Samletest

Gamingmus 2020

Kva er den beste gamingmusa du kan kjøpe?

Me tar for oss nesten 50 gamingmus i ein svær samletest.

Mikkjell Lønning/Gamer.no
1: Introduksjon og 1-10
2: 11-20
3: 21-29
4: 30-39
5: 40-48

Det er ikkje alltid like enkelt å vite kva ein bør handle av speltilbehøyr. Marknaden er ekstremt metta. Det er tusenvis på tusenvis av produkt å velje mellom når det kjem til tastatur, mus og headsett, der kva som helst kan vere det rette produktet for deg.

Me vil difor gjere eit forsøk på å dyppe tåa litt i overflata av det som er der, og har testa det aller meste av dei populære produkta på marknaden. I denne samletesten har me laga ei liste over 48 gamingmus me har testa over dei siste to åra.

Produkta er rangert etter kva me syns gjer best jobb til speling, og det har etter kvart blitt ei heftig lekse. Nedover lista finn du både mus me har testa før, der det ligg lenkje til testane, og nye produkt som me skriv litt lengre om.

Karaktertekstane for produkta me har testa før lar me stå som dei er, og flyttar heller produkt som ikkje heilt har klart å halde følgje med konkurransen lengre nedover på lista.

Eldre produkt får vere med i testen så lenge dei held følgje med nyare sensorar.

Dersom du ønskjer å lese litt gjennom kva vurderingar du bør gjere deg før du handlar ny mus, har me skrive ein omfattande guide på kva som er viktigast. Guiden gir òg innblikk i kva me vektlegg i testane våre:

LES OGSÅ: Dette bør du tenkje på før du kjøper gamingmus »

Subjektive vurderingar

Det har vore ei rasande utvikling på marknaden dei siste åra, der det er blitt ei etablert sanning om at det som er lettast, det er best. Det er førebels ikkje gjort noko forsking på dette, men sjølv er eg i alle fall samd.

Sensorane byrjar å bli så gode at me knapt merkar noko forskjell mellom dei, og det er ikkje lenger noko skilje på ytinga til kabelmus og trådlause mus hjå produsentar som Razer og Logitech. Marknaden flaumar over av nye produkt, som resulterer i eit mangfald som berre vil bli større no som stadig fleire produsentar byrjar å flytte merksemda si over på datamus.

Omtrent kva som helst produkt i det øvre sjiktet av denne kåringa kan vere det beste valet for deg, så ta rangeringa med ei klype salt. Den rette musa kan ha stor positiv effekt på spelinga di, men det treng ikkje nødvendigvis vere produktet med dei beste spesifikasjonane på papiret. Finn det som du meiner er viktigast, om det så er form, vekt eller utsjånad, og bruk det som kompass i jungelen av gamingmus.

Testen er delt opp i fem sider, og ein kan navigere mellom sidene på toppen av botnen av artikkelen.

Så, la oss gå i gang.

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 74 gram

Knappar: Sju + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3399 (feilfri)

Særpreg: Ladedokking, trådlaus og lett. Stiv pris

Beste bruksområde: Det meste

#1 – Gamingmusa over alle gamingmus

Razer har gjennomført ein skikkeleg snuoperasjon dei siste åra, og har gått vekk frå eit noko dårleg rykte på kvalitetskontroll og konkurransedugleik mot andre produsentar. Toppmodellen deira, Viper Ultimate, er rein ingeniørkunst.

Me fann liten grunn til å gi noko anna enn 10/10, og det er omtrent ingenting å klage på med Viper-serien. Musa kjem i både kabla format og miniversjon, som er like gode kjøp, og endå billigare. Som med nummer to på lista er det prisen det står på her.

Viper Ultimate er etter vår meining den beste trådlause gamingmusa du kan kjøpe. Passforma er nok ikkje for alle, men når det kjem til teknologien bak, vekta, knappane og pakken totalt, så er det vanskeleg å slå Viper.

Kombinasjonen av stilig utsjånad, enkel lading via ladedokk, låg vekt, gode knappar, ei behageleg form og marknadsleiande RGB, gjer dette til årets vinnar.

