Sniktitt

Heavy Rain

Utrygt for regn

Endeleg har vi fått kloa i Fahrenheit-skaparens neste eventyr.

Heavy Rain startar med at du i rolla som familiefaren Ethan må gjennom ei hinderløype som hadde fått Indiana Jones til å rødme. Først må du stå opp av senga, og labbe heile vegen til toalettet. Med ryggen mot kameraet sender du ein gyllen dusj i retning den kvite telefonen, før du utan å vaske henda går mot vasken for å pusse tenna. Med valdelege rykk hiv du kontrollaren opp og ned, og fram og tilbake i eit tappert forsøk på å redde tenna dine frå den visse undergang.

Sa eg hinderløype? Å pusse tenna i Heavy Rain er den største utfordringa eg så langt har møtt. Spelet registrerer ikkje rørslene dine så godt som det burde, noko som sørgjer for at du må riste meir enn du veit å setje pris på.

Etter denne kondisjonsdrepande seansen ber det inn i dusjen der du får eit godt overblikk over Ethan sine velmodellerte rumpeballar, før du må riste på kontrollaren igjen for å tørke håret.

Så snart du er rein og vakker kan du leggje ut på dagens store test: Ei vandring gjennom huset. Her kan du utforske eit designerkompleks som garantert kostar meir enn Ethan eigentleg har i banken. Du kan sjå på TV, høyre på radio, ete nokre druer, og kanskje til og med lene deg opp mot vindauget for å studere trafikken i nokre minutt, medan du lurer på kva du skal bruke dagen til.

Gjesp meg i hel

Eg kan forstå kva produsent David Cage vil her. Han vil setje oss inn i livet til denne småbarnsfaren før alt går til helvete. Det er greitt det. Det er òg heilt greitt korleis vi på roleg vis får ein grundig leksjon i korleis spelet fungerer. Alt det der er greitt. Problemet er at det er noko av det mest keisame eg nokon gong har vore ute for i eit spel. Alt dette kunne ha blitt gjort raskare, betre, og mykje meir underhaldande.

Vi får likevel ein solid instruksjon i korleis du skal oppføre deg i Heavy Rain. I staden for å gå med analogstikka som i alle andre spel, held du inne R2. Dette vil få person du styrer til å gå framover, og det eliminerer veldig effektivt alle retningsproblem ved skifte av kameravinkel. Det kan av og til bli litt vrient å halde styring på personen når ein skal snu for å gå ein annan veg, men dette er ikkje så vedvarande at det blir ein irritasjon.

For det meste vil du bruke den høgre analogstikka for å utføre forskjellige handlinga. Du kan til dømes dytte oppover for å plukke opp noko, og til sida for å opne ei dør. Det heile er veldig fornuftig sett saman, og kontrollaren endar opp med å bli ei naturleg forlenging av armane dine. Rørslene du må utføre er naturlege, og små bilete av ei retning, eller ein knapp, dukkar opp over ting du kan gjere noko med.

Gummisko

Eg har eigentleg stor forakt for alt som har med Ethan å gjere. Han erfarer noko forferdeleg tidleg i spelet, men spelet gjer ingen god innsats i å få deg til å bry deg om han. Alt du gjer er keisamt, og dei emosjonelle scenene feilar fullstendig i å gripe deg. Det blir rett og slett vanskeleg å bry seg. Ikkje før vi får eit rollebyte, og trer inn i skoa til den lett overvektige privatetterforskaren Scott Shelby byrjar spelet å likne på noko eg verkeleg kan glede meg til.

Les også
Anmeldelse: Heavy Rain

Ei dyster stemning senkar seg umiddelbart over spelet i det privatetterforskaren stig ut av bilen sin, og opnar døra til eit skitent hotell. Etter å ha funne fram til riktig rom, byrjar han å stille ei kvinne med verdas eldste yrke nokre spørsmål. Først vil ho ikkje ein gong sleppe han inn, men gjennom kontekst-sensitive knappetrykk får du kjapt hindra ho frå å stenge døra. Samtala mellom dei to gir deg nokre enkle val i korleis du vil føre dialogen, og om du vel å prøve å lure ho, eller spele på sympati, kan få eit sterkt utfall for kva svar du endar opp med.

I staden for å velje heile setningar frå ei liste, vil enkle ord som signaliserer kva retning du vil ta dialogen i, dukke opp rundt Shelby. Dette gir spelet ein litt umiddelbar innfallsvinkling som let deg utføre samtaler på instinkt i staden for nøye tenking, og dette fungerer veldig bra.

Kort tid etter at Shelby har fått vite det han vil, eller må bite i seg at dama ikkje vil snakke, endar han opp i ein hektisk nevekamp mot ein av kvinna sine mindre sympatiske kundar. I eit hektisk tempo vil du måtte trykke inn knappar for å få overtaket på bastarden. I staden for eit konvensjonelt kampsystem der du har ein knapp for forskjellige typar angrep, har utviklarane valt å gå God of War-ruta. Om Shelby skal slå eller forsvare seg vil kvar handling bli lagt til ein fornuftig knapp på kontrollaren. Det er mest som om kontrollaren er ein kropp, og kvar knapp blir ei handling.

Såleis blir kampane mykje meir hektiske enn ein sjefskamp i God of War. Du må konstant vere i forkjøpet, og om du ikkje rekk å trykke inn ein knapp i tide, vil resultatet blir at Shelby blir mørbanka, og deisar inn i kjøkendisken med overbevisande kraft. Denne kampen er faktisk noko av det mest vellukka med alt eg har sett av Heavy Rain så langt. Det er så umiddelbart og kaotisk at du verkeleg kan kjenne på kroppen korleis kvar handling tel.

Ujamnt ytre

Heavy Rain er utan tvil eit veldig pent spel, og spesielt i mørkare scener blir dette tydeleg. Scott Shelby er ein person modellert, detaljert og framstilt med ein perfeksjon eg ikkje har sett maken til. Om du trudde Uncharted 2: Among Thieves såg bra ut, har du noko i stort i vente. Shelby er ein person det verkeleg går an å tru på. Skodespelet og stemma passar perfekt til den noko robuste framtoninga hans, og han har eit uttrykksfullt andlete som verkeleg overbeviser.

Igjen blir familiefaren Ethan eit problem. Han er ekstremt godt detaljert, men det er noko veldig flatt og livlaust over han. Han ser overdrive deprimert ut frå første stund, skodespelet held ikkje nivå med resten av ensemblet, og han er farleg nær Uncanny Valley.

Denne variasjonen mellom hovudpersonane går i tillegg igjen i dei forskjellige miljøa. Her og der er det ting som hoppar ut på ein skjerande måte som bryt heilskapen. Ein mørk hotellgang er så overbevisande at du nesten innbiller deg at du kan setje foten inn i den, medan eit lyst rom raskt avslører at dette trass alt er eit spel. For det meste er dette likevel eit vanvittig pent spel. Småting som skurrar kjem først og fremst av at heilskapen er vanvittig bra, og såleis gjer ujamne detaljar lettare å sjå.

Ein ting er i alle fall sikkert; eg har aldri sett eit spel med ein så truverdig person som Scott Shelby. Om det er ein maktdemonstrasjon frå Quantic Dreams, rå kraft frå PlayStation 3, eller ei solid blanding av begge deler, skal eg ikkje spekulere for mykje i.

Konklusjon

Heavy Rain lovar bra. Det byrjar forferdeleg dårleg, men det tek seg gradvis opp til å engasjere og pirre tankane. Dette er eit spel som tør å gå nye vegar. Det handlar ikkje om krig og heftig action, og det er veldig forfriskande. Alt eg har sett så langt har ikkje overbevist meg i like stor grad, men spelet blir meir og meir interessant for kvar time som går. Diverre stogga tekniske problem med testversjonen meg i å halde fram på nøyaktig det tidspunktet der det blei mest interessant, og dette har hindra meg i å få eit godt innblikk i korleis kapitla om Ethan utviklar seg.

Ein ting er i alle fall veldig sikkert: Dette er eit spel som går nye vegar, og om høgdepunkta i testversjonen er noko å gå etter, kan dette bli eit av dei viktigaste spela i 2010.

Heavy Rain utvikles eksklusivt til PlayStation 3, og er ventet i sal første kvartal 2010.

Siste fra forsiden