Slutt for Red Faction

Tida for destruktiv fysikk er over.

THQ hadde store planar for Red Faction-serien. Det heile starta med eit skytespel i førsteperson i 2001, men det var ikkje før Red Faction: Guerilla lot oss øydeleggje det meste verda hadde å by på at serien verkeleg fann popularitet blant publikum. I eit ope og etter forholda fritt spel kunne du reise fram og tilbake på planeten Mars og bruke den solide fysikkmotoren til å øydeleggje fiendens basar med svært kreative metodar.

Dette slo an, og som ein konsekvens ville naturleg nok THQ dytte serien enda eitt steg. I år fekk vi heile tre turar til Red Faction-universet. Først kom actionspelet Red Faction: Battlegrounds for PlayStation Network og Xbox Live Arcade, der du køyrde rundt i diverse bilar og kjempa mot andre spelarar.

Vink adjø.

I tillegg slapp TV-kanalen Syfy filmen Red Faction: Origins, ein lengre pilot med Robert Patrick i hovudrolla som ville bli vidareført til ein full serie om den blei populær nok

Hovudtittelen i år har derimot vore det ambisiøse Red Faction: Armageddon. I dette spelet blei den opne verda i Guerilla ofra for eit meir konsentrert og historietungt eventyr, utan at det gjekk ut over den totale øydelegginga områda kunne utsetjast for. Det gjekk derimot litt ut over kvaliteten, og Marius hadde dette å seie om det som blei det aller siste Red Faction-spelet:

– Til trass for at det framleis gjerast mykje rett i Red Faction-serien, må det siste kapitlet i serien seiast å vere eit aldri så lite feilsteg. Streben etter å bli eit narrativt spel og etablere eit univers på størrelse med sin inspirasjonskilde Gears of War tar fokuset vekk frå våpenfysikken og fysikken, som alltid har vore desse spela si styrke.

I følgje Eurogamer sa THQ-sjef Brian Farrel på eit investormøte i går at THQ «har ingen planar om å halde fram serien».

Utviklarteamet hos Volition har det heldigvis bra, og er flytta over til å jobbe med Guillermo Del Toro sitt horrorspel inSane.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden