Anmeldelse

Shin Megami Tensei: Persona 3

Skuleliv og demonjakt

Det er mange måtar å kjempe mot demonar på. Ein av dei er å vende ein pistol mot deg sjølv.

1: First page
2: New page

God natt, min skatt

Manglande kontroll over gruppa er for det meste ikkje eit stort problem, men det kan skape frustrerande situasjonar. Eit temmeleg solid døme på akkurat dette, er uventa dødsfall. Om ein av venene i gruppa di skulle døy, kan du vekkje dei til live igjen med forskjellege gjenstandar. Skulle det same skje med deg, er spelet over. Dette gir hovudpersonen, som du sjølv har gitt eit fengjande namn, ein ufrivillig viktig posisjon. I dei fleste andre rollespel står ikkje spelet på ein enkelt person, og i Persona 3 innser ein kor bra det er.

Noko av det mest irriterande som har skjedd meg i Person 3, kjem nett på grunn av dette. Eg har klatra meg gjennom fleire etasjar i Tartarus, og har ikkje funne eit lagringspunkt på ei stund. Eg har full helse, og alt går bra. Brått møter eg ein heilt normal fiende som kastar død på meg. Ein magi eg er forsvarslaus mot, og resultatet er omlag ein time med speling rett i dass.

Hadde spelet lagra seg sjølv, eller gitt meg sjansen til å lagre til dømes mellom kvar etasje, hadde ikkje dette vore noko problem. Men det er ikkje slik ting fungerer i Persona 3. I Persona 3 må du gå mellom ei aukande mengde etasjar. Du finn punkt som kan teleportere deg tilbake til første etasje der du finn eit lagringspunkt, men då må du klatre gjennom alle etasjane på ny. Med jamne mellomrom vil du finne teleporteringspunkt som kan sende deg både inn og ut av ein etasje, men etter kvart blir det svært mange etasjar mellom kvart av desse punkta. Det seier seg sjølv at det er lite freistande å traske gjennom åtte etasjar, gå ut for å lagre, for så å måtte klatre gjennom dei åtte etasjane på ny.

Skuleklokka ringjer

Som med livet til alle superheltar, om vi kan kalle deg det, er livet fyllt av store kontrastar. Kvar dag må du gå på skulen, og dette er viktig for å gjere tokta dine i den mørke timen lettare å handtere. Ved å utvikle venskap til andre personar, og ved å forbetre deg på forskjellege område som akademi, sjarme og mot, vil du kunne få fleire vener. Når du møter ein person, og innleier eit venskap, vil dette danne ei sosial lenkje, noko som er svært viktig når du seinare skal lage dine eigne Personaer.

Det daglege livet tek eigentleg ikkje mykje tid, og går for det meste ut på å gjere enkle val. Til dømes kan du velje om du vil gå på trening, ta del i skulerådet, eller syngje karaoke. Alt du gjer vil gjere deg betre på eit elle anna område. Om du er saman med ein ven, og seier dei rette tinga, vil venskapet bli betre. Eit betre venskap vil gi ekstra erfaring til ein Persona du lagar sjølv, noko som er svært nyttig for å gjere kampane enklare.

Utfordringa ved å handtere fleire venskap, er å prioritere kva som er viktig. Om du gjer ein glipp, og gjer to avtaler på same dag, kan dette gå ut over det venskapet du endar opp med å nedprioritere. Innleier du to kjærleiksforhold vil dette til slutt kunne gå hardt ut over eit av dei, slik at den sosiale lenkja blir hardt ramma, noko som igjen kan gjere det vanskelegare å skape ein ny Persona. Dette er likevel ein av dei mest engasjerande delane av spelet, og det er litt synd at du får så lite tid til det. Kvar dag er over i løpet av nokre minutt, medan ein tur i Tartarus til samanlikning kan ta timar.

Dei forskjellege personane du møter på skulen er alle forskjellege, og du utviklar forhold utover kva statistikkane seier. Du får dine favorittar, og der du ein dag møter ei jente som er søt og interessant, må du seinare stå ovanfor dilemmaet om kva du skal gjere når du møter ei du likar betre. Det heile blir teke enda eit steg lengre når du brått møter ei jente i eit MMORPG. Du sit der heile dagane og snakkar 1337 gjennom ein fantastisk parodi på språket som fullstendig har massakrert god grammatikk.

Flott presentasjon

Persona 3 er eit PlayStation 2-spel, men dette er på ingen måte noko som held det tilbake. Det hadde absolutt vore flott å sjå spelet i full HD, og med widescreen-støtte, men den enkle grafiske stilen er godt framstilt. Fargerike miljø, og store flotte teikningar representerar dei forskjellege personane i spelet. I tillegg har spelet svært god lyd. Skodespelet er ikkje direkte truverdig, men det passar stilen til spelet godt. Det går i stor overspeling, og det høyrest eigentleg ut som ein velgjort anime, noko som eigentleg må kunne seiast å vere eit stort kompliment for spelet.

Både lydeffektar og skodespel blir likevel gruslagt av eit heilt fantastisk lydspor. Musikken i Persona 3 er suveren. Det går i pop, hip hop, funk, jazz, rock, og alt anna du kan tenkje deg i ei salig blanding som gir spelet eit heilt unikt særpreg. Musikken i spelet er kul, og effekten av det er at du verkeleg innbiller deg at du gjer noko kult òg. Du blir stadig pumpa full av suggerande rytmar og fengande låter, og dette byggjer opp om skulesettinga.

Konklusjon

Persona 3 er temmeleg sært. Det er på sett og vis to spel i ei pakke. Om dagen må du gjere dine val basert både på personlege preferansar, samt tenkje nøye over kva du bør bli betre i for å handtere brasane om natta. Natta i seg sjølv er ikkje mindre unik. Dei tilfeldige genererte bretta du spring rundt i byr kanskje ikkje på mykje variasjon, men det ser spesielt nok ut til at dette aldri er noko som plagar deg. Det viktigaste av alt akkurat her, er eit kampsystem som verkeleg får til å gjere noko heilt spesielt på ein svært god måte, noko som er alfa omega for eit slikt spel.

Ved første augekast ser dette kanskje ut som eit litt tvilsamt spel for spesielt interesserte, men dette kunne ikkje ha vore lengre frå sanninga. Persona 3 er engasjerande på alle punkt, og sjølv om det absolutt kunne ha vore betre, er det eit trygt kjøp for alle som har lyst på eit langt spel litt utanom det vanlege.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden