Sniktitt Donkey Kong Country Returns

Kongen på haugen

Verdas beste gorilla er tilbake i kjend stil.

KÖLN (Gamer.no): Det er ikkje mange spel frå Super Nintendo-tida som bringer tilbake like mange vakre minner som Donkey Kong Country-serien, og då spesielt det første banebrytande spelet. Den vanvittig lekre grafikken var for ein revolusjon å rekne, og saman med fantastisk musikk og nokre av dei beste plattformsekvensane på denne sida av Mario, nagla Rare sine gorillaeventyr seg til tavla som evige klassikarar.

Det er med andre ord ikkje så rart at det kriblar litt ekstra i både armar og bein når ein ser Donkey Kong hoppe ut frå trehytta si, før han legg i veg på eit nytt eventyr i god gammal stil. Alt akkompagnert av herlege jungeltrommer. Dette nostalgiske steinkastet tilbake i tid kjem frå Metroid Prime-utviklaren Retro Games, og om testnivåa på Gamescom-messa er noko å måle etter, får vi akkurat det vi har venta på.

Gorilla i storform

La oss ha det heilt på det reine: I essensen er Donkey Kong Country Returns ein blåkopi av dei gamle klassikarane. Med andre ord er dette veldig godt nytt for dei som har sakna eit godt gammaldags plattformspel.

Han er tilbake!
Han er tilbake!

I Gamescom-demoen fekk eg prøve meg på fleire forskjellige område, og det ser absolutt ut til at variasjonen er på plass. Eg hoppa og dansa meg gjennom både ein tropisk jungel og mørke grotter, og det heile er presist, krevjande og veldig underhaldande. Spelet blir presentert i ein stil som er så godt som identisk med liksom-3D-en i Super Nintendo-spela, sjølv om fargespekteret ikkje er like kraftig i kantane.

Det beste med spelet ser ut til at vi faktisk får ei god utfordring. Dette er ikkje eit plattformspel der du veit nøyaktig kva du skal gjere fleire sekund før det skjer. Spelet krev at du har timing og presisjon, for den minste slurvefeilen kan sende deg skrikande ned i avgrunnen.

Det beste dømet på dette er ei bane der eg fekk køyre på vogner over gamle skiner på same vis som i gode gamle Donkey Kong Country. Du kan velje om du berre vil satse på å overleve, men for dei som gjere alt hundre prosent, finnest det nok av livsfarlege distraksjonar. Nivåa er fulle av bananar, og her og der finn du ein raud ballong som gjev deg fleire liv.

Å fange desse når du susar over skinner i ein nådelaus fart, er derimot ikkje fullt så enkelt. Når dette er ei utfordring som kjem som eit tillegg til pålagt hopping mellom vogner, eksplosive tønner og illsinte fiendar, har du eit spel som kjem til å tvinge deg til ein omstart meir enn ein gong.

Det ser likevel ikkje ut til å bli for vanskeleg. Donkey Kong Country har ein svært fin balanse mellom harde utfordringa og den herlege meistringskjensla du får når du endeleg har nådd mål. Samtidig bydde alle dei forskjellige nivå eg har prøvd på noko unikt og forskjellig.

Var det nokon som sa Anger Management?
Var det nokon som sa Anger Management?

I luft og på land

Sjølv om Donkey Kong Country Returns minnar ekstremt mykje om dei gamle klassikarane spelet hentar namnet sitt frå, er det likevel nokre nye grep som er gjort for å føre spelet inn i vår tid. At spelet nyttar 3D-grafikk i staden for 2D tillet til dømes utviklarane å byggje nivå i fleire plan. Ei kanontønne kan til dømes kaste deg langt inn i bakgrunnen og tilbake igjen på kort tid, samtidig som forskjellige element som ei diger flodbølgje kan slå inn på banene for å riste på dynamikken.

Dette er ikkje noko som direkte endrar spelet, men det er eit friskt pust som hindrar det frå å utelukkande vere dei gamle spela med nye brett.

Ein ting som definitivt er ved det gamle er Donkey Kong og den vesle krabaten Diddy Kong. Spelet kan spelast aleine eller saman med ein ven, og samkøyring mellom dei to primatane vil bli nødvendig. Til dømes har Diddy no ein liten rakettmotor på ryggen som kan brukast for å kome seg over større avstandar. Om Diddy hoppar opp på ryggen til Kong vil dette samtidig la Kong kome seg fram til stadar han elles ikkje kan nå. Denne motoren kan i tillegg brukast til å nå skjulte skattar og bananar, noko det absolutt ser ut til å vere nok av i spelet.

Ved sidan av dette er dei gamle triksa absolutt til stade. Donkey Kong kan hamre i bakken, rulle som ei bowlingkule, og hoppe på fiendar som skrik ut og fell mot bakken med artige animasjonar. Eg har ikkje sett noko til dei gode gamle ridedyra og andre medlem av Kong-familien, men det burde ikkje overraske nokon om fleire kjære skapningar endar opp i spelet.

Ein av mange kritiske situasjonar
Ein av mange kritiske situasjonar

Konklusjon

Det ser absolutt ut til at Retro Studios veit kva som skal til for å lage eit solid Donkey Kong Country-spel. Spelet er fullt av forskjellige utfordingar, om det så er rein plattformhopping, surfing på vogner, eller presisjonsskyting med kanontønner. Sjølv om spelet ikkje gjer mykje nytt, får vi akkurat det vi kjenner og elskar frå før, ispedd nokre nye element som friskar opp kvardagen.

Med presisjon og høgt tempo kombinert med kløktige utfordringar og engasjerande leiting etter skattar, er det svært lite som står i vegen for at Donkey Kong Country Returns kan sende primatane tilbake til toppen av salslistene. Donkey Kong og kompani har riktig nok hatt nokre eventyr sidan glansdagane på Super Nintendo, men gorillaen har alltid vore best i sideskrollande plattformspel. Med mindre dette utspelet gjer deg rasande og får deg til å brøle om rein provokasjon, bør du definitivt sjå fram til at Donkey Kong endeleg er tilbake der han høyrer heime.

Eg vil ikkje bli overraska om dette spelet får både store og små til å sitje side om side med like brennande engasjement.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen