Sniktitt

Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX

Square Enix og Disney sin smeltedigel vender tilbake i ny drakt.

LONDON (Gamer.no): Auga sperra seg merkbart opp då Square Enix tidleg på 2000-talet lanserte Kingdom Hearts. Partnerskapet mellom den enormt populære rollespelgiganten Square Enix og verdas største teiknefilmkonsern Disney var ikkje berre ei overrasking, det var eit regelrett sjokk.

Ikkje berre skulle dei lage spel saman, dei skulle laga spel der nye karakterar reiste saman med kjende Disney-figurar til forskjellige verder kjende frå Disney-filmar opp gjennom åra. Som om ikkje det var nok ville vi møte populære figurar frå Final Fantasy-serien. Det finnest eit enkelt uttrykk som skidlrar det heile veldig godt: «fan service». Kingdom Hearts viste seg derimot å vere langt meir enn berre eit billeg eventyrspel med kjende figurar. Det var eit uhyre artig actioneventyr fullt av sjarme og utfordringar.

Kingdom Hearts har aldri vore penare.

Tilbake til start

Elleve år har gått sidan vi for første gong møtte Sora og venene hans i Kingdom Hearts. Sidan den tid har vi fått ein bråte med spel, der dei fleste har vore lanserte for handhelde plattformer som DS og PSP. I Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX får vi servert tre av desse spela. Det største og viktigaste er sjølvsagt det originale Kingdom Hearts. Dette blir tett etterfulgt av Kingdom Hearts: Re: Chain of Memories.

Chain of Memories var originalt eit Gameboy Advance-spel som bydde på eit kortbasert kampsystem. I staden for det actionfylte kampsystemet frå Kingdom Hearts samla du i hop ein kortstokk, og måtte bruke litt strategi for å kome deg gjennom kampane. Dette spelet fekk seinare ein PlayStation 2-versjon i full 3D, men denne blei aldri lansert i Europa. Kingdom Hearts HD-pakka blir med andre ord første sjanse til å spele dette spelet med mindre du har importert det frå statane eller Japan.

Det siste spelet i pakka er Kingdom Hearts: 358/2 Days. Spelet med den mildt sagt underlege tittelen var langt frå dei sterkaste i serien, og sidan det blei lansert på DS med grafikk som ikkje akkurat kan kallast levedyktig den dag i dag, har Square Enix valt å fjerne heile spelet. I staden serverer de oss ein film skrudd saman av alle mellomsekvensane spelet bydde på. Denne blir nokre timar lang, og bør gjere det litt lettare å følgje historia enn kva det oppstykka originalspelet presterte.

Ny giv

Den viktigaste endringa Square Enix har gjort i denne samlepakka er å gi heile sulamitten langt høgre oppløysing. Som ein konsekvens ser spelet naturlegvis mange hakk betre ut. Den fargerike og reine stilen låner seg utruleg godt til ei høgre oppløsying, og sjølv om ein framleis lett kan sjå at dette er eit spel av eldre dato, er det ikkje så frykteleg mykje meir som skal til før vi spring rundt i ein interaktiv teiknefilm.

På tide å samle gjengen igjen.

Det mest slåande i det første Kingdom Hearts-spelet – som var det einaste eg fekk prøve i denne omgang – er dei ulike figurane. Sora, Donald og Lanbein viser seg alle frå sine beste sider, og dette merkast enda betre i kamp. Spelet har ikkje heilt det same tempoet som nyare spel i serien, men det er likevel eit nydeleg fyrverkeri som utbroderer seg på skjermen.

Skavankane merkar ein først og fremst når bakgrunnar kjem hakket for nær kameraet. Då er det lett å sjå uskarpe teksturar og skarpe kantar på modellane, men dette er strengt tatt berre flisespikkeri. Som ei HD-restaurering er dette utan tvil blant dei beste i klassen.

Ved sidan av å løfte oppløysinga har Square Enix gjort nokre små endringar i korleis spelet i seg sjølv fungerer. Viktigast av desse er utan tvil at kameraet no kan justerast med analogstikka, i staden for ryggknappane slik det var i originalspelet. Kameraet har ein liten autolås, og denne kan by på nokre problem som kastar synsvinkelen rundt her og der. Denne låsen kan heldigvis slåast av, noko som forbetrar situasjonen ein del. Generelt burde kameraet likevel ha vore betre, og i tronge område blir det hakket for distraherande.

Ei anna endringa kjem i form av generell kommunikasjon med omverda. Der du før måtte bla gjennom menyar for å gjere noko så enkelt som å opne ei kiste, kan du no gjere dette berre ved å trykkje på trekantknappen på same måte som i nyare Kingdom Hearts-spel. Eg vil tru dette er ei endring mange vil vere takknemlege for.

Les også
Anmeldelse: Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX

Bortsett frå dette er spelet ved det same gamle, og om du kjem til å kose deg med dette kjem mest an på om likte originalen eller ikkje. Spelet er hakket tregare enn dei siste spela i serien, og med nyare spel friskt i minne framstår det til samanlikning litt tregt og gammaldags. Dette er uansett uunngåeleg med dei mange justeringane serien har vore gjennom sidan starten.

Genie er i alle fall glad for å vere tilbake i høg oppløysing.

Konklusjon

Om du er ein svoren Kingdom Hearts-fan har du ingenting å frykte. Dette er nøyaktig det same spelet du kjenner frå før, berre penare. Dei endringane som er gjort er utelukkande til det betre, og gjer eventyret gjennom dei ulike Disney-rika til ei smertefri oppleving full av eventyr og fargerike lokasjonar.

Den høgare oppløysinga får alt i verda til å hoppe ut av skjermen mykje betre enn før. Kingdom Hearts har alltid hatt ein solid visuell stil som står seg sterkt mot tidas tann, og dette blir berre tydelegare i denne versjonen. At spelet er over ti år gammalt er framleis synleg, men samanlikna med andre spel av same dato held det seg forbløffande bra.

Lengtar du etter eit gjensyn, eller aldri fekk med deg dei første spela kan dette fort bli ein gyllen sjanse til å få med seg Square Enix og Disney sitt merkverdige partnerskap.

Les også: Sniktitt på Final Fantasy X/X-2 HD Remaster
Les også: Kingdom Hearts III er endelig avslørt

Trailer for Kingdom Hearts HD 1.5 ReMIX.

Vi såg på spelet i London. Turen dit blei betalt av Square Enix.

Siste fra forsiden