Sniktitt

Homefront

Intens geriljakrig

Endeleg eit spel som verkeleg tør å fortelje ei vaksen historie.

KÖLN (Gamer.no): Eg må ærleg talt innrømme at eg er forferdeleg lei av spel der du i rolla som ein eller annan amerikansk supersoldat skal lede ditt land til total siger i framande land. Eg er lei alle bolertryna som på patriotisk vis skal vise kvar sjefen sin stol står. Av denne nette grunn ser eg veldig fram til Homefront. Dette spelet er riktig nok godt planta i Amerika, men i motsetning til ein del andre spel er du ikkje lengre ein uovervinneleg helt i spissen for eit superrike som ser på sjølv som ei forlenging av Guds arm.

I samarbeid med den respekterte produsenten og manusforfattaren John Milius (Rome, Red Dawn med meir), har Kaos Studios skrudd saman ei historie som blandar aktuelle hendingar med ei dystopisk framtid. Etter Kim Jong-ils død, har sonen hans tatt over, og Nord-Korea har gått av skaftet. Om du trudde angrepet på eit Sør-Korea var eit vågalt trekk, får du tru om igjen.

Livet går vidare

Som far, som son

Kort tid etter at makta er i hende har Jong-ils avkom prestert å «foreine» Nord og Sør til eitt rike. Etter dette ballar det på seg. Det eine nabolandet etter det andre gir etter, og Korea utviklar seg som den pandemien fjorårets svineinfluensa aldri blei (alvorleg talt WHO, trudde dere eg kjøpte den?).

Vårt eventyr i spelet startar etter at Korea har gått til åtak på dei amerikanske statane, og okkupasjonen er eit faktum. Vi blir introdusert for ein leir der fleire overlevande har etablert seg. Det som umiddelbart blir svært tydeleg er at utviklarane har eit auge for detaljar som grensar til galskap. Overalt er det truverdige element som pustar liv inn i verda. Vi finn gamle leikar, verkty, stativ fulle av planter, og din guide gjennom leiren informerer om at alt dei et dyrkar dei sjølv.

Vandringa gjennom leiren viser mange provisoriske løysingar for å overleve. Solceller dannar energi, netting heng mellom tre og bygningar for å hindre koreanarane i å sjå leiren ovanfrå. Overalt er det nokon som jobbar med eit eller anna, om det så er tekniske duppedittar som må reparerast, eller dyrking av mat. Det heile er ekstremt overbevisande. Grafikken er flott, og alle dei små detaljane i leiren får det heile til å sjå ut som noko som faktisk kunne ha eksistert. Det ser ut som om folk faktisk bur her. Ingenting er designa for å vere tøft. Alt er forankra i ei røynd vi kjenner godt.

I tillegg til alle dei grafiske detaljane, er det liv i personane òg. Når du går nær dei vil dei snakke til deg, utan at du treng aktivt gå inn for ei samtale. Akkurat dette er eit fint trekk som byggjer opp om verda, men dialogen kunne kanskje ha vore skrudd saman på ein litt annan måte. Det folk seier minnar nesten om korleis samtaler med tilfeldige folk i eit gammalt japansk rollespel utartar seg, i den forstand at dei blir veldig forklarande. Går du forbi ein reparatør seier han til dømes noko slikt som «Eg reparerer kretslaup, er ikkje mangel på ting å reparere her for tida». Grei info kanskje, men når kvar samtale med ein ny person startar med «Eg driv òg ...», blir det litt krampeaktig utan at det ser ut til å bli direkte irriterande.

Både stemningsfullt, vakkert, og litt trist

Kamp mot overmakta

Mykje av grunnen til at Kaos Studios vel å byggje opp det menneskelege og nære er at dei påfølgjande krigshandlingane skal ha større slagkraft. I spelet følgjer vi ei motstandsrørsle heilt frå Colorado til San Fransisco, og det blir tidleg tydeleg at dette ikkje er dine vanlege heltar. Vi spelar som ein nedskoten soldat, og saman med ein bande krigarar er det om å gjere å ta ut fiendtlege mål.

Slike handlingar demonstrerte utviklarane på så meisterleg vis under presentasjonen, at eg såg meg nøydt til å klappe etterpå. Saman med ei kvinne sneik vi oss inn på ein fiendtleg base midt på natta. Lastebilar stod parkerte hulter til bulter, og solide mengder med koreanske soldatar patruljerte området. Vår helt og kvinna kviskra og snakka til kvarandre heile tida, noko som fekk stemninga til å byggje seg opp mange hakk, samtidig som ein verkeleg fekk ei kjensle av at dette var to personar som var i ferd med å gjere noko.

Brått kom ein minivan rullande gjennom inngangsporten til basen, og stod brennande midt blant soldatane som ikkje heilt visste korleis dei skulle reagere. Dette resulterte i roping om klarsignal før eit bluss blei skote opp i lufta kort tid før eit filleristande regn av eld flamberte alt på bakken. Med dette var det heile i gong, og dramatisk og på alle måtar fengslande musikk sparka inn. Med ei sniper-rifle blei den eine fienden etter den andre plukka ned, og eg må få komplimentere dei fantastiske skytelydane.

Det er vanskeleg å få heilt ned i ord kor intens denne sekvensen var. Overalt var det eksplosjonar og skyting. Kjensla av å ikkje vere ein stor helt var samtidig fenomenal. Våre heltar var som rotter i eit hus fullt av kattar, og blei jaga frå den eine staden til den andre medan dei plukka ned koreanske soldatar. Mykje av det vi såg – som til dømes øydelegginga av eit skyttartårn våre heltar gøymde seg i då kvinna fekk pusteproblem grunna fosfor i lungene – var sannsynlegvis høgt skripta, men dette er eit spel som satsar på å fortelje ei god historie, og då kan slike hendingar blir direkte nødvendige for å få fram eit poeng.

Les også
Anmeldelse:
Burn baby, burn!

Godt nytt for PC-folk

I motsetning til dei fleste andre spel som kjem ut no for tida, demonstrerte Kaos Studios Homefront på PC. Ja, du høyrde riktig. Her var det mus og tastatur som stod på programmet, til fordel for vår kjære handkontroll. Produsenten gjorde samtidig eit stort poeng av at Homefront ikkje skulle vere ei billeg overføring av eit konsollspel. Dei har faktisk hyra inn Digital Extremes for å hjelpe til med å gjere PC-versjonen så god som mogleg, noko som bør klinge i øyra til mang ein lesar.

Fleire gode nyhende kjem i form av fleirspelarmodusen som vi ikkje har fått sjå noko av. Den vil støtte dedikerte serverar, samtidig som den vil ha ei rekkje verkty for klanar.

Sjølv om det vesle vi har fått høyre om fleirspelarmodusen høyrest positivt ut, er det utvilsamt historia som verkeleg freistar. Den ser ut til å bli både djup og aktuell, med sterke relasjonar mellom dei forskjellige personane. Naturleg nok vil den bli lineær av denne grunn, men spør du meg er det godt nytt, sidan lineære spel lånar seg mykje betre til solide historier med gripande hendingar enn kva ei sandkasse nokon gong har fått til. Fleire av områda vil dessutan bil svært store i omfang, noko som kan opne for litt utforsking.

Konklusjon

Det er for få spel som verkeleg vågar å fortelje ei moden og vaksen historie. Spel for vaksne tyder i dei fleste utviklarar sine auge berre meir blod, og kanskje litt sex om dei tør. I Homefront får vi ei hard, brutal og moglegvis sterk historie. Verda er snudd på hovudet, og landet som ein gong var ei supermakt er no redusert til grupperingar med motstandsfolk.

Nattlege tokt.

I denne verda må du kjempe mot overmakta saman med eit knippe kompanjongar, og det er smerteleg tydeleg at du ikkje er ein supersoldat. Motstanden er massiv, og dette tvingar deg til å vere forsiktig, samtidig som du er nøydt til å ta sjansar om du vil kome nokon veg. Om resten av spelet blir like intenst og stemningsfullt som det er har sett på Gamescom, kan Homefront raskt sigle opp til å ikkje berre bli eitt av dei beste spela i 2011, men eitt av dei viktigaste.

Homfront kjem til PC, Xbox 360 og PlayStation 3 tidleg i 2011.

Siste fra forsiden