Sniktitt

Dark Void

Spenstig action

Luft eller land spelar inga rolle. Her skal det skytast.

Å Herre Gud eg har orgasme i øyrekanalane. Dei dundrande trommene og den rustskitne bassen utfører vill og ekstatisk elskov med sansane mine, medan eg pumpar nokre robotmenn fulle av bly. Kvar eg er, og kva eg held på med spelar eigentleg inga rolle. Dei rytmiske trommene snakkar til noko primalt i meg, og vekker eit udyr som lystar etter blod. Det er ei samansetning av action og audiofili som plantar seg langt inni ryggmergen, og sender sitrande signal gjennom kroppen i eit stadig aukande tempo.

Ikkje misforstå. I mi tid med Dark Void har eg ikkje erfart ting som skriv om alle regelbøker på ny, men denne musikken set ting i perspektiv. Om du framleis trur alt som betyr noko er nivådesign, kunstig intelligens og eit gjennomført kontrollsystem, tek du grundig feil.

Stereotyp i galopp

Dark Void introduserer oss for Will. Han er ein erketypisk amerikansk helt frå mellomkrigstida. I lysebrun bukse, skinnjakke og eit meisla andlet, gjer han sitt beste for å passe inn i ein «bli med i hæra»-plakat. Will er ein kjekkas som har svært lett for å dra ein tørr vits, og det tek ikkje lang tid før ein skjønar at dette eigentleg er Nathan Drake i ei ny setting. Med Nolan North i hovudrolla er det eigentleg ikkje til å unngå. Fyren er veldig dyktig, men det blir etter kvart tydeleg at han ikkje har så mange strengar å spele på. Han gjer som vanleg ein god jobb, men om kvart storspel skal ha Nolan North i hovudrolla, kan vi raskt ende opp med norske tendensar der vi ofte ser dei same skodespelarane i kvar film.

Historia sender Will, eksen hans og ein kompis eg ikkje snappa opp namnet på inn i Bermuda Triangelet, og herifrå går ting sjølvsagt gale. Under dramatiske omstende forsvinn tredjemann ut bakdøra, og igjen sit Will med sin tidlegare flamme. Før dei veit ordet av det blir dei sugd inn i ein annan dimensjon. Ein dimensjon populært kalla Dark Void.

Etter ein kjapp tur gjennom tjukk jungel blir Will raskt vitne til at bebuarane av dette tropiske paradiset tilber nokre «gudar» laga av metall, og at jenta forsvinn. Lengre tid tek det ikkje å setje premissane for eit eventyr som har stort potensiale til å tilføre actionsjangeren noko nytt.

Frå land til luft

Tidleg i spelet blir Will kjend med Nikolai Tesla, ein smart fyr kjend frå vår eiga historie. Nikolai ser på Will som ein person det går an å stole på, og gir han ein jetmotor som raskt blir Dark Void sin viktigaste faktor.

Grunnmekanikkane i Dark Void er velkjende for alle som har spelt eit nyare actionspel der dekning spelar ei rolle. Du spring mot fienden, hiv deg ned bak ein stein, og plaffar laus. Det er svært lite originalitet å spore i akkurat dette, men spelet utvidar seg raskt til å bli noko mykje meir.

«Mykje meir» kjem i form av jetmotoren, og denne sørgjer eine og aleine for at du praktisk talt kan kome deg fram overalt. I byrjinga tyder dette at du ikkje berre kan hoppe og springe for å kome deg fram. Om eit hol i bakken skulle bli for stort, er det berre å trykke svakt på gassen, og du svevar over. Om du vil opp i høgda, kan du i dei fleste område berre sjå opp etter ein avsats, og kaste deg oppover.

Dette introduserer noko vi ikkje ser for mykje av i våre kjære actionspel; vertikal kamp. Når du heng under i plattform, kan du fyre laus oppover, eller raskt hive deg rundt for å ta nokon nedanfrå. I praksis er det ikkje så ulikt å liggje i dekning i eit vilkårleg actionspel, men når ein i tillegg slengjer på at fiendar kan kome på deg både horisontalt og vertikalt samtidig, blir det meir interessant. I essensen har du fått sjansen til å gå fram nøyaktig korleis du vil. Du kan springe horisontalt, men sidan dette ikkje gir deg ly for kuler som kjem ovanfrå, kan du kaste deg opp til ein avsats for å handtere problemet.

Les også
Anmeldelse: Dark Void

Det er ikkje alle område som er like gåvmilde i å la deg gjere alt samtidig, men når det først skjer, er det fantastisk moro.

Kanonen går

Om du skulle innsjå at ting blir litt for hektiske, er Dark Void eit spel der det absolutt ikkje er feil å snu. Eit viktig strategisk element kjem gjennom jetmotoren sin andre funksjon. Etter eit raskt hopp kan du suse gjennom lufta som Supermann, og raskt kom deg unna. Så snart ein har fått fiendane på litt avstand, har du sjansen til å finne ein ny innfallsvinkel.

Nokre oppdrag byr på hektiske luftkampar, der Will må kjempe mot flygande tallerkar og anna høgteknologisk skrot. Akkurat denne biten kan nok by på ei større utfordring enn den meir tradisjonelle kampen, sidan det er hakket vanskelegare å halde siktet i ro over fiendar som sirklar rundt deg i 360 grader, enn det er å skyte ein blikkboks som ligg bak ein stein.

Difor er det jo kjekt at du kan kapre ein tallerken for eige forbruk. Dette skjer gjennom ein lite kreativ sekvens der du må vrikke på analogstikker og trykke på knappar, men det duger. Når jobben er gjort har du ein splitter ny tallerken å fly rundt i, så ein kan ikkje klage.

Konklusjon

Dark Void gjer spanande ting. Det tek heilt typiske mekanismar alle som har spelt eit skytespel i tredjeperson vil kjenne seg igjen i, og kastar inn eit vertikalt moment som skapar mykje variasjon. Jetmotoren til Will let deg gå (eller fly) nøyaktig dit du vil i eit område, og dette er noko som skapar eit enormt potensiale, ikkje berre i taktisk krigføring, men òg i å erfare noko nytt om du skulle spele eit nivå om igjen. Her er det faktisk ikkje så ille å døy. Om så skulle skje, er det berre å prøve noko heilt nytt, i staden for å springe bak dei same steinane om igjen.

Når ein i tillegg slenger på den fabelaktige musikken til Bear McCreary, og ei historie som så langt ser ut til å halde mål, kan eg ikkje seie anna enn at eg gler meg til å få det ferdige spelet i hende.

Dark Void kommer i sal i januar, til Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Siste fra forsiden