Sjå dei ferske GTA V-trailerane

Møt hovudpersonane i Rockstars komande storspel.

Det femte spelet i Rockstar Games sin massive Grand Theft Auto-serie kjem i september. I Grand Theft Auto V reiser vi til Los Santos i staten San Andreas. Desse områda har vi vitja før i det alle første Grand Theft Auto-spelet, samt kassasuksessen Grand Theft Auto: San Andreas.

Grand Theft Auto V blir i følgje Rockstar det største Grand Theft Auto-spelet så langt, og vil bli like stort som Grand Theft Auto: San Andreas, Grand Theft Auto IV og Red Dead Redemption samanlagt. Du vil kunne utforske alt frå urbane miljø til skogar og havbotnen.

Nytt for serien er vi vil få ta på oss rolla som heile tre ulike hovudpersonar. Den eldste av dei er Michael. Han er ein pensjonert bankranar som lev rikmannslivet og omgir seg meg vakre kroppar og vakre bilar. Diverre har hann nådd midtlivskrisa og er lei av det trauste livet som familiemann.

Difor passar det godt å ha ein kompis som Trevor, ein hillbilly med dårleg språk og sannsynlegvis enda dårlegare ande. Trevor er valdeleg, impulsiv og ser ikkje ut til å bry seg så frykteleg mykje om kva tær han trakkar på.

Franklin er på si side ein svindlar i 20-åra, og av traileren å døme lev han det farlege gatelivet fullt ut. Både langing, strippeklubbar, heftige biljakter med påfølgjande skyteepisodar er godt representerte.

I løpet av spelet vil du kunne byte mellom dei tre heltane når som helst, og på enkelte oppdrag vil alle saman vere med.

I dag har Rockstar lagt ut tre videoar som gjer oss betre kjende med desse «heltane», og du kan sjå dei nedanfor.

Les også: Se splitter ny GTA V-trailer Les også: – Ingen skjult agenda bak Grand Theft Auto V-utsettelsen

Siste fra forsiden