Anmeldelse

Shadow of Memories

Stakkars Eike Kusch. Ein heilt vanleg dag går han nedover gata, berre for å bli knivstukken og sendt til det hindsidige. Det er ikkje enkelt nei, for han får ikkje heilt lov til å kvile i fred med det første heller. Han får ein ny sjanse. Ein ny sjanse og ei tidsmaskin. Kva ville du ha følt om dette skjedde deg, og kva ville du ha gjort om nokon gav deg ein ny sjanse?

Side 1
Side 2

Svake lydeffekter
Konami har gjort ein svært god jobb med valet av skodespelarar til Shadow of Memories. Sjølv om det hender at leppene ikkje alltid stemmer med kva som blir sagt, og at dei kanskje er litt stive i bevegelsane, passar dei og det ser naturleg ut. Og stemmene er kanskje noko av det som er mest gjennomført her. Eg skal ikkje begynne å ramse opp alle spel med elendig dubbing, men her ser det ut som om nokon har tatt jobben sin alvorleg. Shadow of Memories har allikevel eit stort problem når det gjeld lyden. Når Eike går høyrest det heilt forferdeleg ut. Du har kanskje vore borti ein del spel der fotstega og hopping høyrest ut som nokon som slår med ein flaske på ei bok? Vel, dette er enda verre. Det høyrest ut som to trepinnar blir slått mot kvarandre i eit rom med overdriven akustikk. Det høyrest grusomt ut. For ikkje å bli gal såg eg meg nøydt til å skru volumet på effektane kraftig ned.

Langt og kjedeleg
Shadow of Memories har seks sluttar, noko som bygger opp mot eit ganske langvarig spel sidan det tar ca sju timar å spele gjennom det ein gang. Dessverre vil eg tru at få i det heile tatt vil orke tanken på det. Hovudsakleg følest det som om du sit og ser på ein film, i staden for å vere aktiv deltakar. Du får dine val, og handlinga utspelar seg deretter, men det forandrar likevel ikkje at det er eit ganske stilleståande spel, men ein film kan jo vere bra, og Shadow of Memories har sine høgdepunkt. Eit av dei mest festelige augeblikka var etter at to jenter stod og såg på filmplakaten til "The Meditating Man". Etter ein tur tilbake til 80-talet fekk eg snakka litt med regissøren av denne filmen.

Hans mangel på kreativ tankegang fekk han til å spørje ut Eike om kva han skulle finne på. Godt tilbake i notida viste det seg at folk hadde stor interesse for eposet som Eike var med på å forme. Det er lett å bli dradd inn i denne merkelege historia, og plottet har nok tvistar til å underhalde deg, men ingenting kunne rette opp den skuffa følelsen eg fekk då eg var ferdig. Ferdig er vel ikkje akkurat rett ord sidan eg blei opplyst om at eg hadde gjort ferdig slutt B. Der sat eg og forventa meg ei oppklaring av alt, noko som skulle forklare kva dette er for noko, men nei. Det eg fekk var Eike som følte at noko mangla. Personleg følte eg meg lurt. Lurt til å spele gjennom eit spel utan å få noko igjen for det. Det er dette som sannsynlegvis vil skilje dei som likar Shadow of Memories, frå dei som elskar det. Der mange vil ha lyst til å kaste kontrollen i veggen, vil andre prøve alt for å få dei svara dei vil ha.

Konklusjon
Eg må innrømme at det aldri har vore så vanskeleg for meg å bestemme meg for kva eg syns om eit spel. Eg veit ikkje om eg likar det. Eg veit ikkje om eg hatar det, eller om eg ligg ein plass midt i mellom. For å i det heile tatt forstå dette spelet må du spele det sjølv. Eg vil ikkje anbefale nokon å kjøpe det, om du då ikkje er ein fanatisk Konami-fan. I teorien kan nok Shadow of Memories underhalde deg i fleire veker, men det er nok tvilsamt om det vil halde på oppmerksamheita di så lenge. Når handlinga først tar seg opp, og blir interessant, så er engasjementet borte. I ein tidsalder der få ting kan halde på oppmerksamheita vår i meir enn eit par sekund, fungerar ikkje det. Folk vil ha spenning, og dei vil ha det umiddelbart. Shadow of Memories blir nok raskt gløymt. For det er ikkje mange som vil hugse denne ustabile historia med kanskje nokon av dei verste grafiske augeblikka dette året.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden