Sniktitt

Crackdown 2

Kaos i byen

Pacific City har gått til grunne, og det er din jobb å rydde opp.

LOS ANGELES (Gamer.no): Det står ikkje så bra til med Pacific City. Byen du i actionspelet Crackdown gjorde ditt beste for å halde orden i har enda opp som eit ope sår i vår vakre verd, der mutantbeist tek kontrollen over gatene kvar natt. Så fort sola stig over himmelen blir dei avløyst av kriminelle avskum som skyt før dei spør.

I denne kaotiske parodien på eit sivilisert samfunn blir det di oppgåve å få ting på rett kjøl.

Eksplosjonar er alltid moro.

Alt ved det gamle

Har du spelt Crackdown kjem du raskt til å kjenne deg igjen så snart du plantar militærstøvlane dine i asfalten i Pacific City. Det både ser og kjennest likt ut. Når du tek dine første steg ut i byen, spring langs motorvegar og hoppar over hustak, vil du kjenne igjen mange av områda. Den store forskjellen er at det som ein gong var ein levande neonjungel no er eit skitent høl.

Bygningar er slitne og forvitra, gatene er tomme for folk, og å gå utandørs gjer deg umiddelbart til eit openbart offer. Meir enn dette er det ikkje nødvendig å vite før du spelar spelet sjølv, for det som verkeleg er Crackdown 2 si styrke, er det herlege gameplayet.

Som i det første spelet er du ein effektiv soldat med ei rekke forskjellige eigenskapar. Du har separate statistikkar for styrke, spenst og kor god du er med forskjellige våpen. For å bli betre i eigenskapane må du bruke dei, og etter kvart som du blir betre i forskjellige ting, vil du få tilgang på betre utstyr. Dette sørgjer for ein veldig naturleg og engasjerande progresjon som gjer det veldig lett å halde fram berre litt til. Som i det første Crackdown ser det i tillegg ut til at motivasjonen for å bli betre i spenst og fart blir eit høgdepunkt i spelet.

Første gong du ser dei grøne erfaringskulene som gir deg betre spenst, er det som å kome heim. Jakta på desse ser ut til å bli minst like engasjerande som i det første spelet, og det å gradvis kunne springe raskare og hoppe høgre gjer det like moro å praktisk talt fly mellom hustaka. Eit nytt element som byr på ekstra moro er «levande» erfaringskuler du må jage gjennom byen. Dei byr på ei utfordring, men så snart du har plukke den opp får du eit saftig løft mot neste nivå.

Av og til er det lurt å hoppe.

Våpen for galleriet

For eigenskapar som våpen, styrke og eksplosivar blir du betre ved å aktivt bruke eigenskapane. Kvar gong du drep ein fiende på ein eller annan måte får du kuler deretter. Dette er eit veltesta konsept som fungerte veldig godt i Crackdown, og det er ikkje noko poeng i å endre noko som fungerer så godt.

Etter kvart som nivået ditt med forskjellige eigenskapar stig, vil du stadig låse opp nytt og betre utstyr. For å få tilgang på dei nye tinga må du først ha eit trygt område. I E3-demoen blei dette gjort gjennom å rydde ein liten arena for alle fiendar, slik at eit helikopter kunne levere politifolk utan å bli skote ned. Etter at politifolka har teke kontroll over området kan du hente inn helikopter med forsyningar. Helikoptra kan levere både våpen og køyrety, og det er veldig lurt å finne så mange av desse områda du kan, slik at du alltid har god tilgang på dei beste våpna og køyretya. Spelet ser ut til å ha eit veldig solid våpenutval det er moro å leike seg med.

Det kan sjå ut til at det blir hakket meir action i Crackdown 2 enn i forgjengaren, men ellers er alt ved det gamle. Du låser deg fast til ein fiende, vel kva kroppsdel du vil skyte på, og ventar litt før du skyt slik at skota blir meir presise. I kamp mot få fiendar fungerer det kjempebra, men systemet har eit veldig stort problem. Tilsynelatande har du ingen måte å velje sjølv kva fiende du vil låse deg fast til, noko som kan bli forferdeleg frustrerande. Om ein gjeng fyrer laus i din retning, og du held inne ryggknappen for å låse deg fast, er det like stor sjanse for at du endar opp med å finne ei eksplosiv tønne langt i bakgrunnen i staden for den reelle trusselen. Det blir strengt tatt litt for dumt.

Nei har du sett? Flammar!
Les også
Anmeldelse: Crackdown 2

Solid progresjon

Noko av det mest oppløftande med Crackdown 2 ser ut til å vere korleis spelet dyttar deg framover. Du er framleis fri til å gjere akkurat det du vil, men demotida hadde solide oppdrag som konstant gav meg kjensla av at det var nytte i det eg gjorde. Den barske forteljarstemma frå originalspelet er tilbake, og denne får mykje av æra for at spelet har veldig godt driv. Gjennom den får du heile tida informasjon om det som skjer i verda, samt kommentarar på det du gjer. Det heile får Pacific City til å framstå som ein by med eit snev av realisme i seg.

Spelet vil i tillegg ha samarbeid for opp til fire personar. Denne modusen har eg ikkje fått teste, men berre tanken på å vere fire stykk saman i nedbrotne Pacific City er svært forlokkande.

Visuelt sett har det ikkje skjedd så mykje sidan sist. Spelet er pent, men på ingen måte det heilt store. Karaktermodellane er definitivt betre, og det er imponerande å sjå kor mange mutantar som tek til gatene om natta, men utover det har eg ikkje sett mykje å skrive heim om av reint grafiske kvalitetar.

Krigføring frå bil er framleis med.

Konklusjon

Crackdown 2 ser ut til å by på meir av det gamle, og med det kan du trygt reservere din kopi. Du har god regi på kvar du bør gå, samtidig som du står fri til å gå fram i ditt eige tempo. Om du ikkje vil følgje historia kan du springe rundt på oppdagingsferd og sanke erfaringskuler frå hustaka, eller kasta deg inn i heftige kampar mot mange fiendar. Ein annan fritidsaktivitet eg oppdaga er det eg kallar mutantbowling. Finn ei kjerre, og køyr for full guffe ned i gate midt på natta og sjå kva som skjer.

Det er ikkje så veldig mykje nytt å spore, men det er heller ikkje nødvendig. Dei nye tinga som er der ser ut til å forfriske spelet nok. Crackdown 2 byggjer vidare på eit veldig solid grunnkonsept, og ser absolutt ut til å levere varene.

Crackdown 2 er i sal 9. juli, kun for Xbox 360.

Siste fra forsiden