Sniktitt

Deus Ex: Human Revolution: Director's Cut

Kan dette bli den ultimate versjonen av det dystopiske rollespelet?

LONDON (Gamer.no): Med Deus Ex: Human Revolution fekk serien som blei starta av bransjeveteranen Warren Spector ei solid vitamininnsprøyting. Spelet blei ein pangsuksess for utviklarane hos Edios Montreal og utgjevaren Square Enix.

Alle var derimot ikkje like nøgde med spelet. Enkelte spelarar reagerte blant anna på den kunstige intelligensen som ikkje alltid var av like «intelligent» slag, men det aller største ankepunktet var sjefskampane som kunne bli ei real utfordring. Grunnen var enkel: Dei var alle bygde opp med tanke på action. Om du var ein av dei som tok nytte av spelets fokus på å la deg gå fram slik du sjølve ville, og derfor bygde opp helten Adam Jensen til å fungere best i skuggane, kunne ting raskt sjå svart ut.

Kartet er synleg til ei kvar tid.

Utviklarane har no lytta til fansen, og bestemt seg for å rette opp på desse kampane samtidig som de fikser litt på intelligensen. I tillegg er alt det nedlastbare innhaldet frå dei andre versjonane av spelet bakt inn i totalpakka. I utgangspunktet skulle denne utgåva av spelet kun lanserast til Wii U, men kjem likevel til Xbox 360, PlayStation 3 og Windows seinare i år. At spelet kjem til Wii U betyr i seg sjølv at vi får eit lass med endringar, og det er denne utgåva vi har fått bryne oss på.

Ingen sjefar

Ironisk nok fekk eg ikkje lov til å prøve nokon av sjefskampane. Fokuset for mi tid var først og fremst å sjå korleis det nye kontrollsystemet fungerer, så eg hoppe inn i skoa til protagonisten eit sted i løpet av dei første timane av spelet.

Det heile er omtrent som du kan forvente deg. Du styrer spelet som før ved å bruke analogstikkene, men menyane er flytta til skjermen på Wiipaden. Dette fungerer strengt tatt utmerka. Du må ta auga bort frå skjermen ei stakka stund kvar gong du skal inn på menyane, men det heile er mykje raskare og meir responsivt enn å trykkje inn knappar for å opne menyar.

Alt er lagt opp på ein fornuftig og lett forståeleg måte der lette trykk med fingrane hjelper deg med å bla gjennom menyar, rote rundt i inventaret, samt justere kva oppgraderingar du vil at Adam Jensen skal bruke. Den aller viktigaste forbetringa med dette systemet er ikkje at det fjernar innhald frå TV-skjermen, men tempoet og flyten det heile skjer i. Å bruke skjermen på Wiipaden er naturleg og intuitivt på ein måte som gjev deg ei større kjensle av å vere midt i spelet til ei kvar tid.

Hacking skjer no via skjermen på kontrollaren.

Når du ikkje er oppteken i menyane vil skjermen på Wiipaden vise eit kart over nærområdet. Å studere kartet på denne måten krev eit milligram av tilvenning, men så snart det er gjort framstår dette òg som meir naturleg. Du har kartet framfor deg heile tida, noko som hjelper deg med å ha full kontroll på kvar fiendar er og kvar dei er på veg. På denne måten får du hakket betre kontroll over situasjonen og kan planleggje deretter.

Skår i gleda

Mitt største problem med Deus Ex: Human Revolution: Director's Cut er strengt tatt kontrollen over hovedpersonen. Responsen sit ikkje heilt der den skal, og utviklarane har gjort nokre snodige og strengt tatt unødige endringar som ergrar meir enn dei gledar.

Det viktigaste dømet på dette er kva som skjer når du skal bruke siktet på eit våpen. Vi er alle vande med å sjå eit midtpunkt på skjermen i skytespel, men dette forsvinn fullstendig når du kikar inn i eit kikartsikte. I staden finn du eit tomt hol midt på skjermen, og må løfte opp Wiipaden for å sjå siktet der. Det er ein tungvindt og unødig måte å gjere ting på som sikkert kan glede nokon, men irritere langt fleire. Å skulle halde ut kontrollaren framfor seg kvar gong du vil gjere litt presisjonsskyting kjem til å bli slitsamt i lengda. Forhåpentlegvis kan dette endrast på i innstillingane, men dette fekk eg ikkje sjansen til å sjekke.

Bortsett får dette fungerer alt som ein forventar det skal fungere, og du vil ikkje ha nokon problem med å snike deg inn på fiendar eller plaffe dei ned i ein heftig skytekamp. Treng du å skifte våpen midtvegs i ein kamp er dette ein prosess som er hakket raskare enn før, og dette bør såleis glede dei som likar å spele Deus Ex med høg intensitet.

Les også
Dødsspillet som ikke vil dø
Kartet på kontrollaren kan bli eit nyttig verkty når du pønskar ut ein strategi.

Konklusjon

Eidos har gjort mange kloke val undervegs i prosessen med å overføre Deus Ex: Human Revolution til Wii U. Skjermen på kontrollaren fungerer glimrande som base for menysystemet, og det å alltid ha eit kart lett tilgjengeleg utan å måtte innom ein lasteskjerm på vegen er alltid eit pluss.

Kontrollsystemet er på si side ei ganske blanda affære. Grunnmekanikkane er like greie i bruk her som på andre plattformer, men kvifor du må løfte opp skjermen på kontrollaren kva gong du skal presisjonsskyte litt er veldig vanskeleg å forstå. Det er ei tungvindt løysing som tek vekk meir glede enn den gir.

Dette vil sjølvsagt ikkje vere nok problem på dei andre versjonane av spelet. Utover kontrollendringar på Wii U-versjonen lovar Deus Ex: Human Revolution: Director's Cut å by på mange solide forbetringar som bør gjere opplevinga enda nokre hakk betre.

Les også: Omfattende oppsigelser hos Hitman-skaperne
Les også: Sniktitt på Assassin's Creed IV: Black Flag

Utviklerne snakker om filosofien bak Director's Cut.

Deus Ex: Human Revolution Director's Cut kjem i sal for Wii U, PlayStation 3, Xbox 360 og Windows. Vi såg spelet under eit arrangement i London, og turen dit blei betalt av Square Enix.

Siste fra forsiden