Sniktitt

Førsteinntrykk: Resonance of Fate

Industriell evolusjon

Er dette Valkyrie Profiles spirituelle etterfølgjar?

Det er noko heilt spesielt med stemninga i Resonance of Fate. Det er mørkt og dystert, og framstår i løpet av dei første timane som eit vaksent spel som vel å presentere personar det går an å tru på, i staden for ein gjeng med naive ungar som får det føre seg at dei skal redde verda. Dette er i seg sjølv ganske spesielt med tanke på at det er tri-Ace som leverer varene, eit utviklarstudio som ikkje akkurat har for vane å bli applauderte for god historieforteljing.

Nokre få timar i denne dystopiske verda er sjølvsagt ikkje nok til å seie om historia vil levere varer av høgre kvalitet enn dei godt mygla epla eg var så uheldig å plukke med meg førre dagen, men det lovar godt. Berre det at Nolan North er hyra inn for å låne stemma si til ein av hovudpersonane kan ein tolke som eit teikn på at utviklarane vil noko med historia denne gongen. Det resterande skodespelet held så langt ein standard langt over det tri-Ace plar presentere (nok som kanskje ikkje seier mykje, men det er eit kompliment likevel).

Byttejegarar på tokt.

Vakkert og unikt

Det er ikkje berre på historiefronten tri-Ace ser ut til å ha forbetra seg i kva som er deira tredje fullblods konsollspel denne generasjonen. Grafikkmotoren som har presentert både Infinite Undiscovery og Star Ocean: The Last Hope har fått seg ei solid oppgradering, og no byrjar den for alvor å ta form. I begge dei tidlegare spela har kvaliteten vore svært variabel, der skarpe kontrastar i fleire område skapte eit bilete som ikkje akkurat var blant dei penaste. Nokre område var svært pene, medan andre skar i auga.

I Resonance of Fate får vi smake heilt andre bollar. Alt heng saman på ein behageleg måte, og lyssettinga har så langt vore upåklageleg. Alt er veldig nedtona og melankolsk, der vi vitjar forskjellige industrielle område som alle ser ut til å ha sett sine beste dagar. Samtidig har tri-Ace skapt personar ein blir nysgjerrig på, og finn interessante berre ved å sjå på dei. Der Star Ocean: The Last Hope gav oss ei lang rekke med livlause nikkedokker blotta for sjel og sjarme, er det noko veldig karismatisk over personane i Resonance of Fate.

Dei er ikkje dine typiske heltar, men i staden ein liten gjeng med byttejegarar som gjer det dei kan for å tene til livets opphald. Eg har ikkje sett snurten av naive tankar om å redde verda frå ein eller anna frykteleg fiende, og det gjer meg strengt tatt veldig glad.

Utradisjonell stil

Om du ventar deg eit tradisjonelt rollespel frå ein japansk utviklar har du kome feil. Umiddelbart minnar Resonance of Fate om Valkyrie Profile-serien meir enn noko anna. Når du spring rundt i ein by skjer alt i ein sideskrollande stil der ein og anna avstikkar og vil sende deg inn eller ut av biletet, eller rotere kameraet medan du rundar ein sving. Om du har spelt Valkyrie Profile: Silmera vil du kjenne deg igjen umiddelbart.

3593 x 2493 er ...

Å byggje opp byane på denne måten tillet utviklarane å dytte enormt mange detaljar inn i kvart område utan at det går ut over bildeoppdateringa. Det er så vanvittig mange små element dytta inn i kvar krik og krok at det skal godt gjerast å få med seg alt.

Ein annan fordel med å byggje opp byane på ein lineær måte slik tri-Ace har valt å gjere det, er at det er umogleg å gå seg vill. Etter ein kjapp tur gjennom byen vil du ha funne alle område av interesse, og etter det vil du alltid vite kvar du skal gå.

