Sniktitt

Majin and the Forsaken Kingdom

Eit vakkert eventyr

Blir det magi når japanarane lagar eventyr med norsk inspirasjon?

KÖLN (Gamer.no): Majin and the Forsaken Kingdom har vore på radaren min sidan Gamescom i fjor, då eg fekk sjå den første traileren frå spelet. Eit år etter var det omsider på tide å få ein kikk på kva dette spelet eigentleg går ut på, og om innhaldet kan leve opp til den sjarmerande visuelle stilen.

Majin and the Forsaken Kingdom introduserer oss for to svært forskjellige personar. Hovudpersonen som du spelar er ein liten og lett tjuv som fungerer som hjernen i duoen. Ved si side har du alltid det massive beistet Majin, ein stor koloss utan nemneverdig hjernekapasitet. Det Majin manglar i aktivitet mellom øyra, gjer han derimot godt for gjennom sjarme og ein barnsleg naivitet som gjer det lett å bli glad i skapningen berre ved å tilbringe kort tid saman med han.

Majin er eit råskinn i kamp

Dette er samtidig mykje av poenget. Game Republic vil du skal bli glad i Majin, sidan eit av hovudbodskapa bak spelet er venskap og kor sterke banda kan vere mellom to personar.

Ei magisk eventyrverd

Sjølv om Majin and the Forsaken Kingdom er eit japansk spel, har utviklarane vore til heilt andre regionar av verda for å hente inspirasjon. Då eg fortalde at eg var frå Noreg braut produsent Daisuke Uchiyama ut at landet vårt er ein stor inspirasjon, før han gjekk vidare til å fortelje om korleis Europa og europeiske eventyr som til dømes dei frå Brødrene Grimm har vore ei kraftig kjelde for kreativiteten under utviklinga av spela.

Den første måten ein merkar dette på er gjennom historiesekvensar som blir fortalde som i ei gammal bok med fargerike bilete der sterke silhuettar og stemningsfulle komposisjonar pirrar fantasien. Det heile framstår nettopp som eit av desse gamle eventyra. Utviklarane vil gjerne vekkje ei nostalgisk kjensle som får deg til å tenkje på eventyra mora di kanskje las til deg då du var liten.

Majin og den vesle tjuven vil i praksis fungere som ein hovudperson. Du vil heile tida måtte ty til Majin for å løyse forskjellige utfordringar. Dei to har svært forskjellige eigenskapar, og der den eine er svak, er den andre sterk. Tjuven er til dømes ikkje mykje tess i kamp. Han kan handtere ein fiende eller to, men blir lett overmanna. Majin er derimot ein koloss som kan slå livet ut av det meste utan større problem. Ein vellukka kamp vil samtidig byggje opp om den sjarmerande interaksjonen mellom dei to, der Majin med ei djup stemme stolt vil skryte av prestasjonane sine med svært enkle setningar som mest av alt får han til å minne om eit lite born.

Eit vidare ledd i samarbeidet er at dei to heltane må hjelpe kvarandre om den eine har teke skade. Dei kan ikkje fikse helsa si sjølv, men må ty til kvarandre for ei hjelpande hand i harde situasjonar.

Eit uvanleg par

Problemløysing

Sjølv om det ser ut til å vere ein del kamp i spelet, er dette langt frå det einaste Majin and the Forsaken Kingdom har å by på. Eitt anna av måla til utviklarane er å vise at ein ikkje treng hundrevis av zombier for å skape ei utfordring. Det treng heller ikkje vere valdeleg, og akkurat her kjem eit av spelets største element inn i biletet. Spelet vil by på mange tankenøter som vil variere i vanskegrad, men som i grove trekk vil vere mykje vanskelegare enn kva den koselege grafikken skulle tilseie.

Eit døme på ei av dei enklare problema radarparet kjem over er ei rampe som har kilt seg fast. Her må Majin til verks med ein av dei fire magitypane sine (flamme, vind, krystall og lyn) for å starte ein motor som i tur let tjuven dra i ein spake. Det er kanskje ikkje det mest spanande dømet på jorda, men det heile vil utvikle seg langt utover dette, med komplekse situasjonar der ein må utnytte både Majin si styrke og magiske eigenskapar, men tjuven sine fordelar grunna ein mindre kropp.

Skulle ting likevel bli for vanskeleg vil du kunne finne forskjellige tips omkring i spelet, som regel i form av små dyr som held til i områda rundt utfordringar. Desse dyra, som til dømes ei mus som vil dukke opp fleire gongar i løpet av spelet, kan du snakke med og såleis få viktig informasjon som kan vise deg vegen vidare.

Les også
Anmeldelse:

Potensiale for gjenspel

Om du går frå start til slutt utan avsporingar vil Majin and the Forsaken Kingdom ta deg mellom tjue og tretti timar å runde, spelet er likevel fullt av potensiale for å vare lengre. Kreftene til Majin vil gradvis utvikle seg og bli kraftigare gjennom spelet, og dette vil gje deg sjansen til å kome deg forbi hindringar du tidlegare ikkje kunne gjere noko med.

Din beste ven?

Har du til dømes fått ei ny kraft eit stykke ut i spelet, og brukar den til å løyse ei oppgåve, vil du i same slengen kanskje kome på at du såg noko liknande tidlegare i eventyret. Med dette i tankane kan du gå tilbake til gamle område for å kanskje finne ein skjult skatt eller to som kan gjere resten av eventyret lettare.

Konklusjon

Korleis Majin and the Forsaken Kingdom vil utarte seg i det lange løp er ikkje godt å seie, men det er noko ved dette spelet som pirrar fantasien noko heilt hinsides. Det er ufatteleg sjarmerande og vitnar om eit sterkt ynskje om å lage eit spel med hjarte og sjel. Kampane og oppgåvene eg har sett er på ingen måte grensesprengjande, men dei ser ut til å vere engasjerande nok til å halde deg gåande. Om det heile veks i omfang slik utviklarane lovar, kan det derimot bli veldig interessant.

Det som er den store styrka til spelet er ein veldig sjarmerande presentasjon som verkeleg dreg deg inn. Om Game Republic oppnår målet om å få spelaren til å knyte nære band til Majin og tjuven, og samtidig fortel ei god historie, kan dette spelet absolutt bli verd å få med seg.

Majin and the Forsaken Kingdom blir tilgjengeleg 25. november, på Xbox 360 og PlayStation 3.

Siste fra forsiden