Sniktitt

Ryse: Son of Rome

Vi har prøvd Cryteks romerske storspel.

LOS ANGELES (Gamer.no): I Ryse: Son of Rome møter vi Marius Titus, ein romersk soldat med blod på tann. Etter at familien hans blei slakta ned blei han med i den fjortande legionen, og legg ut på eit hemntokt Crytek håpar skal demonstrere det emosjonelle nivået neste generasjons spel vil kunne leggje seg på.

Ikkje tolk det i den retning at emosjonar er synonymt med ein trist fyr som syt og klagar over kor fælt livet er. Det er ikkje det Crytek går for. I staden vil dei vise dei små detaljane som avslører kva ein person tenkjer. Marius er sint, men han er samtidig ein ansvarsbevisst general i krigen, og han er ikkje så blotta for vett at han ikkje bryr seg om at det å storme eit britisk slott kan vere farleg. Han er menneskeleg, og det er noko ein kan sjå i blikket hans. Når han ropar ut kommandoar, ser ut over slagmarka, eller ser ein alliert soldat vri seg i smerte kan vi tydeleg sjå at fyren er bekymra for kva som skal skje.

Sjølv om dette er eit actioneventyr som sender oss ut på eit hemntokt, er det ingenting som tyder på at dette blir eit eventyr der vi møter ein hovudperson som berre bryr seg om ein ting. Det handlar om kontekst, og den konteksten ser ut til å bli viktig.

Brutale scener på slagmarka.

Ei grafisk perle

Ryse: Son of Rome er vanvittig lekkert. Du har garantert sett mange heftige videoar den siste tida over kva neste generasjon har å by på, men tru meg, det å sitje med kontrollaren mellom henda og ta del i det sjølv blir noko heilt anna. Du ser dei små detaljane så veldig mykje betre. Når ein karrar seg over ei slagmark der kroppar veltar inn i kvarandre, enorme skip glir inn over land, opprivne segl blafrar i vinden og brennande kuler flyg gjennom lufta, er det lett å bli sugd inn i denne virtuelle verda på ein måte du aldri før har sett.

Naturlegvis blir det den massive visuelle presentasjonen som først og fremst fangar. Det tek litt tid før ein kan stabilisere blikket og fokusere på et du faktisk skal gjere på skjermen.

Då Crytek og Microsoft for første gong kunngjorde Ryse blei det sagt at det ville vere eit Kinect-spel. Kinect vil framleis spele ei rolle, men akkurat kva veit vi så godt som ingenting om akkurat no. I staden har spelet blitt endra til eit meir tradisjonelt actionspel i tredjeperson der du med hovudsakleg to ulike angrep skal meie ned det meste som kan krype og gå.

Kampane er kjappe, effektive og kjem med solid tyngde, men dei gjer frykteleg lite nytt du ikkje har sett før. Det betyr ikkje på nokon måte at det ikkje er underhaldande, men det er lite ved sjølve spelet som skrik «neste generasjon!» like høgt som grafikken. Crytek har likevel prøvd seg på nokre småting som vil skilje det frå bermen. Til dømes har dei lagt inn nokre avslutningsangrep som ved første augekast kan minne mykje om QTE-knappetrykksekvensar.

Dette er derimot ikkje QTE på nokon måte. I staden er det avslutningsangrep på fiendar som allereie er døde. Du har sett slikt før i mange spel. Symbolet for ein knapp dukkar opp over ein sjanglande fiende, og eit trykk på knappen sender deg ut i ein brutal video der helten gjer noko kreativt som å kappe hovud og armar av fienden.

Områda ser ut til å bli av den svært så storslagne sorten.

På rekke og rad

I Ryse fungerer avlslutningsangrepa på ein hakket meir avansert måte enn vi er vande med. Når du trykkjer på knappen får du sjå nye knappar du kan trykkje på for å utføre avslutningsangrepet på best mogleg måte. Det er inga straff for å bomme sidan fienden allereie teknisk sett er død, men om du gjer alt riktig vil du kunne få bonusar som til dømes betre helse. Akkurat dette blir nødvendig sidan helsa til Marius er statisk og utan regenerering.

Den mest interessante biten med desse avslutningsangrepa er at du kan svimeslå opp til fleire fiendar før du startar avslutningsangrepet. Har du til dømes fem fiendar som sjanglar med ein stor B over hovudet, vil du etter å ha trykt på denne knappen avlive heile gjengen på rekke og rad i ein intens sekvens som får blodet til å flyte.

Les også
Anmeldelse: Ryse: Son of Rome

Avslutningsangrepa kan i tillegg variere basert på kontekst. Står du til dømes ved ein kant kan du sparke fienden utfor. I tillegg vil høgre vanskegrader slå av knappesymbola, slik at avslutningsangrepa utelukkande blir basert på at du følgjer lyden og det som skjer på skjermen for å finne det beste tidspunktet for å sende eit slag mot fienden.

Berre på Xbox One

Som forventa kjem Ryse: Son of Rome med nokre element skreddarsydd for å vise kva Xbox One kan gjere. Først ut kjem kommanderinga av soldatar. Her og der må du gå i formasjon, og her kan du trykkje inn ein knapp for at alle skal halde skjolda fram, og for å kaste spyd. Alternativt kan du i kampens hete rope dette ut, og Kinect vil snappe opp orda dine og vidareføre kommandoen din til soldatane. Det same kan du gjere for å beordre soldatane dine til å gå til spesifikke punkt.

Hakket meir interessant er bruken av SmartGlass, som ser ut til å kunne fullstendig snu opp ned på korles du ber om hjelp i eit spel. Tida for YouTube-videoar og Gamefaqs.com kan vere over.

SmartGlass kan sjå ut til å bli eit nyttig verkty.

I Ryse: Son of Rome vil du via SmartGlass få konstant oversikt over kor mykje framgang du har gjort i spelet, men det er ikkje dette som gjer appen interessant. Det verkeleg spanande er korleis du kan sjå kor langt andre har kome seg, om du sit fast ein plass kan du sjå korleis andre kom seg gjennom det. Xbox One sin DVR-funksjonalitet vil tilsynelatande kontinuerleg ha kontroll over kva du gjer, og på denne måten kan du via Smartglass berre trykkje på ein ven for å sjå korleis han fekk til eit vanskeleg område.

Dette er både raskare og meir effektivt enn å leite gjennom tusenvis av YouTube-vidoar, og om opptaksfunksjonen på Xbox One er like intuitiv som Microsoft vil ha det til, kan dette bli ei uvurderleg hjelp for dei som skulle sitje fast.

Konkluson

Ryse: Son of Rome er først og fremst spanande på grunn av den ufyseleg lekre grafikken, og ein del idear som ligg rundt sjølve spelet. Å kunne bruke Kinect og Smartglass på intuitive måtar som komplimenterer spelet i staden for å ta den bort frå det har eit enormt potensiale vi berre så vidt har sett starten på.

Spelet i seg sjølv ser ut til å bli eit røft og engasjerande actionspel som held seg innanfor ei ganske trygg ramme. For alle som likar actioneventyr i tredjeperson – meg inkludert – kan dette bli eit saftig eventyr, men om du ikkje allereie kosar deg med sjangeren ser det ikkje ut til å vere mykje her som vil deg til å skifte meining.

Vi har likevel berre sett ein liten brøkdel av spelet, og det var eit brutalt og grafisk spel som sende oss inn i ein krig på ein måte uhyre slåande måte. Alle dei nye elementa som virrar rundt i bakgrunnen skapar ei svært sterk atmosfære, og det blir veldig spanande å sjå korleis det fulle spelet endar opp når det lanserast saman med Xbox One i november.

Les også: Xbox One blir rimeligere enn forventet Les også: Microsoft viste fleire spel i sin presentasjon

Ryse-trailer fra E3.

Siste fra forsiden