10
/10
Razer Viper Ultimate
Rett og slett eit banebrytande produkt.
Feilfri sensor
Trådlausyting på linje med kabelmus
Låg vekt - den lettaste trådlause du kan kjøpe
Stilig design
Solid byggekvalitet
God programvare
Velplasserte sideknappar på begge sider
Fantastisk passform
Ladedokking med RGB som gjer det trådlause livet enkelt
Svindyr
Ingen trådlaus lading

Les hele testen »

Razer Viper Ultimate

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 83 gram

Knappar: Åtte + rullehjul

Sensor: Logitech Hero (feilfri)

Særpreg: Trådlaus lading, modulære knappar, plass for vektlodd. Stiv pris

Beste bruksområde: Det meste

#2 – Gammal travar er framleis med i toppen

Då me først testa G Pro Trådlaus i 2018 var det liten tvil om kva datamus som fauk til topps på podiet. Produktet sikra seg årets einaste 10/10-karakter, som var vel fortent. Viper er den einaste musa som har klart toppkarakter i etterkant, og Logitech står framleis til toppkarakter i 2020.

Logitech la millionar i forsking og utvikling inn i produktet i forkant av lanseringa, og eit utal ulike proffspelarar var med på utviklingsprosessen.

Resultatet var tidenes beste trådlause gamingmus, med best sensor og lågast vekt. Viper er nok eit betre val i dag, men Logitech er framleis selskapet som pressa fram denne revolusjonen for trådlause gamingmus. Det er ikkje lenger noko forskjell mellom kabla og trådlaus yting med Logitech og Razer.

Denne har til og med moglegheit for trådlaus lading, slik at ulempene med batteri forsvinn her.

Byggekvaliteten er på topp, og ekstra modulære sideknappar gjer at denne ikkje berre gjer det fantastisk i skytespel og MOBA, men kan òg fint brukast i MMORPG eller i fotoredigeringsprogram.

10
/10
Logitech G Pro Trådløs
Logitech G Pro Wireless er den beste datamusa pengar kan kjøpe.
Feilfri sensor
Modulære sideknappar
Den lettaste trådlause musa du kan få tak i
Støtte for trådlaus lading
Briljant passform
PPT-knapp på undersida
Brukarvenleg programvare
Plass til vektlodd viss ein vil ha tyngre mus
Pris

Les hele testen »

Logitech G Pro Trådløs

#3 – Moderne Zowie S2

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Liten

Vekt: 58 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Enkel, men særs lett

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Finalmouse var merket som verkeleg gjorde lette gamingmus til trendy, men grunna praksisen deira med tidsavgrensa slepp er det Glorious Odin som har blitt bestseljaren her i Noreg. Model O-serien deira har verkeleg slått an i Europa, og er eit kjempeval for dei som er ute etter ei behageleg form til skytespel. Zowie S2 er ofte hylla som tidenes passform for gaming, som er inspirasjonskjelda for Model O-. Denne når ikkje opp til heilt det same komfortnivået, men ligg hakk i hæl.

Zowie ligg langt bak når det kjem til vekt i desse dagar, og Glorious er blitt ein slags modernisert variant av tidlegare skytespelkonge Zowie.

Her får du ein feilfri sensor, særs låg vekt, ein fantastisk skolissekabel som gjer at musa kjenst tilnærma trådlaus ut, saman med effektive RGB-lyspanel som spreier fargane utover pulten din. Rullehjulet er ikkje det beste, og det har vore litt styr med kvalitetskontrollen, men jamt over er dette er glitrande produkt.

9.5
/10
Glorious Model O-
Glorious Odin har verkeleg knekt koden for gamingmus.
Rimeleg
Flott RGB
Fjørlett
Skolisse-kabel
Feilfri sensor
Særs komfortabel i bruk, spesielt med fingertuppgrep
Styr med kvalitetskontrollen
Middels rullehjul

Les hele testen »

Glorious Model O-

#4 – Kinakopien slår inspirasjonskjelda

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 61 gram

Knappar: Seks + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Enkel, lett og robust

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Danske Nordic Gaming har handla ein ferdigbygga musekonstruksjon frå Kina, og har slengt på ein lisens på same programvare som Glorious Odin brukar. Me var overraska over kor bra denne kinakopien faktisk er då me testa han i vår, og me er endå meir overraska no når me slenger denne inn på fjerdeplass på årets liste.

