Sniktitt

Castlevania: Lords of Shadow

Mannen med piska

Skal vi endeleg få eit flott Castlevania-spel i tre dimensjonar?

LOS ANGELES (Gamer.no): Castlevania: Lords of Shadow er spelet som set som mål å sprøyte nytt liv inn i ein av Konamis alle viktigaste seriar opp gjennom åra. Sjølv om spela har hausta stor suksess så godt som kvar gong eit nytt spel har dukka opp i dei to dimensjonane, har ikkje utviklarane vore like heldige med spranget over i 3D. Noko av magien forsvinn kan du seie, og det er nettopp dette Konami saman med Mercurysteam og Kojima Productions no vil gjere noko med.

Den einsame vandrar.

Frå første sekund vil du sjå at dette er ein påkosta produksjon. I rolla som Gabriel finn du seg sjølv i ein mørk og falleferdig landsby. Regnet pøsar ned, og saman med stemningsfull musikk byggjer spelet ei tjukk og dyster atmosfære. Rundt Gabriel spring nokre menn i skitne filler rundt med faklar. Noko er i gjere, og før du veit ordet av det kjem nokre varulv-liknande skapningar klatrande over palisadane landsbybebuarane har sett opp for å forsvare seg. Instinktivt spring du mot fiendane og hamrar laus på dei knappane du utan å ein gong sjå på kontrollkartet veit kva gjer.

Fartsfyllt og intenst

Umiddelbart vil du merke at tempoet er høgt. Det er litt som ein raskare versjon av God of War, der Gabriel slår det eine slaget etter det andre med piska si. Du skiftar mellom harde og svake slag, og dynamikken mellom kvar styrke er svært god. Overgangen er flytande der det eine slaget glir over i det andre. Ein etter ein fell dei motbydelege beista, og kvar gong eit nytt dyr entrar arenaen vender bøndene seg mot dei i panikk. Du har ingen annan indikasjon på kvar du skal gå enn akkurat dette; element i spelet som dyttar deg framover utan å vere for pågåande.

Etter ei stund med slakt av varulvar kjem ein liten filmsekvens som varslar at noko er på ferde. Ein enorm ulv stormar mot deg, og du held korset ditt framfor deg i forsvar. Nokre angrep kan du trygt forsvare deg mot, medan andre ikkje er like enkle å ha med å gjere. Den svære ulven slår til med eit angrep du ikkje er i stand til å motstå, og i siste liten hoppar du til sida. Spelet informerer deg om kva du skal gjere rett før du gjere det, og såleis lærer deg spelets funksjonar gjennom elddåp.

Etter å ha dukka unna beistet ein gong, enda eg raskt opp i ein valdeleg dans der eg flaug rundt beistet medan eg piska det med fleirfaldige kraftige slag. Ulven er ein mild variant av sjefskampane som utover i spelet vil bli temmeleg spektakulære saker. I det ulven tok nokre steg nærare døden, gjekk det heile over i ein liten filmsekvens der eg i Resident Evil-stil sjølv måtte sørgje for at sekvensen fekk ei ønskjeleg avslutning.

Heftig action rundt kvart hjørne.

Auge for detaljar

Det er heilt opplagt at det er vanvittig action som står i fokus i dette nye Castlevania-spelet, men ting tyder på at vi vil finne opptil fleire avbrekk frå formelen i løpet av eventyret. Eit døme på dette er ein tur på hest som utspelte seg kort tid etter kampen mot ulven. Stormande gjennom skogen måtte Gabriel halde varulvar ridande på kjempeulvar på trygg avstand. Hesten sprang av seg sjølv, og mi oppgåve blei å halde god nok avstand til utyska, samtidig som eg gjorde mitt beste for å piske krapyla til døde.

Minst like viktige som både variasjon og heftig action er historia. Mellom nivå eg har testa høyrde eg stemma til Patrick Stewart fortelje om kva som skjer i denne mørke verda, før spelet hoppa over i flotte filmsekvensar med eksemplarisk skodespel.

Gabriel får stemma si frå Robert Carlyle, og det er heilt tydeleg at utviklarane ikkje har sett seg nøgde med å berre ha godt skodespel. Gjennom dei få dialogane eg har fått vere vitne til har eg fått demonstrert eit auge for detaljar vi ikkje ser ofte. Små nyansar og endringar i både ansikt og kroppshaldning er viktige element i å få fram kven ein person er. Gabriel snakkar ikkje berre med munnen, han snakkar med heile kroppen. Han snakkar gjennom korleis auga hans blir smalare, han snakkar gjennom korleis leppene krummar seg når han ser noko han ikkje likar, og han snakkar gjennom korleis han held kroppen i møte med ei utfordring.

Det er sjølvsagt ikkje nok til å måle spelet etter, men det er nok til å sperre opp auga. Det er av og til dei minste detaljar som gjer den største jobben, og her er det dei små detaljane som verkeleg sit fast i minnet.

Spelet er samtidig veldig lekkert. Den vesle landsbyen demoversjonen starta i var høgt detaljert med mange små element som fekk den til å sjå ut som ein stad folk faktisk bur. Fargane på husa, og korleis åra har fått veggane til å bøye seg fortel om ein stad som har vore heim for menneske i generasjonar. Samtidig finn vi skader på både bygningar og utstyr som i seg sjølv fortel ei historie om ein landsby som heilt tydeleg har vore plaga i lengre tid med beista Gabriel no er her for å gjere kål på.

Storleiken tel.

Konklusjon

Castlevania: Lords of Shadow er eit av dei spela som gjev umiddelbar meirsmak. Det ser så visst ikkje ut til å gjere noko nytt, men held seg i staden til ein heller prøvd og testa formel. Spelet ser likevel ikkje ut til å bli ein blank God of War-kopi. Det har ei heilt spesiell stemning, og kampsystemet ser ut til å ha nok av små nyansar til at det har eit merkbart særpreg.

Det som verkeleg ser ut til å kunne setje Castlevania: Lords of Shadow på kartet er historia. Gudane veit om den er bra, men av det eg har sett så langt er den definitivt fortalt bra. Skodespelet lovar ekstremt godt, og dei fabelaktige animasjonane løftar det heile mange hakk over dei fleste konkurrentar. Kva spelet vil by på i lengda er umogleg å seie, men smaksløkane står definitivt no i full fyr.

Castlevania: Lords of Shadow kjem i salg til hausten, for Xbox 360 og PlayStation 3.

Siste fra forsiden