Slik lages Gears of War 2

Gears of War 2

Oppfølgjaren til det største spelet frå 2006 er snart over oss.

LEIPZIG (Gamer.no): Michael Capps er ein artig mann. Han er en av Epic Games grunnleggjarar, snakkar frå levra, og har ingen problem med å rope til arrangørane at lyden skal få øyra våre til å blø, medan han demonstrerer Gears of War 2Game Developers Conference i Leipzig. Han veit alle i salen ventar i spaning på dette spelet, og han har all grunn til å vere høg i hatten.

Utviklerdagbok om flerspillerbiten

Vis større

Utviklerdagbok: Gears of War 2 #2

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • Gears of War


Gears of War til Xbox 360 har så langt solgt meir enn fem millionar eksemplarar, og spelet var det første til å trumfe Halo 2 på Xbox Live. Det er ikkje småtteri, og som han seier det sjølv:

– Når spelet ditt sel så bra, då du lage ein oppfølgjar. Det er ei uskriven lov innan speldesign, fortel Capps.

Meir historie

Epic Games hadde ikkje planlagt ein oppfølgjar, men dei var klare for det. Filosofien deira er at du som utviklar ikkje skal satse på å lage eit spel, men lage ein franchise. Med Gears of War gav ikkje Epic oss ei djup og involverande historie, men spelet presenterte oss for interessante karakterar og eit scenario som verkeleg hadde opne dører for ein oppfølgjar.

Med Gears of War 2 er det akkurat det vi får, og historia skal gå mykje meir i detalj på kva som skjer på planeten Sera. Epic lovar oss i tillegg eit spel som er bygd opp etter filosofien «nytt, betre, meir».

Noko Capps reagerer på hos andre utviklarar er korleis det alltid handlar om våpen.

– Det handlar om å ha dei beste våpna, klarar du ikkje den biten bør du ha flest våpen, og går ikkje det, kan du like godt flytte til Sveits. Vi er òg prega av dette, men prøver å gjere ting på litt andre måtar.

Noko som både var og er viktig for Epic Games med utviklinga av Gears of War-serien, er at du skal tru på verda. Våpna i Gears of War er kanskje ikkje noko du vil finne i ein våpenbutikk (med unntak av Lancer-våpenet som er tilgjengelg på Amazon.com sjølvsagt), men det er noko du kjenner igjen, og du skjønar umiddelbart kva det går ut på. Våpenet vil, i følgje han, aldri stå der med ein lysande ball, og lure på kva den er skapt for.

Prosessen startar

– Før utviklinga av Gears of War 2 verkeleg kom i gang, måtte vi setje oss ned for å sjå gjennom kva vi skulle finne på for å gjere spelet enda betre enn forgjengaren. Vi delte spelet opp i dei viktigaste områda, og analyserte dei. Kva likte vi med spelet? Korleis kunne vi gjere spelet betre, og kva vi burde ha enda meir av.

Ein ting dei raskt kom fram til, var at dei ville ha mange fleire fiendar. Det er krig på planeten Serra, men i Gears of War var alle kampane veldig kompakte, med få fiendar på skjermen samtidig. Dette blir forandra i Gears of War 2. I mange situasjonar vil du ende opp i kamp mot hundrevis av Locust som veltar mot deg. Akkurat denne biten fekk Capps til å gå nærare inn på detaljar om kva grafiske forbetringar dei kan tilføre Unreal-motoren:

Les også
Anmeldelse: Gears of War 2

– I staden for å tenkje over korleis vi kan gjere motoren betre, tenkjer vi heller over korleis betre teknologi vil gjere spelet betre, seier han og viser forsamlingen nokre bilete av hundrevis and Locust.

Epic vil setje deg inn i massive krigsområde, for det er ein grunn til at fiendane blir kalla Locust-horden. I tillegg til dette vil du i mykje større grad kunne laga pinneved av områda, noko Capps demonstrerte. Ei granat bomma litt på målet sitt, noko som resulterte i at ein heil bygning rasa ned, til stor jubel frå de fremmøtte. I tillegg til dette spyttar utviklarane inn mange fleire detaljar i områda, med alt frå ting som gror, til skrot som ligg og sleng.

Det er ikkje berre på den grafiske sida teknologien har blitt betre. Epic har tatt til seg at mange har vore lettare frustrerte over visse funksjoner på Xbox Live. Nokre døme på forbetringar er at du no kan gå saman med andre spelarar i ei gruppe, slik at du lett kan gå frå ein kamp til ein anna. I tillegg vil du kunne sjå kvar venene dine er, og kva dei gjer på. Det høyrest eigentleg ut som om dette er litt overflødig med tanke på den nye gruppefunksjonen som kjem i haust-oppdateringa til Xbox Live, men det gjenstår sjølvsagt å sjå.

Mykje nytt i vente

Capps heldt fram presentasjonen sin ved å gå inn i fleire forskjellege område av spelet, og forteljer kva som er forandra i Gears of War 2. Samarbeid har heile tida vore viktig for Epic, og Capps lovar at dette blir enda betre i Gears of War 2. Først og fremst får vi no sjansen til å hoppe inn i eit spel uansett kvar kameraten din skulle vere. Det er slutt på å velje kapittel, no kan du hoppe inn i spelet berre for å hjelpe ein kamerat med eit område, for så å hoppe ut igjen.

Ein anna funksjon, som Capps hevdar blei funne på med tanke på korleis mange spelte Gears of War saman med kjærastane sine, er individuell vanskegrad. Capps trakk fram si framtidige kone som eit døme:

– Eg spelte saman med ho nokre kveldar, men ho gøymde seg alltid i frykt for å bli skoten. Ho var for feig til å gjere noko før eg låg på bakken i ein blodpøl. Då hoppa ho fram, fekk meg på beina og ropte med glede «hurra, eg redda deg». Det er moro ei lita stund, men det blir raskt gammalt, sa han og lo.

Difor kan kvar spelar no velje vanskegrad. Denne vil ikkje få innverknad på kor mange fiendar som dukkar opp, men den som spelar på lettast vanskegrad vil tole meir, og kulene gjer meir skade. I tillegg til dette er du ikkje lenger fullstendig hjelpelaus om du blir skoten ned. No kan du krabbe mot næraste ven, eller finne fram ein granat om noko kjem for å trakke inn skallen din.

«Boter» gjer comeback

Fleirspelar-modusen vil òg få markante forbetringar. Den største avsløringa Capps kom med, er nok at du kan spele mot datastyrte fiendar:

– Dette var stort på PC for mange år sidan, men i skytespel no til dags har dei heilt forsvunne. Dette var viktig for oss med Unreal-spela, så vi valde å hente dei fram igjen. Om du skulle ha problem med å fylle opp ein kamp, kan du berre slenge inn nokre kunstige motstandarar, og spelet er i gang. Om du berre skulle ha lyst til å trene litt aleine, kan du gjere det same, fortel han.

I tillegg har dei vurdert kva modusar som eigentleg passar for Gears of War-universet. Med den store tyngda dei legg på samarbeid, gir det eigentleg ikkje meining med ein typisk «Deathmatch»-modus. I staden kjem den med «Wingman», ein modus der to spelarar er på lag, mot andre lag på to spelarar. Dette tvingar spelarane til å halde saman, sidan du på eiga hand lett blir liggjande på bakken utan sjanse til å kome deg tilbake i spelet.

«Capture the Flag» er ein anna populær modus Epic har laga ein eigen versjon av. I deira variant skal du fange ein fiende, bruke den som skjold, for så å vinne poeng. Det er kanskje litt makabert på ein fin måte, men det snur fullstendig ting på hovudet, sidan du står i fare for å skyte ein lagkamerat. I tillegg til dette har Epic auka mengda spelarar til ti:

– Dette er ikkje Resistance 2 med ein million spelarar, eller kva det no er. Vi vil ha tette hektiske kampar med fokus på lag, difor aukar vi ikkje talet meir. Det er dette Gears of War handlar om, forklarer Capps.

Snart klart for lansering

Det er ingen tvil om at Gears of War 2 kjem til å bli ein stor kassasuksess. Epic vel å satse på å populære idear, i staden for å prøve å skape nye. Dei har allereie formelen som gjorde Gears of War så populært, no treng dei berre å vidareføre den for å skape ein ny suksess. Dei har forbetra mange ting, blant anna dekningsystemet, der du no til dømes kan bruke fiendar som skjold. I tillegg skal den kunstige intelligensen på dei venlege soldatane vere mykje betre, noko eg ikkje er heilt overbevist om, sidan Dom brått forsvann sporlaust under demonstrasjonen, for så å kome tilbake på same vis.

Det er likevel ingen tvil om at alle som storkosa seg med Gears of War, kjem til å ha ein nydeleg haust i møte, når Gears of War 2 endeleg er i butikkane i november.

Siste fra forsiden