Når du omsider tek steget utanfor byane, endrar derimot heile spelet karakter, og i staden for fri utforsking i detaljerte område, vil du flytte ei lita brikke over eit heksagonalt nett. Medan du flyttar markøren dit du vil, kan du bli angripen på tilfeldige tidspunkt, men det tek veldig lang tid mellom kvart angrep, og du kan glatt kome deg frå ein stad av karten til ein annan utan problem. Ein interessant del av dette nettet, er korleis du må låse opp heksagonar for byggje din eigen veg vidare. Slike heksagon får du gjennom å gjere oppdrag, eller kjempe mot fiendar, noko som gir deg ein naturleg motivasjon til å vere litt aktiv.

Spesielt kampsystem

Les også
Anmeldelse: Resonance of Fate

Om det er ein ting tri-Ace er kjende for utanom deira middelmåtige historier, er det deira fantastiske kampsystem. Så godt som kvart einaste spel frå den kanten kastar oss ut i vanvittige kampar som verkeleg får blodet til å pumpe.

Ny fallskjermprototyp fell i smak.

I Resonance of Fate ser ikkje dette ut til å endre seg. Alle kampar skjer på ein arena, og på sett og vis vil alt skje etter tur. Vrien her er derimot noko vi kjenner igjen frå det fabelaktige PlayStation 3-rollespelet Valkyria Chronicles. Du kan springe rundt i arenaen slik det passar deg, men så lenge du rører deg vil fienden kunne gjere det same. Stoggar du opp, vil du vere heilt trygg til å planlegge ditt neste steg. Det er derimot ikkje lurt å springe rundt for mykje. Før du kan fyre laus med eitt av spelets mange skytevåpen, må du lade opp angrepet. Dette er ei aktiv handling der fienden òg kan gjere noko. Om fienden i ein slik situasjon skulle vere raskare til å lade opp angrepet sitt enn deg, vil han kunne avbryte deg, og øydeleggje heile turen din.

Du har berre ei gitt mengde med tid kvar tur. Den står stille om du står stille, og rører seg om du gjer det. Om du spring rundt, vil dette gå ut over kor mykje tid du har til å utføre angrepet ditt. Løysinga på dette kjem gjennom å starte ein «Hero Action». Dette er spenstige angrep som let deg skyte mange gongar i løpet av ein tur, samt utføre forskjellige akrobatiske angrep som gjer ein veldig god jobb i å demonstrere kor vakkert dette spelet er.

Gjennom ein «Hero Action» vil du storme framover, og medan du gjer dette kan du angripe mange fleire fiendar enn kva du elles vil kunne gjere. I tillegg kan du aktivt kaste deg ut i heftige kombinasjonsangrep du stort sett orkestrerer sjølv. Eit døme på dette er å fyre laus nokre rundar på ein fiende, noko som kan kaste han opp i lufta med rå kraft. Om du er rask nok, kan du hoppe opp i lufta over fienden, og skyte ned på han slik at han blir dengt i bakken. Dette gjev deg ekstra gjenstandar som løn, men for å vere ærleg er dei heftige animasjonane når dette skjer løn nok for meg.

Desperado for ein ny generasjon.

Konklusjon

tri-Ace har ikkje vore heilt heldige denne generasjonen. Dei har laga nokre vanvittig bra spel tidlegare, der Valkyrie Profile-serien står som kroneksempel, men dette er eit kvalitetsnivå dei ikkje har makta å leve opp til dei siste åra. Både Infinite Undiscovery og Star Ocean: The Last Hope var gode spel, men dei var begge mangelfulle på kvar sine område, og greidde ikkje levere ei pakke som verkeleg sit igjen lenge hos spelaren.

Etter nokre timar i Resonance of Fate si mørke og fascinerande verd, har eg god tru på at alle gode ting er tre. Motivasjonen for å spele vidare er svært høg, både fordi spelet i seg sjølv er underhaldande, men òg fordi det er eitt eller anna ved historia som verkeleg pirrar meg. Korleis det fulle spelet endar opp med å utarte seg, skal eg fortelje deg i vår omtale som dukkar opp nær lansring.

Resonance of Fate kjem i sal 26.mars for Xbox 360 (testa) og PlayStation 3.

Siste fra forsiden