Sniktitt

Fairytale Fights

Sukkerspinnmassakren

Årets valdelegaste spel kjem frå sidelinja med eit ballespark.

Om du har spelt Castle Crashers på Xbox Live Arcade kjem du garantert til å kjenne deg igjen i Fairytale Fights. Det er eit sideskrollande spel sett til eit sukkersøtt eventyrland, der din viktigaste agenda er å massakrere alt som kan krype å gå.

Et par minutter spillscener.

Du vel ein av fire tilsynelatande små born, og saman med opp til tre andre spelarar – enten lokalt eller over nett – vil du kunne kaste deg ut i eit spel der blodet sprutar, og kroppsdelane flyg i takt med korleis du svinger det varierte våpenutvalet som inneheld både kuttevåpen, slagvåpen og skytevåpen. Dei forskjellige våpna fungerer alle rimeleg godt, sjølv om skytevåpna har kort levetid. Går du tom for ammunisjon kan du ikkje fylle den opp, og må difor finne eit nytt våpen. Dette blir nok ikkje noko problem, sidan fiendane slepp frå seg mange godsaker, og du kan blant anna bruke kaniner som drapsobjekt om du ikkje skulle ha noko anna tilgjengeleg.

Enkelt og umiddelbart

Kampsystemet i spelet baserer seg i hovudsak på å bruke analogstikka til å svinge våpenet i ein av fire retningar. Det er er flytande og meistringskjensla er umiddelbar. Før du veit ordet av deg har du kløyvd deg veg gjennom bølingar med Hans og Grete-kloner, og det einaste som ligg igjen, er ein blodpøl, og kreativt massakrerte kroppar. Spelet har ei forholdsvis raffinert «oppdeling» av kroppar, og ein kroppsdel vil bli kutta der du treff.

Spring du til dømes rundt med ei øks, og treff fienden i panna, vil han miste hovudet frå panna og opp. Kappar du han i ein fot, vil han miste foten, og hinke rundt til du har kappe av enda nokre lemmer. Blodbadet veks i intensitet når du kastar deg ut i ein fatalitetsmodus der du med nærbilete får sjå korleis du hånar skaparverket med blodig effektivitet. Kva som skjer i denne modusen varierer i tillegg etter kva våpen du bruker. Om du brukar eit skarpslipt våpen, vil du som sagt lage hakkemat av fienden. Om du derimot brukar ei klubbe eller liknande, vil du få eit røntgenbiletet av fienden, der du visst nok skal kunne mose skjelettet med høg presisjon, noko eg ikkje er heilt sikker på om eg kan seie meg einig i.

Barnsleg blodbad

Når du gjer noko utsøkt valdeleg vil dei same nærbileta som frå fatalitetsmodusen sprette opp i eit breitt og loddrett bilete på skjermen. Akkurat dette er noko av det eg stiller meg kritisk til, sidan dette nærbilete gjer det umogleg å sjå kva som skjer bak det. Når personen eg spelte saman med fekk hjerne og galle til å sprute, skygga nærbiletet av blodbadet over karakteren min, slik at eg ikkje såg noko som helst. Om fire spelarar skulle få nærbilete saman, står ein i fare for at ingen av dei ser noko som helst.

Fairytale Fights er visuelt sett eit svært enkelt, men samtidig veldig pent spel. Det er ei veldig god lyssetjing i spelet som får ting til å hoppe ut av skjermen, og dette fungerer veldig godt saman med dei stiliserte formene. Dei sterke fargane gjer samtidig sitt til å få heile spelet til å sjå ut som om det er laga av ekstremt store mengder sukker.

Denne grafiske stilen kjem godt med i spelets mange plattformsekvensar. Der du ikkje hakkar laus på Hans og Grete, vil du måtte springe langs taubaner, og kome deg gjennom forskjellige farlege hinder. Kjøtøkser fell frå himmelen, bandsager roterer framfor deg, og ein fallem kan raskt opne seg under deg. Det er ikkje overdrive avansert, og ser ut til å fungere temmeleg bra. Skulle du vere så uheldig å døy, er det heller ingen grunn til å fortvile. Ein gravstein dukkar opp der du møtte din ende, og eit kjapt knappetrykk får deg tilbake i aksjon.

Fairytale Fights hakker seg inn på Xbox 360, PlayStation 3 og PC i løpet av høsten.

Siste fra forsiden