handflategrep, men her snakkar me ei ganske smal målgruppe.

Musa veg 92 gram, som er lett nok til at ho fungerer fint til intense spel der ein må flikke mykje, men eg skulle gjerne sett ein vektreduksjon på 20 gram. Dette er trass alt ei kabla mus. Sjølve kabelen er fletta, som er litt betre enn gummikabel, men kabelen er ganske så stiv. Det er langt opp til kva skolissekablane til Glorious og Finalmouse gjer for bruken av musa.

Som på Kone Pure Ultra er knappane nokre høgdepunkt her òg, med god, taktil tilbakemelding på både sideknappar og høgre- og venstre museklikk, og eit marknadsleiande gummirullehjul. Her får du berre éin PPT-knapp, som er laga i gummi for å passe inn med det stilreine designet.

Sideknappane er store, velplasserte og har kort vandring.

På programvaresida får me nok ein gong bruke Roccat Swarm, som framleis er like rotete. Kain 120 Aimo har litt meir RGB å by på, med lyselement i både logoen på baksida, og på sida av rullehjulet. Dette er blant dei mest kraftige lysa eg har sett, så kudos til Roccat for å spandere på oss litt kvalitet her.

Sensoren er av typen Roccat Owl-Eye, ein modifisert versjon av Pixart PMW3389. Feilfri, med andre ord.

Det er stil og byggekvalitet som Kain 120 Aimo verkeleg vinn på, men me syns forma blir litt vel spesiell for at ho skal kunne konkurrere i toppen.

7
/10
Roccat Kain 120 AIMO
Eit flott produkt for den smale målgruppa.
Flott design
Lyssterk RGB
Imponerande byggekvalitet
Behageleg i handflategrep
Feilfri sensor
Vekta er litt vel høg
Kantete passform
Rotete programvare

#31 – Rival 600 i trådlaus form

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 121 gram

Knappar: Sju + rullehjul

Sensor: SteelSeries TrueMove 3+ (feilfri)

Særpreg: Det same som Rival 600 – berre trådlaus

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Rival 650 er i praksis identisk til Rival 600, berre at denne er trådlaus. Med det kjem ulempa med ein monalegl høgare vekt, men ein slepp sjølvsagt å styre med kabel. Batteriet held koken i rundt ti timar før musa treng lading via ein USB-kabel.

Igjen ville me venta til neste generasjon av Rival-serien, fordi denne har akkurat dei same problema med byggekvalitet som Rival 600. Limet til sidene på denne røyk faktisk etter berre to veker for meg denne gongen.

8
/10
SteelSeries Rival 650
SteelSeries Rival 650 er ei imponerande mus, men treng framleis litt finpussing.
Feilfri sensor
Flott design
Sju knappar
Bra programvare og RGB
Respektabel batterilevetid
121 gram er litt i overkant
Framleis det same dårlege limet på sidegrepa
Dyr

Les hele testen »

SteelSeries Rival 650

#32 – RGB-kongen

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 104 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Sinnssjukt RGB-show, elles enkel og grei mus til fornuftig penge

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

HyperX har satsa hardt på gamingmus sidan 2018, men har ikkje heilt treft blink dei siste åra. Pulsefire Surge var det beste dei kunne by på fram til i fjor, ei skytespelmus med innebygd raveparty-RGB, som kom ut i 2018. Eg har enno ikkje sett noko anna datamus som når opp til denne på RGB, men no i dag er ho langt unna å nå opp til toppen i konkurransen.

Her får du ein toppsensor, ei god passform og solid byggekvalitet. Men samstundes er ho skikkeleg tung samanlikna med kva dei beste er no, og musa har eit problem med at museknappane set seg fast i kvarandre. Det fekk eg ikkje med meg i den første testen, så 2020-karakteren er nok ikkje meir enn 6 av 10.

9
/10
HyperX Pulsefire Surge
HyperX gjer opp for fjorårets feilsteg med eit glimrande produkt.
Eminent sensor gir deg presisjonen du treng
Behageleg i bruk, sjølv over lengre periodar
Kanskje marknadens mest omfattande RGB-løysing
Imponerande byggekvalitet
104 gram vil vere for tungt for mange
Skuffande programvare

Les hele testen »

HyperX Pulsefire Surge

#33 – Relansering av klassikar frå SteelSeries

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor+

Vekt: 94 gram

Knappar: Sju + rullehjul

Sensor: TrueMove Pro (feilfri)

Særpreg: Skytespelmus med mange knappar og behageleg passform

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Sensei-musa til SteelSeries er eit tidlaust produkt, som har blitt inspirasjon til eit utal kloner i ettertid. SteelSeries kom ut med ein ny versjon av musa etter mange år i 2019, som var ganske skuffande.

Det er ei god mus, men som ikkje er i nærleiken av å nå opp til konkurrentar som har kome i etterkant. Dream Machines DM1 Pro S er betydeleg betre enn Sensei Ten, med omtrent same form. DM1 Pro S er riktig nok ikkje i produksjon lenger, men Endgame Gear XM1 er eit endå betre alternativ, sjølv om forma ikkje er heilt lik.

Passforma er grunnen til at musa har blitt så populær, men med eit svakt rullehjul som ein ofte trykkar inn ved uhell, gummikabel og litt høgare vekt enn kva som er trendy i 2020, er det få grunnar til å kjøpe Sensei Ten.

6
/10
SteelSeries Sensei Ten
Gjer skuffande lite med relanseringa, og prisar seg vekk.
God programvare
Behageleg passform
Velplasserte sideknappar på begge sider
Feilfri sensor
Gummikabel og tyngre enn den burde vore
Svakt rullehjul
Dyr
Fort gjort å trykke inn rullehjulet ved uhell

Les hele testen »

SteelSeries Sensei Ten

#34 – Rimeleg toppmus frå HyperX

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 92 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3327 (feilfri)

Særpreg: Stygg, men billig og behageleg

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Me har ikkje fått testa så mange mellomklassemus, men HyperX sin 2018-modell vil sannsynlegvis vere ein av leiarane blant datamus rundt 300 – 400 kroner. Med ein feilfri sensor, imponerande komfortabel form, grei vekt og robust byggekvalitet har HyperX tikka av dei fleste boksane her.

Utsjånaden er ein smule spesiell og anti-sklirillene på sida er ikkje så effektive som dei burde vore, men elles vil dette vere eit greitt produkt sett i lys av prisen.

Problemet er først og fremst at produktet er skikkeleg keisamt.

7
/10
HyperX Pulsefire Core
Rimeleg skytespelmus frå HyperX som tikkar dei fleste boksane.
Feilfri sensor (dog litt svakare enn toppsensorane på papiret)
Fletta kabel
Grei vekt
God passform
Passande plassering på sideknappar
Billig
Anti-skli-rillene dekkjer ikkje heile sida, som gjer den litt glatt
Passforma er litt for spesiell til at dette blir noko allmenn hit

Les hele testen »

HyperX Pulsefire Core

#35 – For Wow-spelaren som driv videoredigering

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 136 gram

Tilkopling: Trådlaus

Knappar: Tolv + klikkbart rullehjul med to ulike hastigheiter

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Produktet for den som treng masse knappar og god komfort

Beste bruksområde: MMORPG, produktivitet

G604 er Logitechs satsing på MOBA og MMORPG, som strengt tatt er ei langt betre kontormus enn til dømes Logitech MX Master 3. Det ergonomiske designet minner ein del om G502, men denne passar betre for dei med større hender.

MOBA-mus er generelt ganske tunge, og G604 er ikkje noko unntak. Denne veg 136 gram på vekta mi, og det med AA-batteri. Det er eit lite minus til. Til samanlikning veg Razer Naga Trinity rundt 120 gram, som òg har fleire knappar. Trinity er nok slik sett eit lurare kjøp.

Kvifor denne ikkje har støtte for trådlaus lading er eg òg usikker på. Som med G305 er du avhengig av eit batteri, som er spesielt rart med tanke på at G604 kom ut i 2018. Batteriet held i over 200 timar som er godt innanfor dersom du har eit oppladbart AA-batteri, men det er litt tungvint.

7
/10
Logitech G604 Lightspeed
Logitechs beste til kontorbruk og MMORPG, men ber preg av å ha gått ut på dato.
12 knappar
Justerbart rullehjul med to hastigheiter. Det klart beste du kan få tak i
Brukarvenleg programvare
Lang batterilevetid
Behageleg i bruk
Treng AA-batteri. Ingen støtte for Powerplay
Tung

Les hele testen »

Logitech G604 Lightspeed

#36 – Solid mus med stilig RGB

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 110 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Utskiftbar kabel og fine RGB-effektar.

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

ASUS ROG er nok langt meir kjende for maskinvare enn mus, men dei har trappa opp satsinga si på datamus dei siste åra. Den kabla, store spelmusa Gladius II Origin var ein lovande start då ho kom for nokre år sidan.

Ei fin RGB-stripe langs botnen av konstruksjonen lagar eit kult lysshow på pulten din, og musa er ganske behageleg i alle grepstypar, men per dagens standard er ho keisam som få. Den ergonomiske forma er gjort betre av andre, og med ei vekt på 110 gram, høge sideknappar og ein stiv gummikabel er det ikkje så mykje å rope hurra for her lenger.

Det er ikkje noko direkte gale med ho, men samanlikna med kva ein kan få på marknaden i dag, ville me nok neppe gitt ho meir enn 5 i ei ny vurdering på grunn av ein stiv pris. Musa er rett og slett gått ut på dato.

8
/10
Asus ROG Gladius II Origin
ROG gjer opp for fjorårets feil, men bør jobbe vidare med å redusere vekt.
Feilfri sensor
Omfattande RGB-innstillingar
Ergonomisk design
God byggekvalitet
Furene på gummibelegg motverkar sveitte hender
Val mellom to ulike kablar
Kan stille på løftedistanse i ROG Armoury II
Høge sideknappar
Gummikabelen er berre ein meter
For tung med sine 110 gram

Les hele testen »

Asus ROG Gladius II Origin

#37 – Gladius er verre som trådlaus

Gladius II Wireless er ein trådlaus versjon av Gladius II Origin. Når det kjem til passform, sensor og knappar er det ingen forskjellar mellom dei to. Det er den same, høge, store ergonomiske musa for høgrehendte. Me skriv difor ikkje så veldig langt i testen av denne.

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 125 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Gladius Origin II i ei noko dårlegare, trådlaus utgåve

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Trådlause mus er ofte tyngre enn kabelmus, og dette er ikkje noko unntak. Problemet er at Origin allereie er ganske tung for dagens standard. Trådlaus-versjonen veg difor heile 125 gram, som er ganske langt bak kva andre på marknaden gjer med mus med berre seks knappar.

Eit pluss i boka for Gladius II Wireless er at ho støttar trådlaus kopling gjennom både 2.4 GHz trådlaust band med USB-sendar, og Bluetooth. Det er naturlegvis meir forseinking med sistnemnde, men det kan vere greitt å ha viss ein er på farta og treng USB-porten til noko anna. Batterilevetida er ikkje all verda å skryte av, med rundt 50 timar over 2.4 GHz utan RGB. Her har dei eit stykke å gå opp mot Logitech.

Programvara er den same som på kabelversjonen, og lysprofilane er like. Det er derimot ikkje noko lyspanel langs botnen av trådlaus-versjonen, så her er det nok ei nedgradering.

Summert opp er Asus Gladius II Wireless eit produkt som kunne vore veldig bra om det blei oppdatert. No er musa nokre år bak marknaden, og Asus har ikkje kome med noko ny variant enno. Det er litt trist. Den trådlause versjonen er òg eit svakare produkt enn kabelversjonen, så eg ville heller gått for Origin enn denne.

