Sniktitt Dead to Rights: Retribution

Det ultimate actionspelet?

Knyttneven møter geværkolben i ein romantisk dans på roser.

KÖLN (Gamer.no): Kor macho har du eigentleg hatt sjansen til å vere? Klart tankane vil gå til Gears of War med sine beinharde kommentarar og grisefeite skyting, men likevel. Kor macho har du nokon gong fått lov til å vere? Eg snakkar om dine handlingar. Din effektivitet i ei vill og uregissert kampsone. Har du ikkje alltid vore bunden fast til ein stram skyteregi som ein slave til ein latexkledd dominatrix med litt for høge hælar?

Spillscener fra Gamescom. Utvid

Eg vil påstå at du har vore nett det, og det er difor Dead to Rights: Retribution er så lovande. Det er spelet som let deg gripe tak i dei skyhøge stiletthælane, røske tak, og for ein gong vere på topp.

Lad om!

La meg ta eit døme på kva eg snakkar om. Vi kan starte i eit velkjent scenario: Du spring, som den bolerhelten du er, ned ein grusveg. Kulene suser forbi deg, og du sleng deg bak ein murkant. Puss og småstein flyg medan kuleregnet gradvis bryt ned betongen, og du innser du kanskje må gå hardare til verks. Du skyt nokre kuler mot fienden, og gir hunden din beskjed om å gå til angrep. Han spring framover, byksar mot ein skrekkslagen fienden, og røskar ut pusterøyret.

Det er no du ser ei opning. Du spring framover medan du fyrer kule etter kule mot stakkarane som våga å angripe deg. Steg for steg kjem du nærare, før du plantar kolben på våpenet ditt i nasen på ditt første offer. Våpenet glir bak på ryggen din medan du sender ein knyttneve i magen på idioten, grip tak i han, sparkar kjeven ut av ledd på ei tåpe som prøvar seg frå sida, før du sender offeret du held i eit jerngrep, med hovudet først inn i den siste fienden.

Hunden din sleikar sine sår, og riv litt i dei mørbanka kroppane, før han ser på deg og bjeffar.

I det fjerne ser du ei ny gruppe fiendar kome stormande mot deg. Du hentar fram våpenet igjen, og fyrer av, berre for å innsjå at du er tom for kuler. Du ropar til hunden din som spring rett til næraste kropp, grip tak i eit våpen, og stormar tilbake. Med ei ny forsyning ladar du om, gliser, og spring framover med beinhard dedikasjon.

For godt til å vere sant?

Nei, dette er ikkje ein teaserfilm laga berre for å lure oss til å tru at Dead to Rights: Retribution vil gjere alt det utviklarane vil ha oss til å tru det kan gjere. Dette er eit enkelt referat frå kva eg har sett på ein skjerm, i sanntid, medan ein av utviklarane knuga ein Xbox 360-kontroller mellom hendene sine.

Det er lett å bli litt overvelda når ein ser dette spelet i aksjon. Det er så mykje som skjer på ein gong, det er så sinnsjukt pent, og det heile er så dynamisk at det skal godt gjerast å rote det til. Klart, nivået vi har fått demonstrert kan vere finjustert til det absurde, slik at Volition Games kunne presentere akkurat det dei ville presentere, utan å vise oss noko av korleis ting fell saman seinare, men det blir ærleg talt berre unødvendig negativitet.

Det enkle faktum er at Dead to Rights: Retribution imponerer stort. Du står heilt fri til å angripe ein situasjon slik det passar deg. Du kan leggje deg i skjul bak gjenstandar som gradvis blir øydelagt, eller du kan storme på alt du kan. Kampsystemet er fullstendig retningsbasert, noko som lett kan gjere kvart møte mellom hovudpersonen Jack – og Shadow, hunden hans – til ei unik hending for kvar person som spelar det. I staden for å springe inn med knyttnevane framme, kan du ta dei ned, ein etter ein. Du kan la ein av dei stå igjen, før du spring fram, grip tak i han, og spring mot resten av fiendane med eit levande skjold. Dette er ikkje eit spel der levande skjold betyr sniglefart, her er tempoet alltid like høgt.

Resultatet er eit spel som er veldig umiddelbart, og alltid sørgjer for at du er i sentrum av det som skjer. Du kan sparke og slå i alle retningar. Du kan dytte nokon bakover, og hente fram våpenet for å avslutte med ei velplassert kule.

Ny start

Om du skulle ha spelt tidlegare spel i Dead to Rights-serien, og difor stiller deg nølande til siste versjon, bør du slappe av. Utviklarane er nye, og spelet er i seg sjølv ein ny versjon av historie om Jack og hunden hans. Utviklarane sjølv samanliknar det med korleis til dømes Batman fekk seg ein renessanse med Batman Begins. Dead to Rights:Retribution vil ta føre seg møtet mellom Jack og Shadow, og sjølv om den er vanskeleg å få auge på mellom ville slag, spark og kuler, blir vi fortalt at historia er eit veldig viktig element i spelet.

Hovudpersonen sjølv er kanskje ikkje full av karisma, og kunne hatt godt av å slanke av seg nokre musklar, men bortsett frå det, er spelet enda eit døme på at det framleis er mykje kraft å hente ut av dagens konsollar. Motoren spelet køyrer på er definitivt imponerande, og bringer områda vi har sett så langt, til live på ein vibrant og appellerande måte.

Det er likevel ingen tvil om at Dead to Rights: Retribution sitt mest tiltrekkjande element, er kampane. Det ser på alle måtar ut til å bli eit spel som gir deg alle verkty du kan tenkje deg, og let deg bruke dei nøyaktig slik du sjølv vil.

Dead to Rights: Retribution kjem til ein Xbox 360 eller PlayStation 3 nær deg første halvdel av 2010. Er det nokon andre som gledar seg?

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen