Sniktitt

Castlevania: Lords of Shadow 2

Kan mørkets fyrste bere brannfakkelen med hovudet høgt?

LOS ANGELES (Gamer.no): Om du enno ikkje har spelt Castlevania: Lords of Shadow er det beste om du sluttar å lese no. Lords of Shadow 2 tek opp tråden der det første spelet slapp den, og det er fint lite som kan eiast om Lords of Shadow 2 utan å gå inn på ein ganske vesentleg detalj. Der vi spelte som lyskrigaren Gabriel i det første spelet, gjekk det til slutt ikkje heilt hans veg. Spelet slutta med at Gabriel enkelt og greit blei sjefsvampyren Dracula, og i Lords of Shadow 2 tek du på deg rolla som den blodsugande fyrsten.

Så mykje meir enn det kan eg strengt tatt ikkje seie om historia. E3-demoen byrja med at kameraet viser oss ein trøytt vampyrherre som sit i trona si og først vaknar opp når han høyrer at nokon prøvar å slå seg gjennom døra hans. Ein augerullande replikk i gata «eg døyr etter litt blod» seinare, og vi er i gong.

Menn eldast som vin. Seier dei.

Store endringar

Frå første sekund er det tydeleg at dette er oppfølgjaren til Castlevania-spelet frå 2010 som blei utvikla av spanske Mercurysteam i samarbeid med Kojima Productions. Det visuelle er definitivt på det same gotiske planet, og når du plukkar opp kontrollaren vil du umiddelbart kjenne deg igjen.

Ei rekke endringar har derimot skjedd. Først og fremst har det låste kameraet blitt byta ut med eit fritt kamera som gjev deg full kontroll over kvar du vil sjå. Å kalle det heilt fritt blir likevel litt misvisande sidan det har ein automatisk lås som fokuserer på den fienden du angrip. På sett og vis er det den best tenkjelege blandinga av to verder. Du får full kontroll over kameraet når du vil sjå på ting, men det sørgjer likevel for at du alltid ser kva du angrip, noko som kan bli eit problem i mangt eit actionspel. Som eit resultat nytta eg strengt tatt det frie kameraet svørt lite, og let det gjere jobben sjølv.

Punkt to på lisa over nye ting er eit revidert kampsystem. Krosspiska frå det første spelet er borte, og har blitt erstatta av ei heilt ny pisk. Tenk det! Den nye piska er effektiv i å rumpedaske fiendane til dei blir såre på stumpen, men stort meir enn det gjer den ikkje. Bruken av mørk og lys magi er heilt borte, og i staden kan Dracula materialisere nye våpen.

I demoen fekk eg tilgang på to våpen i tillegg til piska. Det eine er eit sverd som sug liv frå fiendane på same måte som den lyse magien frå det første spelet, medan eit par massive klør gjer ein god jobb i å knuse skjold, om fiendane skulle ha slike. Det er moro, og alt er bygd opp på det solide fundamentet som blei skapt i det første spelet. Angrepa flyg raskt, og det er lett å byggje opp ein solid dynamikk der du hoppar frå fiende til fiende med stålkontroll. Likevel verkar det litt uinspirert. Du blir meir låst til kva våpen du kan bruke på kva fiende, og du ser ikkje ut til å ha heilt den same fridomen til å skru saman din eigen kampplan som du hadde i det første spelet.

At du i rolla som Dracula kan bite tak og suge blod frå svimeslådde fiendar framstår på si side meir som ein litt tidkrevjande gimmick enn noko som har ein verdifull plass i spelet.

Joda, du skal få di politisk korrekte puppedame her òg.

Fri utsikt

Ved sidan av å slakte nokre dusin soldatar i rustning fekk eg prøve meg på litt klatring og utforsking. Castlevania: Lords of Shadow 2 vil bli eit mykje opnare spel enn forgjengaren, og vil la deg springe fram og tilbake som du sjølv vil, men dette var sjølsagt ikkje representert i demoen på nokon som helst slags måte. I staden fekk eg servert nokre lineære kanalar som sende meg demonstrativt inn i gapet på eit massivt beist som mest av alt såg ut som ein massiv skulptur laga av gamle trehus.

På vegen dit fekk eg prøvd ut det nye klatresystemet som er kjapt og effektivt og let deg sjølv velje om du vil sjå hint for kvar du kan gå eller ikkje. Dette er eigentleg eit ganske smart trekk frå utviklarane. Dei fyller ikkje spelet med lysande plattformer som veldig tydeleg viser deg kvar du skal klatre.

Etter litt klatring og springing enda eg opp saman med den ovannemnde golemen. Vi fekk hyrdestunda vår avbroten av ein flygande engel av gull som kasta eksplosive spyd på oss, medan endelause mengder med soldatar taut ut frå gudane veit kvar med jamne mellomrom.

Les også
Anmeldelse: Castlevania: Lords of Shadow 2

Målet med denne sekvensen var å klatre langs diverse utstikkarar for å lure engelen til å skyte hengsler på golemen slik at den gradvis fall frå kvarandre. Slik sett var det ein godt regissert sekvens som trass i at den ikkje akkurat var svært oppfinnsam, gav meg gode moglegheiter til å meistre kampsystemet sidan eg kontinuerleg måtte angripe og vike unna angrep. At Dracula kan hoppe opp på beina igjen ved eit lett knappetrykk om han bli kasta nokre meter kjem godt med.

Det heile var likevel ikkje heilt overbevisande. Det er ikkje slik at å gradvis klatre seg oppover eit beist for så å lure ein annan fiende til å sende skota sine til spesifikke plassar nødvendigvis er dårleg speldesign, men det gjev ei massiv kjensle av å ha gjort det før veldig mange gongar. Slik sett framstår både kampsystemet og klatringa på golemen meir som eit lite steg tilbake, enn som eit stort steg framover.

Dracula øvde på å perfeksjonere den posituren i fleire hundre år.

Konklusjon

Joda, det er moro, det er intenst og det blir voldsomt. Castlevania: Lords of Shadow 2 held fram der det førre spelet slutta, og prøvar seg på å gjere nokre nye ting undervegs. Spørsmålet eg sit igjen med er om det strengt tatt er nødvendig med alle desse nye tinga. Eit fritt kamera er ein ting, og bør kome godt med i eit spel som vil tilby større sjansar for utforsking, men endringane på kampsystemet fell mindre i smak.

Sjølv om tempoet er høgt, og kampane absolutt er engasjerande, er det noko litt tamt over dei òg. Ved å introdusere ulike våpen som alle har sine unike eigenskapar er det lett å ende opp i eit låst mønster der ein gjer dei same tinga om igjen, i staden for å herje like vilt og fritt som vi gjorde i det første spelet. Naturlegvis er det ikkje mogleg å vise den fulle vidda av kampsystemet i ein liten demo, så alt kan snu seg opp ned i det fulle spelet.

Castlevania: Lords of Shadow 2 ser absolutt ut til å bli eit solid spel, men kor langt over akkurat den karakteristikken det klarar å kome seg gjenstår å sjå.

Siste fra forsiden