Slik er framtida for Intel sine gamingprosessorar

Produsenten avduka planane for dei neste fire åra.

ILLUSTRASJON: 11. generasjon av Intel sine prosessorar kom ut i mars, og dei slepp ein ny generasjon allereie i år.
Intel

Intel er blitt notoriske for kompliserte og forvirrande produktnamn, og gjorde i går kveld eit forsøk på å rydde opp i namngivinga si. Under presentasjonen på Intel Accelerated gav dei nodane for dei neste åra nye namn, medan dei letta på sløret for publiseringsplanane.

Intel 7 er det nye namnet på den komande 10-nanometer «Enhanced SuperFin»-arkitekturen deira. Dette er ein nyversjon av dagens Tiger Lake-prosessorar, men visstnok med ei auke på 10-15 prosent yting per watt samanlikna med Tiger Lake. Intel 7 er grunnlaget for Alder Lake-prosessorane som kjem i løpet av 2021.

Ymse lekkasjar og rykte seier at flaggskipet i Alder Lake får 16 prosessorkjernar, der åtte er «vanlege» og åtte er små kjernar. Prosessorane får støtte for både DDR4 og DDR5-minne, saman med femte generasjon av PCIe.

Intel annonserte at dei skal halde ein konferanse 27. og 28. oktober, så det kan godt hende at prosessorane blir lansert då. Dei har førebels ikkje stadfesta rykta om at Alder Lake får hybridkjernar.

Éin nanometer i 2024

VEGEN FRAMOVER: Intel presenterte planane fram til 2025.

Vidare får 7nm-prosessorane (Meteor Lake) namnet Intel 4. Desse skal få ei 20 prosent auke i yting per watt, og går i produksjon i andre kvartal av 2022. Dei kan me visstnok vente i butikkhyllene i 2023.

Endå lenger fram i tid kjem Intel 3, Intel 20A og Intel 18A. Intel 3 får ei auke på 18 prosent yting per watt, og skal i produksjonen andre kvartal av 2023. Intel 20A blir starten på ein ny transistorarkitektur og kjem i byrjinga av 2024, medan Intel 18A startar utvikling først i 2025.

Intel omtalar 20A og utover som «angstrom-æraen», der dei går ned på transistorstorleikar på éin nanometer og mindre.

Her kan du sjå Intel Accelerated i opptak:

Siste fra forsiden