Ein forventar gjerne at det blir tatt nokre snarvegar med kinakopiar, men her har Nordic Gaming eller kven det no er som har laga denne, prestert å utklassere Glorious Odins Model O i vanleg storleik.

Det er mange mus med bikakekonstruksjonar på denne lista, men ingen av dei gir så mykje for pengane som det Vapour gjer. Med ein overlegen sensor samanlikna med Glorious Odin, saman med betre kvalitetskontroll, og lågare pris, er dette rett og slett eit skikkeleg godt kjøp.

9
/10
Nordic Gaming Vapour
Eit fenomenalt kjøp til denne prisen.
Låg vekt
Velplasserte sideknappar
Fin RGB
Blant dei beste formene for gaming
Feilfri sensor
Skolissekabel
Grei programvare
Solid
Skrapete føter
Kabelen når ikkje heilt opp til dei beste konkurrentane
Middels rullehjul

Les hele testen »

Nordic Gaming Vapour

#5 – Solid val frå Glorious Odin

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 68 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Enkel og lett mus for dei med litt større hender

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Første utgåve av Model O er framleis eit glimrande produkt for dei som treng ei rimeleg toppmus. Som med Model O- får du marknadens beste skolissekabel, behageleg passform og flott RGB.

Model O er nokre millimeter større enn veslesystera si, og passar best dei med store eller mellomstore hender.

Forskjellen mellom dei to variantane er berre vekt og storleik. Model O- er slik sett eit betre produkt. For dei som treng noko større, er Model O gjerne svaret. Nokre kvalitetskontrollomsyn, kraftigare sensor og ei overlegen form gjer derimot Nordic Gaming Vapour til eit betre val, men det er samstundes veldig lite å klage på med Model O, heller. Forskjellane er ganske små.

9.5
/10
Glorious Model O
Eit fantastisk produkt, til overraskande låg pris.
Særs mykje for pengane
Flott RGB
Lett
Skolisse-kabel
Solid byggekvalitet
Feilfri sensor
Middels rullehjul

Les hele testen »

Glorious Model O

#6 – Det enkle er ofte det beste

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Mellomstor

Vekt: 74 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Lett og enkel

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Endgame Gear er ikkje eit spesielt kjend merke her i Noreg, men har verkeleg skapt eit namn for seg i det siste. Produsenten rettar seg spesielt inn mot konkurranseskytespel, og hadde som mål å skape den ultimate skytespelmusa.

Det er dei ikkje langt unna å få til. Dette er etter vår meining den beste passforma for klogrepbrukarar på marknaden i dag.

Det er to variantar av Endgame Gear XM1 på marknaden, der 2020-utgåva kjem i ein slåande kvitfarge. Sjølv om XM1 er litt spiss i kantane, er kontrasten mellom det svarte rullehjulet og den kvite konstruksjonen verkeleg eit flott syn. Kutt i RGB har gjort at dei kan vere konkurransedyktige på pris, men du får ikkje fullt like mykje for pengane med denne enn med topp fem-vala våre. Med litt lågare vekt og eit lite priskutt frå 650 kroner kan denne fort segle inn på plass nummer tre.

9.5
/10
Endgame Gear XM1 (2020)
Endgame Gear gjer alt rett, og byr på ei enkel og knallgod skytespelmus.
Feilfri sensor
Særs komfortabel passform - men først og fremst for klogrep
Skolissekabel
Låg vekt
Godt grep på finish
Perfekte sideknappar

Les hele testen »

Endgame Gear XM1 (2020)

#7 – Fjørlett og utilgjengeleg

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Liten

Vekt: 51 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Marknadens lettaste skytespelmus med toppsensor. Modulær konstruksjon

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Det er litt på kanten å ta med ei mus som ein ikkje kan kjøpe i butikken lenger i ein slik test, men amerikanske Finalmouse har laga bygd opp merket sitt på å ha tidsavgrensa produktslepp. Ein kan framleis plukke med seg nokre eksemplar på bruktnettstadar, og produsenten kjem nok med ein ny variant etter kvart. Difor hiv me Ultralight 2 med. Det er trass alt eit særs godt produkt.

Med perfekte sideknappar, fjørlett konstruksjon og kabel, saman med ein behageleg passform for dei med små eller mellomstore hender, er det mykje å like med Finalmouse sitt nyaste produkt. Moglegheita til å klistre på ekstra sidepanel gjer òg at det er større sjanse for at ein kan finne den rette forma enn med andre produkt.

Det at det ikkje er fleire igjen på lager av produktet gjer til gjengjeld at prisen no er skyhøg med tanke på kva ein får for pengane, og det var den for så vidt ved slepp og.

9.5
/10
Finalmouse Ultralight 2
Finalmouse Ultralight 2 er eit aldeles fantastisk produkt, men svir for lommeboka.
Heimesnekra modulært design
Den lettaste spelmusa du kan kjøpe
Topp passform
Feilfri sensor
Fjørlett tøykabel
Ingen programvare
Perfekte sideknappar
Svindyr
Litt skrangling i konstruksjonen
500hz oppdateringsrate

Les hele testen »

Finalmouse Ultralight 2

#8 – Lita, men for alle

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Liten

Vekt: 62 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3389 (feilfri)

Særpreg: Fjørlett, liten og brei

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Cooler Master MM710 og MM711 er blitt hylla som nokre av dei desidert beste skytespelmusene du kan kjøpe i 2020. Det er ikkje utan grunn.

Paret kjem i enten svart eller kvitt, og i matt eller glossy overflate. Me har testa dei matte, som har ei teksturert overflate som hindrar at ein mistar grepet med sveitte fingrar. Forma er basert på Gamle Cooler Master MasterMouse S, med nokre ørsmå endringar.

Det er ikkje mange små, breie mus som dette, og ingen med bikakekonstruksjon. Difor er Cooler Master MM710 og 711 ganske unike i dag. 711 veg 62 gram, og er blant dei lettare produkta på marknaden. Problemet med denne type konstruksjon er ofte byggekvaliteten, som CoolerMaster har slite ein del med her. Ein kan alltids sende musa tilbake viss ein får ein dårleg variant, men det er nok ein del av dei. For meg verkar MM711 relativt solid, utan noko form for rasling, men det kjem ein stygg knirkelyd når eg presser ned på høgre- og venstre museknapp med kraft. Dette bør fiksast. I starten var eg skeptisk til om det kom til å skje noko hakkande gale etter kvart, for musa verkar direkte skjør. Men eg har brukt MM711 av og på i nokre månadar utan problem. Knirkinga kjem ein ikkje til å høyre med mindre ein pressar unormalt hardt ned på museknappane.

Forma er som nemnt unik, og er blant dei aller beste for klogrep. MM711 er ein av mine personlege favorittar. EndGame Gear XM1 er den einaste klogrepforma eg likar betre, men eg pleier likevel heller å gå for CoolerMaster grunna lågare vekt. Men sjølv om produktet er lite, går det fint an å bruke for dei med store hender. For meg er det mykje å gå på med alle grepstypar, fordi ryggen kviler ganske langt framme i handflata mi.

Skolissekabelen er eit blinkskot, og det same er knappane. Med fem knappar og eit klikkbart rullehjul er desse enkle produkt, men dei har meir enn nok for konkurransespeling. Høgre- og venstre museknapp har Omron-brytarar med skarpe klikk og kort vandring. Sideknappane har perfekt plassering, og det einaste dei manglar er litt fastare vandring.

PPT-knappen sit på ryggen, i ly for rullehjulet. Han er relativt låg, og det skal ein del til for å kome borti ved uhell. Rullehjulet er òg oppe i toppen av dei me har testa, sjølv om det er av gummi. Trinna er faste og lyden er tilfredsstillande å høyre på.

Cooler Master har gått for ein PixArt PMW3389-sensor, som betyr feilfri yting. Programvara er òg kjekk å ha, for det er fleire avanserte innstillingar som langt frå alle museprodusentar kjem med. Her kan ein stille på løftedistansen, responstida på knappane, fart på dobbelklikking og liknande. Grensesnittet er eit rot, men det tar ikkje lange tida å finne fram.

