Sjå Star Citizen i aksjon

Chris Roberts har vist fram den den enormt populære romsimulatoren.

Wing Commander-skapar Chris Roberts har hatt heilt vanvittig suksess med sitt folkefinansierte spel Star Citizen. Spelet har sett verdsrekord for å ha samla inn mest pengar gjennom kronerulling, og held stadig fram med å slå sine eigne rekordar. For tida har spelet samla inn godt over 240 millionar kroner, noko som er eit budsjett på høgde med store produksjonar frå dei største utviklarstudioa.

Sjølv om pengane held fram med å rulle inn har vi ikkje sett mykje frå spelet. Det einaste vi har fått har vore nokre korte videoar, skjermbilete, og ein hangarmodul som viser oss korleis hangaren i spelet vil sjå ut.

No får vi via Eurogamer vite at Chris Roberts omsider har letta på sløret, og under ein presentasjon under PAX East i Boston – som har blitt filma og lagt ut på nettet – har han vist fram korleis spelet blir i aksjon.

Eit visuel beist

Denne cockpiten kan bli din.
Cloud Imperium Games

Videoeane frå presentasjonen som du kan sjå nedanfor demonstrerer først og fremst kor lekkert Star Citizen allereie er. Spelet blir bygd på CryEngine og ser allereie svært bra ut. I videoen får vi sjå både asteroider, andre skip, ein massiv planet og spenstige lyseffekter.

Vidare får vi sjå Chris Roberts demonsterer korleis det fungerer å jakte andre skip, krasje inn i steinblokker, samt korleis G-kreftene i spelet fungerer. Star Citizen er enno i ein svært tidleg fase, så det kan vere lurt å halde gameplayforventningane i sjakk ei stund til. Mykje skal framleis endrast eller inkluderast, og til dømes grensesnittet er uferdig.

Star Citizen er førebels berre planlagt for Windows, men utviklarane utelukkar ikkje ein konsollversjon. Dei er likevel fast bestemde på at spelet på ingen måte vil bli dumma ned for å fungere på konsoll.

Kva trur du om Star Citizen etter å ha sett det i aksjon?

Siste fra forsiden