Sniktitt

Bayonetta

Fy fyrverkeri

Både Dante, Ryu og Kratos er i ferd med å få rumpene sine grundig sparka.

Bayonetta er eit så arrogant stykke underhaldning at det er umogleg å ikkje falle pladask for denne orgien i lys og vald. Det er eit spel som dansar i den same gata som Devil May Cry-serien frå Capcom, God of War frå Sony og Ninja Gaiden frå Tecmo, men i staden for å oppføre seg sømmeleg, utfører ein vulgær striptease på bordet. Vi blir servert såpass intens underhaldning at pulsen din vil banke hardare enn hjartet til ein storrøykar som nett har utført ein cooper-test.

Har du spelt eitt eller fleire av spela eg nemner over, har du allereie ein god idé om kva dette spelet går ut på. Vi har ein hovudperson som bankar livskiten ut av alle tenkjelege fiendar. I motsetning til andre spel i sjangeren løftar derimot Bayonetta lista ganske mange hakk. Her er det ikkje snakk om eit sverd og ein pistol, eller ein bastard med to sverd. Her snakkar vi fire våpen samtidig. Eitt i kvar hand, og eitt på kvar fot.

Dominatrix

Vår helt er den høgst feilproporsjonerte heksa Bayonetta. Ho er ikkje ein av dei gjennomsyra gode heltane, noko heltane i denne sjangeren eigentleg aldri har vore. Ho har demonisk blod i seg, og ho brukar tida si på å drepe englar frå himmelen. Skjønt, englar er vel ein ganske drastisk måte å skildre dei på. Med klør og nebb ser dei meir ut som noko frå etasjen under, i staden for Penthouse-leilegheita på øvste plan.

Bayonetta er i seg sjølv ein ganske interessant person. Ho er spydig og sjølvhøgtidleg, og snakkar med ein forfina britisk aksent som vil få dei fleste sofistikerte sosietetsfruer til å rødme stort. I tillegg tar ho alt med knusande ro. Biljakt gjennom travle gater med eksplosjonar i hælane? Pfft, vi slenger beina på dashbordet og lener oss tilbake medan vi nonchalant sender ei kule mot sitt mål. Bayonetta er så dyktig, at dei mest avskyvekkjande hendingar knapt får ho til å heve eit augebryn.

Denne dama er sannsynlegvis tre meter høg, har hofter og brystparti i verdsklassen, bein like lange som dei fleste menn (heilt frå hovud til skulder, kne og tå) i vaksen alder, samt eit hovud på storleik med ei middels stor plomme. Om det skulle vere nokon tvil er dette eit rimeleg stilisert spel som ikkje føler ei trong til å følgje anatomiens lover. Det heile kler eigentleg Bayonetta godt der ho spradar mot neste kamp i ein gange som vil få dei fleste runway-modellar til å sjå ut som reine amatørar.

Inn til beinet

Alt dette er sjølvsagt berre overflatisk flørting frå utviklarane si side. Den verkelege verdien i eit kvart spel finn vi i det som ligg igjen når alle visuelle detaljar blir strippa vekk, og her ser Bayonetta ut til å innfri stort. Berre den første kampen lovar gull og grøne skogar, der du utan å vite kva pokker du driv med kvestar den eine fienden etter den andre frå veggen på eit klokketårn som suser mot avgrunnen i sikkert 10.000 kilometer i timen (minst), medan ei søt jentestemme syng «Fly me to the moon» av Frank Sinatra.

Det er heilt umogleg å ta spelet seriøst, og det er samtidig dette som gjer det så fullstendig uimotståeleg. Du storkosar deg, og spelet gjer det så vanvittig lett å få til noko at til å med totale amatørar vil få ei kjensle av meistring.

Bayonetta har så enormt mange kombinasjonar for angrep at sjølv om du berre hamrar laus utan retningssans, vil du med jamne mellomrom få besøk av heftige spesialangrep som knuser fiendane mot veggar og tak. Dette er eit spel som er vanvittig lett å kome i gang med, men som samtidig har så mange lag, at berre dei beste vil vere i stand til å meistre det fullt ut. For å aldri gløyme forskjellige kombinasjonar har i tillegg utviklarane vore så smarte at dei gjer kvar lastesekvens til ein treningsmodus.

Men tilbake til spesialangrepa. Bayonetta har ei drakt som kanskje ser ut som lær, men som i realiteten er laga av håret hennar. Dette betyr absolutt ikkje at ho er ei hårete dame som aldri tar i ein barberhøvel (ikkje at det er noko gale i det), ho har berre veldig langt hår. Når du gjer noko fett, vil ho gjennom mørk magi bruke alt håret sitt til å forme knyttnevar, stiletthælar og monster. Alt har sjølvsagt sin pris, og dei kraftigaste angrepa endar opp med å la Bayonetta stå igjen praktisk talt naken, lett tilsløra av nokre tynne bølgjer med hår.

Les også
Anmeldelse: Bayonetta

Alt til si tid

Ein av dei viktigaste funksjonane i Bayonetta ser ut til å bli hennar ekspertise i kunsten å slå hjul. Dette kan du gjere når som helst, men det er best å halde det til det sekundet ein fiende er i ferd med å angripe. Om timinga sit skikkeleg, vil du sakke ned tida ei lita stund, og med det får du ein gyllen sjanse til å dele ut enda meir skade enn normalt.

Eg har ikkje fått spelt Bayonetta i mange timar, men det eg har opplevd så langt har fått meg til å sjå svært lyst på våpenutvalet. Bayonetta har som kjent fire våpen, og desse kan du skifte ut som du vil. Alt du gjer er å velje to våpen til kvart av dei to våpensetta, og desse kan du skifte mellom midt i ein kamp om du vil. Så langt har eg berre vore i kontakt med nokre forskjellige variantar av pistolar og sverd, men alle byr på nyansar som endrar korleis du spelar. Det ser i alle høgste grad ut til at du i Bayonetta kan finne den stilen som passar deg best.

Konklusjon

Bayonetta er utan tvil eit spel som kjem til å pumpe adrenalin inn i ein del sveitte kroppar. Det er eit ufatteleg intenst spel som presterer å gjere sinnssjuke kampar til ein lettare erotisk dans. Du treng ikkje ein gong vite kva du driv med. Berre ved å vilkårleg trykkje inn knappar utfører du det eine vanvittige angrepet etter det andre. Å meistre spelet lovar likevel å by på ei mykje større utfordring. Det er eit hav av forskjellige angrep å ty til, og kor vanskelege dei er å utføre, står til løna for strevet.

Spelet tek seg sjølv frigjerande useriøst gjennom å blande høgt stilisert forteljarteknikk med ein autoritær og arrogant hovudperson, latterleg pompøse sekvensar, og poppmusikk som er så malplassert at ein endar opp med å innsjå at det kunne ikkje ha passa betre. Eg kan ikkje seie anna enn at eg gledar meg stort til Bayonetta blir lansert. Det bør du òg gjere.

Artikkelen er basert på Xbox 360-versjonen. Bayonetta kjem i sal 8. januar, for Xbox 360 og PlayStation 3 .

Siste fra forsiden