Sniktitt

Murdered: Soul Suspect

Du er død. Det kan du ikkje finne deg i.

LONDON (Gamer.no): Du ser ein person hive deg ut frå eit vindauge slik at kjeven din blir introdusert for kald asfalt. Du ser han plukke opp pistolen din og skyte deg i brystkassa fleire gongar. Kva gjer du?

Folk flest sig nok bort i det store intet med ei bitter mine, men om namnet ditt er Ronan O'Connor vil du i staden sutte litt på sigaretten i munnvika di, og brette opp ermane.

Murdered: Soul Suspect er eitt av få spel i nyare tid som har fått meg til å stire på skjermen i vantru. Grunnen er såre enkel. At nokon lagar eit tydeleg påkosta spel som gjer noko så unikt og spesielt er ikkje kvardagskost. I Murdered: Soul Suspect får vi det som ved første augekast kan sjå ut som eit actioneventyr i same gate som Resident Evil, men som kjapt viser seg å vere noko heilt anna. Dette er eit mordmysterium der du brukar langt meir tid på å studere åstadar og leite etter spor, enn å jage noko som helst.

Å vere vitne til sin eigen død er ikkje kvardagskost.

Kven drap deg?

Spelet kjem frå Airtight Games, eit studio som har ei litt variabel merittliste, men det gjer ikkje Murdered: Soul Suspect mindre interessant. Før vi i det heile kjem i gang med spelet er det ein veldig spesifikk ting du vil leggje merke til. Ronan er svært ulik det meste vi har sett på hovudrollefronten i nyare tid. Han er verken skalla eller spesielt muskuløs. Han kler seg pent, i polerte sko, fin bukse, vest og ei knappeskjorte med opprulla ermar. På hovudet har han ein fedora som han i motsetning til 99% av resten av verdas befolkinga kler rimeleg bra. I munnen ligg ein sigarett han praktisk nok aldri eigentleg treng tenne fyr på sidan han er, vel, eit spøkjelse.

Heile spelet går ut på å finne ut kven som drap deg, og kvifor. Det byrjar med at Ronan hukar seg ned over sitt eige lik og studerer i vantru det som har skjedd. Allereie her ser ein lett kor viktig karakteriseringa av han kjem til å bli i spelet. Små detaljar i andletet når han tenkjer over ting, korleis han leikar med fingrane når han sit på huk og studerer detaljar. Det er lett å sjå at utviklarane har lagt stor flid i å presentere Ronan på ein bestemt måte, noko som er viktig sidan han ikkje kan gå i direkte dialog med nokon.

Korleis skal ein så løyse eit mysterium når ein strengt tatt ikkje kan avhøyre nokon? Første punkt er å studere området du er i. Hengande i lufta vil du finne skrift som symboliserer tankane til Ronan. Orda kan peike deg inn på nye spor og ting du kan utforske. Samtidig kan du overhøyre samtaler, og til og med ta over levande menneske. Du kan gå inn i dei og høyre kva dei tenkjer. Du kan sjå kva dei ser, og du kan få vite ting dei veit. Samtidig kan du plante dine eigne minne inn i dei for å kunne bruke kombinasjonen av deg og ein annan person sine minne for å kome fram til ein konklusjon som kan sende deg vidare.

I limbo finn vi mykje okkult smågodt.

Når ein først skal kome fram til ein konklusjon endar ein opp med mange ulike ord på skjermen som må sorterast. Plasserer du dei i rett rekkefølgje vil Ronan etter kvart kome fram til kva som har skjedd i ein gitt situasjon, og eit tilbakeblikk vil utspele seg. Det blir nesten som eit puslespel av ord eller post-it-lappar der ein sorterer seg fram til riktig konklusjon.

Fanga i limbo

Som spøkjelse har du både fordelar og nokre alvorlege restriksjonar å forholde deg til. Vi held oss i byen Salem, og her har folk ein tendens til å velsigne husa sine. Dette betyr at spøkjelse ikkje berre kan rusle inn sånn heilt utan vidare. I staden må du finne ein måte du kan få nokon til å hjelpe deg inn på. Er døra først open kan du rusle inn, og når du først er inne kan du gå gjennom veggar og møblar så lenge du held deg innanfor husets fire veggar.

Det ser absolutt ut til at spelet kan klare seg heilt fint utan actionelement, men slik blir det likevel ikkje. I limbo er det fleire skapningar enn deg, og nokre av dei vil deg særs vondt. Ulike demonar kan gå laus på deg, men ingenting eg såg vitnar om at dette blir noko som gir spelet eit solid actionfokus. I staden må du pønske ut korleis du vil gå fram for å bli kvitt ein demon. Til dømes kan du ta over ein levande person for så å snike deg bak ein demon og ta knekken på den kjapt og effektivt.

Rundt omkring i limbo vil du finne mange ting som kan hjelpe deg vidare. Til dømes kan du finne spor av ting som har skjedd før. Du kan sjå om personar har vore på ein åstad, og på denne måten kan Ronan finne ut at det faktisk var eit vitne til den kriminelle handlinga som enda med at Ronan tygde asfalt. Slike ting sender deg naturlegvis vidare på sporet av vitnet slik at du kan kome enda eit steg nærare eit svar på kva som skjedde.

Les også
Mange League of Legends-kamper de kommende dagene
Du kan skape litt kaos ved å heimsøke folk.

Konklusjon

Vi har sett nokre profilerte detektivmysterium dei siste åra, men dei er defintivt ikkje dagleg kost. Sjølv om L.A. Noire og Heavy Rain har gjort det godt, er dei to tydelege tårn i ei regelrett livlaus audemark. Det er difor svært spanande at nokon andre prøvar seg på å lage moderne eventyrspel noko utanom det vanlege.

I Murdered: Soul Suspect sitt tilfelle sit vi igjen med svært mange spørsmål, men det vi har fått sjå har vore svært interessant. Spelet oppfører seg på mange måtar som eit tradisjonelt eventyr i tredjeperson, men det du faktisk gjer i denne verda minnar mykje meir om eit gammalt peik-og-klikk-eventyr. Mekanikkane Airtight har skrudd saman for å la deg løyse mysteriet spelet byr på ser samtidig temmeleg solide ut, og bør kunne by på ein del hovudbry.

Spelet er derimot rimeleg låst i korleis du kan gå fram, og vil ikkje by på fleire vegar å gå. Så lenge dei utfordringane vi endar opp med å stå ovanfor held solid kvalitet, og historia endar opp som det engasjerande slaget, bør ikkje det vere noko problem.

Les også: The Last of Us er en følelsesladd historie du sent vil glemme
Les også: Kroken på døra for L.A. Noire-utvikleren igjen

Murdered: Soul Suspect kjem i sal for Xbox 360, PlayStation 3 og Windows i løpet av 2014. Vi opplevde spelet på et pressearrangement i London. Turen dit ble betalt av Square Enix.

Siste fra forsiden