5.5
/10
Asus ROG Gladius II Trådløs
Trådlaust er ikkje alltid betre.
Trådlaus med både USB-sendar og Bluetooth
Feilfri sensor
Behageleg passform
Ein haug med RGB-innstillingar
God byggekvalitet
Tung
Ingen RGB langs konstruksjonen slik som kabelversjonen
Høge sideknappar

#38 – Rar som få

HP er litt som kjerringa mot straumen når det kjem til datamus. Dei har eksperimentert i aust og vest, og prøver seg på nye ting. Det er kjekt å sjå at produsentane har litt mot. Med den trådlause versjonen av Omen Reactor, Photon, har eksperimentet gått litt skeis.

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 144 gram

Knappar: Åtte + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3335 (feilfri)

Særpreg:

Modulært design, trådlaus med trådlaus lading. Opto-mekaniske brytarar under museknappane. Særpreg så det held.

Beste bruksområde: Det meste

Der Reactor er ergonomisk designa med ei stor tommelstøtte, er Photon ambidekstriøs med tommelstøtter på begge sider. Desse kan du ta av og på takka vere ein magnet. Det verkar for så vidt som ein god ide, men problemet er at musa verkeleg ikkje fungerer utan tommelstøtta. Då blir det mange skarpe kantar.

Ved å gå vekk frå det ergonomiske designet og samstundes i praksis halde på same form, blir eg nøydd til å ha handbaken min eit stykke bak ryggen på musa med klogrep. Det kan fungere fint på til dømes Logitech G305, men her blir det ubehageleg. Ved å fjerne det ergonomiske designet og ved å halde på dei lange museknappane, gjer ein at det strengt tatt berre er handflategrep som er greitt å bruke.

Overgangen frå telefonleidning til trådlaus teknologi har vore tung. Bokstaveleg talt. Der kabelversjonen veg i underkant av 100 gram, veg denne heile 144 med tommelstøttene på. Det er ganske heftig. Photon har heller ikkje den modulære ryggstøtta, som er den fremste grunnen til at Reactor er eit morosamt produkt.

Verken denne eller Reactor kjem til å dukke opp på pulten til esportutøvarar, men dei har ein viss sjarm. Photon er derimot langt frå like nyttig som det Reactor var. Dette er ein murstein. Ein særs liten ein, men framleis ein murstein.

Når det kjem til knappar har Photon opp til åtte knappar og eit klikkbart rullehjul, der rullehjulet har fått ei klar oppussing sidan Reactor kom ut. Det nye gummihjulet har mykje klarare trinn, og er i toppklassen. Sideknappane har fått nye brytarar og eit skarpare klikk, med kort vandring og klar tilbakemelding. No er det òg mogleg å ha sideknappar på høgre side, som kan installerast på same vis som med Logitech G Pro Trådlaus.

Museknappane på Reactor var ein smule lealause, med mykje luft under, og det er fjerna i denne versjonen. Dei nye knappane er i same stil som sideknappane. Sist er PPT-knappen er no delt i to, der du har to mindre knappar i staden for ein stor.

Sensoren er av typen PixArt PAW3335, som ser ut som ein nedgradert versjon av PMW3389 for å spare straum. Den verkar feilfri, og sikrar at musa held koken i 50 timar med RGB-lysa på. Støtte for Qi-lading gjer òg at du ikkje treng å uroe deg for at batteriet går tomt. I motsetning til Razer og Logitech har HP (med blant anna Asus) vald å gå for ei løysing som du kan bruke til både musa di og telefonen din. Det står det respekt av.

Når det kjem til programvare har Omen Command Center fått ei betydeleg overhaling sidan sist me prøvde det. Det er plenty av innstillingar å velje mellom, som løftedistanse, omfattande makro og heile åtte trinn for PPT. Det er berre fem RGB-modusar, men til gjengjeld er dei ganske unike. Du får òg sjanse til å lage dine eigne RGB-oppsett.

Alle knappane er blitt betydeleg betre (og fleire), rullehjulet er heilt topp, den trådlause teknologien fungerer fint, men elles er eg skeptisk til dei andre designvala. Forma fungerer ikkje på langt nær like bra, og vekta er blitt mykje høgare. Klarar dei å eventuelt foreine veikskapane med styrkane her, så er det mogleg at HP har eit vinnarprodukt på gang. Som ho er no, er musa neppe eigna til konkurransespeling i det heile. På eit vis er heile produktet ein gimmick, men designfilosofien skal HP få eit kraftig pluss i boka for.

