Sniktitt

Dead Rising 2

Alle må dø!

Det er snart tid for å filetere zombier med serveringsfat. Nam!

LOS ANGELES (Gamer.no): For min del var Dead Rising spelet som fjerna all tvil om kva «neste genersjon» var. Spelet var kort og godt vanvittig tøft. Hundrevis av vandøde beist var som kulissar å rekne i eit av dei mest blodige teaterstykka nokon sinne.

Du kunne bruke alt til å drepe alt, og det var så sinnssjukt moro at det nesten ikkje var til å tru. I tillegg demonstrerte spelet som eit av dei første denne generasjonen korleis ein kunne fortelje ei historie ved å bruke 3D-modellar som faktisk rørte seg nokon lunde som skaplege folk.

Nokre år seinare har Capcom funne ut at den jobben dei gjorde veldig godt sjølv, like godt kan gjerast av nokre amerikanarar. Det kan godt vere. Dead Rising 2 byr på meir av det same, og det er eigentleg ikkje så mykje som kan øydeleggje den latterleg enkle formelen Capcom bygde opp med det første spelet. Plukk opp ein gjenstand, slå ei zombie med den, gjenta. Såre enkelt, ikkje sant?

Det blir litt som Carmageddon utan bil

Mitt namn er Chuck

Det einaste som gjer meg litt skeptisk er at Frank West ikkje er med denne gongen. Frank var fotojournalist og ein mann med stål i nasa. Han har dekt krigar må vite. Når du skiftar ut Frank West med ein fyr som heiter Chuck og går rundt i motorsykkeljakke, blir det litt vanskelegare å ta det heile seriøst.

Så veldig seriøst greidde eg heller ikkje å ta spelet, men ikkje fordi det gjorde noko gale. Der eg alltid sleit med å tulle for mykje med Frank West sidan han strengt tatt var ein skikkeleg fyr, har eg ingen slike problem med Chuck. Nokre minutt inn i spelet har eg har dumpa motorsykkeljakka til fordel frå hotpants i dongeri, ei stram flanellskjorte som nesten viser underpupp, eit par grøne støvlar og ein stråhatt. Det kjennest berre riktig å få Chuck til å springe rundt slik. Vi kjem fram til essensen av kva som gjer Chuck... Chuck, om du skjønar.

At du kan kle opp helten er derimot ikkje noko nytt. Dette kunne du gjere med Frank West òg, om du var ein respektlaus narr. Det er heilt andre ting som gjer Dead Rising 2 til noko ørlite anna enn det første spelet.

Lekre damer frå Uncanny Valley

Årets fag: Sløyd

Frank West var fotograf, og dette gav oss eit viktig element i Dead Rising. Du kunne ta bilete av alt som skjedde rundt deg, og desto meir avanserte bileta var, desto fleire poeng fekk du. Om du hadde mange zombier i biletet samtidig, eller om dei var i ferd med å hoppe på deg, hadde dette mykje å seie for poenga. Desse poenga kunne du i tur bruke på å gjere Frank til ein meir kapabel fyr i kampen mot dei levande lika.

Alt dette er tragisk nok historie. For første gong i mitt liv likte eg verkeleg godt eit kamera i eit spel, og no er det borte. Det har blitt erstatta av ein høvlebenk som let deg lage mange forskjellige våpen så lenge du har funne oppskrifta på det. Denne høvelebenken er ein god idé, og du kan lage mange svært spesielle drapsvåpen med den. Alt frå balltre med spikrar i god Black Metal-stil til padleårer med motorsager på endane kan du no lage sjølv.

Desse våpna byr på mykje moro når du massakrerer zombier som aldri før, men om det var ein ting Dead Rising aldri mangla, var det våpen.

Ved å gjere høvlebenken til det «nye» kameraet, har utviklarane samtidig fjerna eit veldig viktig element som gav spelet nødvendig variasjon. Om Dead Rising 2 har andre distraksjonar som bryt opp masseslaktinga, eller om du no endar opp i konstant drapsmodus, gjenstår å sjå. Eg er likevel litt skeptisk til korleis denne endringa vil fungere på lang sikt.

Les også
Anmeldelse: Dead Rising 2
Sjå! Ein tiger!

Pottetrening

Ein ting som irriterte ein del med Dead Rising var lagringssystemet som tvinga deg til å leite deg fram til eitt av svært få toalett. Dei gode nyhenda for deg som likte dette systemet er at toaletta er tilbake, dei negative nyhenda er at det no er fleire toalett, noko som vil gjere det lettare å nå fram til dei utan å døy eller bruke ekstremt mykje tid på det.

Kor interessant historia i spelet blir kan eg ikkje seie noko om, men med unntak av fotoapparatet ser det ut til at alle elementa frå forgjengaren er tilbake. Du kan plukke opp kva det skulle vere frå butikkane i det svære kjøpesenteret, og det skal ein del prøving og feiling til for å finne ut kva som faktisk fungerer.

Akkurat dette ser ut til å kunne bli litt frustrerande sidan ei overveldande mengde av det eg fann var direkte ubrukeleg, og når eg først fann noko tok det ikkje lang tid før våpenet blei øydelagt. Dette er sjølvsagt ikkje noko nytt om du har spelt det første spelet. Frekvensen på gode våpen ser likevel ut til å ha blitt litt dårlegare, noko som tvingar deg til å bruke meir tid ved høvlebenken.

Så lenge du har eit bra våpen er det derimot ingenting å klage på. Det er like moro som før å lage kjøtpølser av zombiene, og dei enorme mengdene fiendar gjer det til ei sann glede å prøve ut nye kreasjonar.

Berre fantasien (eller oppskriftsboka) set grenser for kva våpen du kan lage

Konklusjon

Det er lite som tilseier at du ikkje kjem til å like Dead Rising 2 om du likte Dead Rising 1. Det meste er ved det same gamle, og det same gamle er definitivt verdt å bruke tida på. Det er noko ved å drepe dusinvis med vandrande lik på få sekund som er nesten litt romantisk.

Du legg heile sjela inn i kvart slag, og for kvar handling du gjer får du umiddelbar tilbakemelding. Alt du treng gjere er å snu deg og studere blodspora bak Chuck for å kunne konstatere at ja, Chuck er sanneleg meg ein skikkeleg arbeidskar.

Om du kjenner at magen knip etter å drepe fleire zombier. Om du ikkje har fått nok med Left 4 Dead og Nazi Zombies. Om du hytta nevane i lufta og kome med eit langt «ja» frå hjarte då du høyrde at det kjem zombier til Red Dead Redemption – då kan Dead Rising 2 vere spelet for deg.

Dead Rising 2 er i sal for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 1. oktober.

Siste fra forsiden