Sniktitt

DuckTales Remastered

Bli med, a-ha! På eventyr med Ole, Dole, Doffen!

SAN FRANCISCO (Gamer.no): Eg vil tru mange av våre lesarar er hakket for unge til å ha fått med seg plattformklassikaren Ducktales då den dukka opp i 1990. Om du derimot er gammal nok, er det ein stor sjanse for at du hugsar dette spelet med eit varmt hjarte. Det var eitt av desse enkle konsepta som fungerte uhyre bra i praksis, hadde fokus på alle dei rette elementa, og skapte enorm moro i prosessen.

Under PAX East-messa i slutten av mars kunngjorde Capcom at dei erfarne animatørane hos WayForward jobbar med ein ny og oppussa versjon av klassikaren. På GDC-messa i San Francisco fekk eg sjølv gleda av å ta eit gjensyn med Onkel Skrue og nevøane hans.

Mineracing er framleis på moten.

Ny vri

Det er litt som å bli slått i mellomgolvet å høyre den velkjende DuckTales-låta igjen etter mange, mange år. Eg hugsar godt ei Disney-lydbok som fekk køyrt seg alt for mange gongar i kassettspelaren i mine yngre år. Tittelskjermen på DuckTales blei i så måte ein slagkraftig nostalgitripp. Sjølv om den gamle og utslitne kassetten var på norsk, tok eg meg sjølv i å nynne med på den engelske versjonen.

Nok om det. DuckTales er tilbake, og det i heilt ny og særs lekker form. WayForward har god erfaring i å presentere spel med handteikna figurar, og DuckTales kjem ikkje til å skuffe nokon. Onkel Skrue, nevøane og ulike skurkar kjem til live som aldri før. Alle figurar, om det så er heltar eller skrømt, er animerte for hand. Dei står som ein fargerik og tydeleg kontrast til alle bakgrunnar som er bygde opp i 3D.

Dette kunne lett skapt litt visuell uro, men resultatet er det stikk motsette. Tekstureringa er i elegant teikneseriestil, og med dei 2D-animerte figurane på topp glir det heile veldig fint saman. Utviklarane oppnår nesten den same kontrasten som ein i teiknefilmar får mellom animerte figurar og statiske bakgrunnar. Dei tydelege figurane på skjermen gjer det samtidig uhyre lett å ha full oversikt over kvar alt er til ei kvar tid.

I tillegg til den nye grafikken har WayForward gjort nokre grep for å forklare betre kvifor DuckTales-gjengen er på eventyr. Dette blei aldri godt forklart i originalen, men i denne nyversjonen får vi små historiesnuttar som set scena, og desse blir brakt til live av alle dei offisielle Disney-skodespelarane. Historiesnuttane vil krydre heile spelet, og vil bli brukt for å gi kontekst og bakgrunn der det tidlegare ikkje var noko.

Dei handteikna figurane står som ein flott kontrast til 3D-bakgrunnane.

Hoppekroken

DuckTales er ufyseleg enkelt å få taket på. Dette er ein god ting. Du tek kontrollen over godgretne Onkel Skrue, og ved sidan av å gå fram og tilbake og klatre i kjettingar har han eitt primært verkty; hoppestokken. Du kan ta eit lett hopp, og halde inne knappen for å hoppe konstant eller for å hoppe høgre. Ved sidan av dette kan han slå til eit par ting, men det er hoppestokken som står i fokus, og den aleine gjer spelet til stor moro.

Du veit kva du har å forhalde deg til, og vi møter ingen avanserte element som på nokon måta kan forkludre opplevinga. Gjennom sitt enkle system vinn DuckTales store poeng gjennom logiske og smarte nivå. Det blir sjeldan så vanskeleg at ein stangar hovudet i veggen, men det byr samtidig på nok utfordring til at ein konstant kosar seg stort. Nivået eg fekk bryne meg på var sydd saman av fleire små rom som saman skapte noko større. WayForward har gjot enkelte endringa her og der i forhold til originalen, men ikkje så store at ein eigentleg merkar det, og kjensla ein får av å spele er som i gamle dagar.

Mi oppgåve denne dagen var å redde Ole, Dole og Doffen som sjølvsagt hadde blitt kidnappa av B-gjengen. Trinn for trinn måtte eg utforske eit slott for å finne skurkane. På vegen måtte eg hoppe på andemumier, finne skjulte gangar, rutsje langs skinner i vogner, og til slutt hoppe nokre gongar på nokre B-gjeng-medlem utkledd som spøkjelse. Eg kan ikkje seie eg på noko punkt var skikkeleg utfordra, men det var uhyre moro.

Ei utfordring kan vere å få tak i kister som er nesten umoglege å nå.
Les også
Anmeldelse:

Konklusjon

Det er litt vanskeleg å forklare kvifor eg kosa meg stort med DuckTales. Kanskje er det litt av nostalgien som kryp tilbake og kilar meg lett, for nivået eg fekk prøvd meg på utfordra meg ikkje på nokon måte. Eg kan samanlikne det med å spele Super Mario World igjen. Eg har runda det skremmande mange gongar og det er like moro kvar gong, sjølv om du aldri døyr.

Slik er det å spele DuckTales. Du veit kva du skal gjere, du veit korleis du gjer det, og alt som kan gå gale er at du feilkalkulerer eit hopp. Men det er likevel fantastisk moro, og den barnlege gleda eg fekk av å spele er verd si vekt i gullet til Onkel Skrue. DuckTales ser på alle måtar til å bli ei verdig restaurering av ein gammal klassikar, og bør bli perfekt underhaldning for både dei minste, dei godt vaksne, og alle midt i mellom. Om ikkje gjer eg som Onkel Skrue og et hatten min.

PS: For eit par vekar siden var originale DuckTales tema i vår retro-podkast. Hør episoden hvor vi mimrer om hoppestokker, musikken og de varierte brettene.

Les også: Gjensyn med Mikke Mus-klassikeren Castle of Illusions
Les også: Rayman Legends-utsettelsen åpnet for nytt innhold

Siste fra forsiden