Det er berre MM711 som har RGB, som ein justerer gjennom programvara. Cooler Master MasterPlus-programvara har ikkje meir enn fire førehandsinnstillingar for RGB, men det er mogleg å lage sine eigne. Eg syns det burde vore meir valfridom her, spesielt då RGB-fargane gjer ganske mykje ut av seg i ei mus med bikakekonstruksjon. Det er ein svær del av ryggen på musa som lyser opp med fargane.

MM711 er ei unik mus der kvalitetskontrollen er det einaste som trekkjer ned opplevinga eit hakk. Her får du ei fantastisk konkurransemus, som fort endar opp på skriveborda til proffspelarar verda over. Den vesle og breie forma er det ingen andre gamingmus som har.

Vekta er særs låg, forma komfortabel, knappane gode og fargane flotte. Her er det mykje å sette pris på.

9
/10
Cooler Master MM711
CoolerMaster leverer sitt beste produkt.
Skolissekabel med Paracord-nivå
Feilfri sensor
Rimeleg
Fantastisk passform for klogrep og handflategrep
Fjørlett
Perfekt plasserte sideknappar
Fin RGB
Skral byggekvalitet

#9 – Ettertrakta og dyr

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 61 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Ei av få fjørlette gamingmus i storformat

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Finalmouse skapte ein storm av etterspurnad i USA for musa deira med Ninja-branding i 2018, og dei leverte så til dei grader. Dette var då marknadens desidert lettaste, store datamus, og er framleis eit toppval for skytespel og MOBA. Med ein kabel som gjer at musa nesten kjenst trådlaus, ei vekt du knapt merkar, samt ei særs behageleg passform, blir summen av desse elementa ein hovudskotmaskin utan like.

Dessverre er heller ikkje denne å oppdrive lenger, og bruktprisane ligg godt over 2000 kroner på Finn.no for den raude varianten. Det er håplaust dyrt. Underteikna har framleis produktet på pulten, og den er difor ganske så høgt oppe på lista, i og med at ein teknisk sett kan få tak i den.

Finalmouse er på veg ut med eit nytt produkt, så der gjeld det berre å smørje seg med tolmod og følgje med på MaxGaming, den norske leverandøren av merket.

9
/10
Finalmouse Air58 Ninja
Air58 er ei fantastisk skytespelmus, og får ein tiar av oss når det kjem programvare.
Under 60 gram utan kabelen (61 med litt på vekta)
Feilfri sensor
«Plug and play» utan programvare
Flott design
God passform
Den beste musekabelen me har kome over
Oppdateringsrate på 500
Mangel på programvare gjer tilpassing tungvint viss ein treng det
Umogleg å få tak i

Les hele testen »

Finalmouse Air58 Ninja

#10 – Glorious med ergonomidesign

Produktinfo

Vis mer

Storleik: Stor

Vekt: 69 gram

Knappar: Fem + rullehjul

Sensor: PixArt PMW3360 (feilfri)

Særpreg: Stor, lett og ergonomisk

Beste bruksområde: Skytespel/MOBA/RTS

Model D er Glorious sitt produkt for dei som vil ha ei ergonomisk forma mus, i motsetning til resten av produktrekkja deira som er ambidekstriøse. Glorious byr på den same, marknadsleiande kabelen, ein bikakekonstruksjon på knappe 69 gram, og ei passform som ligg særs godt i mellomstore og store hender.

Denne er i praksis ein kopi av Zowie sin EC-serie, eit særs populært val blant skytespelproffar for nokre år sidan. Model D kjem òg i ei «minus»-utgåve, men me har ikkje fått hendene våre på miniversjonen enno.

Summen av Model D er eigentleg berre Model O i Zowie EC-form, og det fungerer ypparleg.

9
/10
Glorious Model D
Glorious kjem med nok eit imponerande produkt i rekkja av vinnarar.
Topp sensor
Blant dei beste ergonomiske formene for dei med store hender
Låg vekt
Skolisse-kabel
Flott RGB
Rimeleg pris
Høge sideknappar
Middels rullehjul

Les hele testen »

Glorious Model D
Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »
1: Introduksjon og 1-10
2: 11-20
3: 21-29
4: 30-39
5: 40-48

Siste fra forsiden