Sniktitt

Lost Planet 3

Det kjølige isaudet har aldri vore meir einsamt.

LOS ANGELES (Gamer.no): Capcom er på krigsstien. Ein noko spesiell krigssti, men like fullt, dei er klare til kamp. Gjennom dei siste åra har dei teke fleire og fleire av kjerneseriane sine, delt dei ut til vestlege utviklarar, og satsa på å finne gull. For det meste har det gått bra. Bionic Commando frå no avdøde Grin var eit solid spel ingen kjøpte, Dead Rising 2 var eit glimrande spel som gjorde det meste riktig, medan Resident Evil: Operation Racoon City var eit godt konsept som totalt mangla i utføring. Dette er berre spela som allereie er ute.

Ninja Theory er i full sving med ein ny vri på Devil May Cry, og medan Capcom sin japanske filial er oppteken med å diske opp med fantastiske nye seriar som Dragon's Dogma, let dei Spark Unlimited bryne seg på Lost Planet 3.

Valet av Spark er pussig. Dei har ikkje akkurat vist seg som eit påliteleg studio. Turning Point: Fall of Liberty var så frykteleg at eg er redd eg ikkje får sova i natt berre fordi det no måtte hentast fram frå gløymeboka. Legendary var derimot ein kompetent og lettvindt skyter som ved hjelp av spenstig skripting serverte massive og absurde actionsekvensar i eit spel som aldri på noko punkt tok seg sjølv høgtidleg. Lost Planet 3 er derimot eit heilt anna beist, og det kan sjå ut til at Spark veit kva dei driv med.

Kan ikkje klage på utsikta i alle fall.

Få heten på for faen

Som du sikkert veit er Lost Planet-serien satt til den veldig kalde planeten E.D.N. III. I Lost Planet 2 fekk dei tina opp planeten nok til at ein kunne utforske både jungel og ørken, men i Lost Planet 3 er det tilbake til å lage englar i snøen. Capcom og Spark heng seg på ei svært populær bølgje for tida, og har laga eit spel som utspelar seg før det første spelet i serien. Godt mogleg er dette eit trekk gjort fordi Lost Planet 2 ikkje blei den suksessen Capcom hadde håpa på, og sidan mykje av grunnen til at Lost Planet vann mange hjarte i utgangspunktet var den noko uvanlege settinga.

Utover klimaet er derimot det meste ulikt. Der dei føregåande Lost Planet-spela var temmeleg typiske japanske skytespel med alle dei finurlege detaljar det bringer med seg, er Lost Planet 3 naturlegvis mykje meir vestleg i si framtoning. Det sentrerte kameraet frå dei tidlegare spela er droppa til fordel for eit kamera som kikar hovudpersonen Jim over skuldra mykje på same måte som i Gears of War eller Dead Space.

Dette endrar mykje. Du kjem på ein måte nærare Jim enn kva du gjor ein av dei mange figurane i Lost Planet 2, eller Wayne i det originale Lost Planet. Samtidig er det mykje meir dialog i dette spelet. Jim kommuniserer med basen han kjem frå, og dette er med på å skape ei veldig solid stemning. Jim har ein heim, men når han er ute på tokt er denne heimen veldig langt unna, og Spark har gjort ein veldig god jobb i å få dette fram.

Heile konseptet i Lost Planet 3 er at kolonistane på E.D.N. III skal terraforme planeten. Altså, dei skal hete den opp slik at det går an å leve der. Samtidig er den oransje gugga som har vore essensielt for å overleve i dei første spela ein viktig ressurs som fungerer som spelets økonomi. Den som har dene gugga har makt, og Jim sin jobb er å sanke inn slik gugge ved å plassere ut store sendarar som tinar opp eit område. Det er ganske artig å sjå på korleis isen trekk seg tilbake, men det varer ikkje så lenge, sidan dei olme beista på E.D.N III kjapt går til åtak.

Alle har eit svakt punkt, hos nokre er det meir opplagt enn hos andre.

Ein mot alle, og alle mot ein

Kamp fungerer omlag som ein kan forvente seg. Tempo er ikkje nøkkelordet for Jim, og med mindre du har funne eit automatvåpen med eit massivt magasin, gjeld det å plassere kulene med omhug. Det betyr på ingen måte at spelet er tregt, men Jim har ikkje overmenneskelege krefter, og dette gjer berre kjensla av å vere aleine og sårbar enda sterkare. Spesielt når ein møter små, raske fiendar som svinsar rundt og bit tak i han. Det kan vere ganske frustrerande, og eg kunne ikkje heilt riste av meg kjensla av at hagla til Jim verkeleg var feil våpen i feil situasjon. Det er sjølvsagt godt mogleg at dette er nøyaktig kva Spark ville oppnå, men om det blir mykje av slikt kan eg lett sjå føre meg at det blir irriterande.

Langt meir moro er det når du får kjempe mot større beist. Som i dei andre spela er fiendane i Lost Planet 3 svært motstandsdyktige mot kuler, med mindre du skyt på dei svake oransje punkta. Avhengig av kva fiende ein møter kan det sjå ut til at kva våpen du brukar ikkje alltid spelar den største rolla. Eitt velplassert skot med hagla kan gjere mykje større nytte enn mange dårlege skot med ei automatisk rifle. Desse våpna skal etter kvart kunne oppgraderast når du returnerer til basen, utan at eg fekk sjansen til å sjå nærare på akkurat den biten.

Dei svære robotmaskinene returnerer sjølvsagt i Lost Planet 3, men med ein ganske stor vri. Sidan dette spelet er sett så mange år før det første spelet at du møter Wayne sin ganske unge far, er det svært mykje som ikkje har skjedd med desse maskinene. I Lost Planet 3 er desse maskinene først og fremst brukt som arbeidsverkty, og har ei klo på eine armen, og ein drill på den andre. Samtidig er dei mykje større enn sine seinare versjonar, og difor skiftar synsvinkelen til førsteperson når du set deg bak spakane.

Les også
Anmeldelse: Lost Planet 3

Det betyr likevel ikkje at maskina ikkje kan brukast til kamp. I ein temmeleg intens sekvens der ein isstorm forma is over heile maskina måtte eg velje mellom å angripe fiendar, eller å skyte isen av doningen. Eg valde det siste, og etter nokre nervepirrande sekund kom eg meg i tryggleik før beista tok beina mine. Trygt innanfor kunne eg gripe og spidde fiendane, før eit massivt monster dukka opp. Du kan sikkert tenkje deg sjølv kva du gjer når eit digert beist dukkar opp, og alt du har er ein gripearm og eit borr.

Tungt maskineri kjem godt med i eit hardt klima.

Konklusjon

Lost Planet 3 tek eit solid steg bort frå kva dei førre spela i serien bydde på. Joda det er is her, og det er mange monster å ta knekken på, men det er lett å merke at spelet har skifta utviklarar. Berre den nye kameravinklinga gjer uhorveleg mykje for å byggje opp ei tjukk og intens stemning der Jim vandrar sakte gjennom iskald isolasjon.

Det lovar bra. Av det vesle eg har sett av historia kan det sjå ut til at Lost Planet 3 vil by på ei meir menneskeleg historie der målet er å kome nærare inn på hovudpersonen enn du nokon gong gjorde i dei føregåande spela. Kontrollane er presise, og miksturen mellom einsam vandring gjennom aude område, og dei intense kampane med svermar av fiendar er absolutt solid. Samtidig ser det absolutt ut til å bli eit vakkert spel. Landskapet er valdeleg og utemma, og spisse istårn strekkjer seg mot den klåre himmelen.

Pent skal det vere, når mann møter beist på ein framand planet.

Lost Planet 3 kjem i salg første kvartal 2013, for Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Les også: Sniktitt på Star Wars 1313
Les også: Sniktitt på Resident Evil 6

Klarer ikke laste video

Siste fra forsiden