6
/10
HP Omen Photon Wireless
Rett og slett litt for eksperimentell.
Modulære sideknappar
Spenstig design
Modulære tommelstøtter
Trådlaus, med trådlaus lading
Kanon rullehjul
Feilfri sensor
Fungerer ikkje utan tommelstøttene
Mindre behageleg enn den kabla versjonen
Særs tung
Ingen modulær rygg som på Reactor

#39 – Langt frå like bra som Raid

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 112 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Trådlaus, ergonomisk mus med Qi-lading

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

HyperX Pulsefire Dart er ein trådlaus variant av Pulsefire Raid, med nokre små endringar. Igjen får me ei stor, ergonomisk mus med ei behageleg passform. Forma er likevel ikkje heilt den same. I staden for ei ganske rett venstreside er det ein merkbar klump bak på venstre side for å støtte tommelen. Med mitt klogrep må eg flytte handa mi litt ned for å få det meste komfortable grepet på Dart, som igjen gjer at det blir eit stykke opp til sideknappane. Det er eg ikkje så fan av.

Dart er òg litt jamnare over ryggen enn det Raid er, og har ikkje komfortgrover på høgresida av musa. Eg trur kanskje dei med større hender enn mine (18,5x9 centimeter) vil syns at Dart er meir behageleg i bruk med handflategrep og klogrep, for denne musa kjenst betydeleg større ut i handa mi enn Raid. Musa er faktisk kortare enn Raid, men den jamne ryggen gjer at ho er noko klumpete i forhold. Det er som ei forvaksen Logitech G703 med ei mindre komfortabel form.

Vekta har òg gått opp, frå Raid sine 96 gram til 112 gram på Dart. Trådlause mus er alltid tyngre enn kabelutgåvene, men Raid har trass alt mange fleire knappar og meir funksjonalitet. Her kunne nok HyperX gjort meir.

Musa har berre fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Det er altså ein del kutt her. Sideknappane har ein overlegen klikkelyd, men har lengre vandring og er difor ikkje like kjekke i bruk. Museknappane er ganske like.

Når det kjem til det trådlause, så er ytinga upåklageleg takka vere ein PMW3389-sensor og låg forseinking. Me er ikkje oppe på nivå med Logitech og Razer, men det er ikkje så langt unna. Musa har støtte for trådlaus lading med Qi-standarden. Det gjer at du kan bruke ei eining for å lade både musa og telefonen din.

Batteriet putlar og går i 50 timar med RGB, og opp mot 90 timar utan. Det er respektabelt.

Problemet er at dei same programvareveikskapane held fram her, og på Dart har eg ikkje ein gong fått til å oppdatere fastvara. Det fungerer rett og slett ikkje. NGenuity 2 kom ut for snart eit år sidan, så det er verkeleg på tide at HyperX gjer noko her. RGB-fargane er òg noko nedgradert, då det berre er to ulike førehandsinnstillingar å velje mellom, mot fem på Raid.

Konklusjonen er vel at dette er ei svakare mus enn Raid. Bruksområde er annleis, men trådlaus lading er langt frå nok til å gjere opp for dei funksjonane som forsvinn. Sjølv om forma moglegvis er litt betre for dei med store hender, er dette eit skuffande produkt i forhold til Raid. Byggekvaliteten er òg blitt verre, for det er ein merkbar skranglelyd frå rullehjulet når ein ristar på musa.

6
/10
HyperX Pulsefire Dart
Den trådlause versjonen av Raid er monaleg dårlegare.
Trådlaus, med Qi-lading
Feilfri sensor
Gode museklikk
Stort batteri
Høge sideknappar i forhold til komfortkurva på venstre side
Tung
Trøblete programvare
Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
1: Introduksjon og 1-10
2: 11-20
3: 21-29
4: 30-39
5: 40-48

Siste fra forsiden