Sideskrollande Batman-eventyr får HD-versjon

Nye sjanse for dei som ikkje har Vita og 3DS.

I løpet av fjorårets fekk vi ikkje berre eitt, men to Batman-spel. Det eine var Batman: Akham Asylum-forløparen Batman: Arkham Origins som presenterte oss for ein yngre Batman, medan det andre var PS Vita- og 3DS-eksklusive Batman: Arkham Origins Blackgate.

Dette sideskrollande ationspelet adopterte den klassiske «metroidvania»-stilen der ein utforskar todimensjonale område som er fulle av skjulte gangar og område. For dei som ikkje fekk med seg spelet i første omgang fortel Warner Bros. i ei pressemelding i dag at dei snart vil lansere ein ny og forbetra versjon av spelet. Denne har fått namnet Batman: Arkham Origins Blackgate: Deluxe Edition og vil bli tilgjengelege for nedlasting på PC, Xbox 360, PlayStation 3, samt Wii U 2. april.

Betre grafikk og lyd

Blackgate byr på sniking og kamp i to og ein halv dimensjon.

Den mest opplagde forbetringa vi vil merke er at alt no blir presentert i ei høgre oppløysing. I tillegg byr spelet på eit nytt kartsystem som vil gje spelaren hint for korleis ein skal gå fram om ein sit fast. Utover dette skal det bli lettare å halde styr på kvar ein skal gå for å nå måla sine.

Lyden har òg fått seg ei forbetring og blir no presentert i 5.1 surround. Historiesekvensane i spelet har i tillegg fått fullt stemmeskodespel.

Batman: Arkham Origins Blackgate er utvikla av Metroid-veteranane hos Armature Studios. Spelet er berre eitt av fleire spel i nyare tid som har teke steget frå portable konsollar til den store skjermen. Tidlegare har spel som Castlevania: Lords of Shadow – Mirror of Fate, og Assassin's Creed III: Liberation blitt tilgjengelege via nedlasting.

Siste fra forsiden