Sniktitt Max & the Magic Marker

Den danske revolusjonen

Endeleg eit skikkeleg godt, gammaldags plattformspel. Med ein vri.

Ok, eg elskar dette. Eg skal ta ein brå start og berre spytte ut litt elsk for dette spelet som eg definitivt trur kjem til å bli ei herleg lita perle. Eg elskar det, og sidan det er frå Danmark elskar eg danskar òg.

Max & the Magic Marker har alt. Det har herleg gameplay, grisefeit musikk, og best av alt, det er i vakker og hundre prosent todimensjonal grafikk. Heilt sidan Super Mario World øydela fingrane mine for snart tjue år sidan, har eg tørsta etter ei slik kjensle. La oss ha alt på det reine her, dette er ikkje eit plattformspel i høgt tempo, og minnar eigentleg ikkje direkte om gode Herr Mario. Braid blir nok ei betre samanlikning. Dette er eit spel der ting går sakte føre seg, og du må kanskje tenkje litt for å kome vidare.

Fyll din tusj

Max er etter alt å døme ein liten gut på ikkje så alt for mange år som endar opp med ein tusj som kan lage ting i den verkelege verda. Først ut er eit monster som likar smaken av måling, og det var vel eigentleg alt som skulle til for å starte eventyret. Max vandrar frå venstre mot høgre, hoppar på ting, og held fram med å tråkke.

Så langt er det ingenting å bli for ekstatisk over, men så er det denne tusjen til Max då. Med den kan du teikne inn ting i spelet. Det er ikkje akkurat eit spel som rivaliserer LittleBigPlanet, men i staden eit spel som gir deg ei utfordring, og let deg teikne din eigen veg gjennom problemet. Du kan ikkje teikne eit våpen, eller ein bil, men i staden ein tjukk strek som blir eit solid objekt i Max si verd.

Som sagt er dette eit plattformspel, og Max må bruke tusjen for å kome gjennom forskjellige hindringar. Om du må nå ein avsats, men ikkje er i stand til å hoppe høgt nok, kan du berre teikne inn ein stige eller ein stein som gir deg noko å ta tak i. Om du finn ei tung sky full av syreregn i din veg, kan du berre teikne eitt tak, og spasere vidare.

Utfordringa kjem først og fremst gjennom at du heile tida har berre ei lita mengde måling i tusjen din. Ved kvart sjekkpunkt vil monsteret Max teikna innleiingsvis stele all målinga di, og du må finne ny. Her kjem eit veldig godt brukt element i så godt som alle plattformspel inn i biletet. Du må plukke små målingsklumpar for å fylle pennen din, og desse er ikkje alltid like enkle å få tak i.

Om du skal ha ein klump som ligg langt over deg, må du gradvis finne vegen oppover, og gjerne plukke med deg meir måling på vegen. Det heile er skrudd saman på ein svært smart måte som får deg til å tenkje. Du trur kanskje du har funne den perfekte løysinga, berre for å innsjå at du tek fullstendig feil, og må prøve på ny. Det spesielle med Max & the Magic Marker er at eit feilgrep ikkje frustrerer deg, sidan det ikkje er spelet sin feil. Det er du som ikkje har funne ein god nok innfallsvinkel, og du blir i staden motivert til å tenkje ut nye måtar å få Max vidare på.

Kamerafrys

I visse situasjonar blir utfordringa større enn å berre lage ein stige oppover. Her og der kan du til dømes finne spinnande hjul i vegen, noko Max ikkje har godt av å lande på. Her vil du måtte ta i bruk ein snedig funksjon som let deg fryse biletet. Når du gjer dette, vil det heile gli over frå den vakre grafikken, til å sjå ut som om det er teikna av ein liten unge.

Eit døme på ein slik situasjon med hjul, er korleis Max kan hoppe opp over hjula, før du frys biletet medan han er på sitt høgste punkt. Etter det er det berre å teikne inn eit surfebrett (OK, ein oransje strek) under han, og når du hentar fram igjen det ordinære biletet, vil ha rutsje på denne til han er på trygg jord igjen.

Medan ein spelar er det vanskeleg å ikkje la seg fengsle av den herlege presentasjonen. Grafikken er kjempesøt og triveleg der sterke fargar og enkle former bringer Max og verda rundt han til live på ein nydeleg måte.

Det beste er likevel musikken. Det går i slapp kontrabass, veldig slapp tromme, og ei ukulele som tidvis sender tankane tilbake til nettopp Super Mario World. Det er ein fabelaktig musikk som verkeleg set den perfekte stemninga for eit lett og ledig eventyr.

Konklusjon

Max & the Magic Marker er nok ikkje ein stor produksjon, men i staden eit godt døme på korleis dei mindre spela kan vere minst like spanande som dei store. Ved første augekast er Max' eventyr eit veldig typisk plattformspel som held godt fast på alle kjenneteikna for sjangeren. Introduksjonen av ein penn som let deg teikne rett på skjermen, gir derimot det heile ein heilt annan dimensjon. Du blir nesten litt kreativ av dette spelet, og det får tannhjula til å gå der du pønskar ut korleis du skal kome deg vidare.

Med triveleg grafikk, genial musikk, og så gjennomført gameplay som dette, er det i alle fall ingen tvil om at eg gledar meg stort.

Max & the Magic Marker kjem i sal på WiiWare i løpet av årets første kvartal.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen